🌲 Skogen på kroppen – gåve frå naturen 🎁 - Vossabia

🌲 Skogen på kroppen – gåve frå naturen 🎁

Det er noko heilt eige med å få  Skogen på kroppen. Berre tanken gjer meg glad. Duftene av einer, furu og eukalyptus stig opp i dusjen og fyller rommet med rein, frisk natur.  

Vil du prøve den vilt deilige Skogen på kroppen og? Denne veka får du eit  gratis reisesett med mini Skogssåpe og mini Sjampo med ville urter  når du handlar for over  650 kr!

Kaia nyter eit deilig elvebad med sjampo og skogen på kroppen 🤩

Eg må berre prøve å skildre duften som fyller panner og hus når me koker einer, og som til slutt når flasker som blir sendt til folk i heile landet og som gjer den så vilt populær. Når eineren kokar, fyller duften heile huset med ein aroma som er vanskeleg å skildre perfekt – men som er lett å elske djupt – djupt slik eg innhalerer når eg tek lokket av pannen. 
 
Det er som om  frisk fjelluft, grøne nåler, blå einebær og solvarm harpiks møtest i same pust. Du kjenner den  krispe, klare og oppkvikkande  duften – som eit kjølig pust frå fjellet, eller som ein slurk iskaldt vatn på den lange turen.

Samtidig er einerduften  jordnær og treaktig, med eit hint av krydra varme som gjer den både  beroligande og oppkvikkande på same tid. Ho gir deg følelsen av å stå midt mellom mosetrestubbar og frisk vind – den får deg til å puste djupare, stå stødigare og smile kjem garantert fram – og det djupe gode sukket. 

Dette er duften av skog som lever. Av frisk luft, treverk og kraft. Og det er akkurat den duften som gøymer seg i kvar flaske Skogen på kroppen.

Frå skog til såpe – ekte handverk med røter og historie 
Einerbuskane veks berre nokre hundre meter frå tunet vårt. Me går dit til fots – eller på ski når snøen ligg djup – og klypper av dei nydelege greinene som så får putre lenge i småkokande vatn. Etter koking trekker einerteen vidare over natta og fyller huset med vilt deilig duft. Slik blir det til den  kraftfulle einerlågen  som utgjer hjartet og basen i Skogen på kroppen, vår populære skogsåpe.
 
Når eg løftar lokket av panna og den friske duften stig opp, blir eg salig. Det luktar som å puste inn sjølve livet – det er nesten som eg føler meg som ein del av skogen og av endelaus historie - og eg veit at me held ein gamal tradisjon levande. 
Fyller korga med einer 💚 

📜 Ei lita historie frå garden
 
Oldefar  Brynjulv  brukte eineren til  ølbrygging  her på garden – slik mange gjorde før i tida (og no der tradisjonar lever i beste velgåande). Einerlåg gav både smak, kraft og rens til brygget.

I generasjonar har altså eineren vore brukt her hjå oss – først til ølbrygging, så til hårvask og hudpleie, og no sender eg sonen min  Emil på ølbryggekurs – så sirkelen blir komplett! 💚 

Tenk det, at den same planten som oldefar brukte i bryggekjelen i eldhuset, no blir brukt i dusjen til å rense, heile og pleie. Naturens sirkel – heilt ekte og heilt Vossabia. 

✨ 5-i-1 – eit lite under frå skogen

Det mange ikkje veit, er at Skogen på kroppen er ei vill og velduftande 5-i-1-såpe!  Du kan bruke den som:

🌲 Kroppssåpe – frisk, rensande og balanserande – og mjukgjerande
 
💧 Intimsåpe – perfekt pH og naturleg mild
 
💆 Sjampo – gir glans, styrke og frisk hovudbotn. Varier med Sjampo med ville urter
 
🌿 Balsam-effekt – mjukgjer utan å tynge håret
 
🌸 Ansiktssåpe – reinsar, fjernar sminke og smuss, god mot kviser, og held på hudas naturlege fukt

Den rensar grundig – men etterlet huden mjuk, balansert og med naturleg fukt bevart. 
I motsetnad til dei fleste såper som tørkar ut, så gir denne huden ein frisk glød, fuktar huden og gir hud og kropp ein lukkerus. 

💚 Einer – skogens apotek 
 
Einer er ein ekte multikunstnar! Busken har vore brukt i over  3000 år  i folkemedisin og til skjønnheit – frå oldtidens Egypt til norske stølar og stover. 
Her er noko av det einer gjer for deg: 
 
🌿 Reinsar og balanserer huden – perfekt for urein hud og kviser 

✨ Førebygger tilstopping av porer – og reduserer overflødig talg – perfekt for kvisehud 

💧 Bevarer hudas naturlege fukt – utan å tørke ut 

🌲 Antibakteriell og antiseptisk – reinsar utan å irritere 

💆Mot flass og irritasjon i hovudbotn – gir frisk og blank glans
 
💚 Stimulerer sirkulasjonen og sinnet – du kjenner deg lettare, gladare og meir oppløfta
 
Det er som å få eit lite stykke naturmedisin i kvar dråpe såpe.  


Ei duft som løftar og gjer enormt godt

Duften av einer, furu, eukalyptus og eit hint av frisk sitrus gir både ro og energi på same tid. Og denne sprøtt deilige duftsamansettinga er ein av hovudgrunnane til at kundar er ville etter Skogen på kroppen!
 
Såpa er knalloransje – farga av einerlågen som blir oransje etter lang koking – og aromaen stimulerer. Ei sanseoppleving du sjeldan opplever i dusjen.  

Einerduften er verkeleg noko heilt for seg sjølv –  klar, frisk og oppløftande som ein fjellbris, men samstundes  varm, treaktig og trygg. Du kjenner at den har det reint grønne i seg, men også det levande, harpiksaktige som minner om ved og varme. 

Det er ein duft som  vekker kroppen, men roar og løftar sinnet. Det verkar som eg tek hardt i her no, men å stå i dusjen med  Skogen på kroppen  er altså ei oppleving i seg sjølv – eit lite skogsbad heime i dusjen.  

Dusjfavorittar ☺️

Skogens heltar – komplett einerkolleksjon 🌿
 
Viss du no vart gira på einer du og, og vil ha endå meir einer i livet ditt så kan eg tipse om heile einerserien vår: 
 
💚 Kroppsbalsam – mjukgjerande og styrkande urtepleie frå topp til tå, med ville urter frå garden og einer eterisk olje 
 
🌲 Skog deodorant – frisk og naturleg antibakteriell, med diskret og deilig einerolje 

🌿 Sjampo med ville urter – med einebærolje og viktige ville vekster som får den til å skille seg frå alle andre sjampoer 

🧡 Skogen på kroppen – hjartet av heile einerserien 

Skogens heltar i sitt rette habitat 😉


🎁 Ei gåve frå skogen  
Denne veka feirar me altså skogens gåver med ei gåve frå oss:
 
👉 Fyll handlekorga til 650kr  i nettbutikken, legg til eit reisesett med mini Urtesjampo og mini Skogssåpe   og skriv  SKOG  i rabattkodefeltet i kassen – så får du reisesettet heilt gratis!
 
Perfekte små flasker å ha med på tur, i treningsbagen, gymbagen, på hytta og helgeturen. Og fyll på dei om att og om att med dei store flaskene, så har du same flaska lenge. 
 
Tilbodet gjeld ut veka, til og med søndag 2. november

🌲 Ta skogen med deg i kvardagen
 
For meg handlar Vossabia om å leve med naturen, ikkje berre av den. Når eg står og haustar einer i snøen når vinteren kjem snart, då kjenner eg skikkeleg tydeleg kor utruleg sjenerøs naturen er – og kor fint det er å vere ein del av denne sirkelen. 

Så pust djupt inn neste gong du dusjar – og kjenn: 
Du har verkeleg  Skogen på kroppen 💚 

Helsing frå Renate og Vossabia-teamet 🐝💛 
Dronningbia 🐝 i Vossabia