Eg er altså i Østerrike på internasjonalisering via skulen min Voss Videregåande. Her jobbar eg som skiinstruktør saman med fem andre frå Villmarks-klassen min i ein liten by som heiter Kappl. Me skal vere her i ein månad, så du kan berre tenka deg kor mykje Vossabia eg har med 🐝!
Gjett om me treng Vossabia her i Alpane då!
Tre veker med jobb er forbi og det er utruleg kor mykje ein kan oppleva på berre nokre veker 🎿✨! Kvar dag har sjølvsagt starta med å smøre ansiktet inn med Vossabias deilige Solkrem! Høgst nødvendig her då me jobbar i Sunny Mountain resort, eit namn som passar veldig godt då det i gjennomsnitt er ca. 200 soltimar her i månaden 🌞! Så brilleskille kan eg love deg at det har blitt!
Lufta her er ganske så tørr då me er på 2500m! Myntelepper er då redninga 💋! Kvar pause vert den sendt på runde blandt gjengen, for alle har lyst på lika mjuke og fine lepper som meg 😉
Solkrem og Myntelepper kvar dag og heile tida her på Solfjellet i Kappl!
Jobbdagane her er veldig kjekke med mykje leik og godstemning blant skiinstruktørane og barna ein underviser, men det er også svært energikrevande 😅 Å ha kontroll på opp til 15 born frå 3 år og oppover ned skibakkane kan være ganske så slitsamt. Plutseleg er det ein unge som faller, ein som setter utfor i hockey i hundre og hevette, nokon som mister skia, nokon som grin, nokon som slåss, osv. Eg kan fint innrømma at i slutten av desse dagane er eg ganske så gjennomsveitt og gåen 😮💨
Heldigvis har eg Vossabia sin heilt naturlege smørbare deodorant 🙌! Min favoritt duft er heilt klart «sensuell», så i staden for å lukte sveitte så luktar eg ei deilig, rund og tiltrekkande duft 😏!
For sjølv om eg heng med rampungar heile dagane er det jo fint å lukte herleg! Om eg vil ha litt forandring bytter eg til Sitrusdeo for å få ei forfriskande duft i staden. Det er altså mangt å velja mellom då me har heile fem forskjellige deodorantar 😍!
Jobbdagane her er veldig kjekke med mykje leik og godstemning blant skiinstruktørane og barna ein underviser, men det er også svært energikrevande 😅 Å ha kontroll på opp til 15 born frå 3 år og oppover ned skibakkane kan være ganske så slitsamt. Plutseleg er det ein unge som faller, ein som setter utfor i hockey i hundre og hevette, nokon som mister skia, nokon som grin, nokon som slåss, osv. Eg kan fint innrømma at i slutten av desse dagane er eg ganske så gjennomsveitt og gåen 😮💨
Heldigvis har eg Vossabia sin heilt naturlege smørbare deodorant 🙌! Min favoritt duft er heilt klart «sensuell», så i staden for å lukte sveitte så luktar eg ei deilig, rund og tiltrekkande duft 😏!
For sjølv om eg heng med rampungar heile dagane er det jo fint å lukte herleg! Om eg vil ha litt forandring bytter eg til Sitrusdeo for å få ei forfriskande duft i staden. Det er altså mangt å velja mellom då me har heile fem forskjellige deodorantar 😍!

Etter slike harde arbeidsdagar er det høgst nødvendig å ta seg ein god dusj med Skogen på kroppen og sjampo med ville urter for å bli rein og fin 🛀 Eg sjølv synest at Skogen på kroppen er heilt nydeleg på kroppen, men også i håret!! Så eg har faktisk berre den med meg hit til Østerrike.
Med så mange solrike dagar har me alle fått naser som kan minne om flassande klovnar, i allefall etter dei dagane der det har gått litt fort i svingane og eg har gløymt solkremen (ikkje sei det til mamma! 🤫). Rose- og rødkløverskrubb reddar våre stakkarslege nasar 👃! Ein deilig skrubbings av ansiktet og vipps er nasen flassefri! Og ikkje minst mjuk og god.
Endå mjukare og bedre blir det om du smører deg inn med Ringblomstsalven eller Tindved og Nesle etterpå, då dei begge er perfekte aftersun-produkt! Visste du at tindved (som og er i solkremen) faktisk kan reparere solskader!! Det er så rått!
Tindved & Nesle i mitt 🧡
Ringblomstsalven er ikkje berre nydeleg som aftersun, men også til utruleg mykje anna. Me plar kalle den vårt Husapotek, for uansett kva det er så er Ringblomstsalven som oftast redninga. Den er rett og slett ein «must have», og definitivt ein del av både velvere- og fyrstehjelpspakken når ein er på reise 🙏 Er det noko som plagar nokon i gjengen så kjem dei til meg – Ylva, har ikkje du noko magisk heksebrygg frå mora di som kan hjelpe på det her? Sjølvsagt! Svarar eg då og dreg fram Ringblomstsalven 🧡
Ingrid fekk utslett på armen hin dagen, men det er jo null problem når det berre er å smørje på litt av denne fantastiske oransje salven - vips gjekk det frå raudt og vondt til heilt vekke på berre nokre dagar. Tuva har eit sår som ikkje vil gro, null stress 😆! Ringblomstsalven fikser då den er utruleg sårhelande. Grunna den veldig sårhelande effekten er den også perfekt for kviser og aknehud. Bendik har slitt ein del med dette og spurte meg derfor om å ta med ein 100ml Ringblomstsalve til han til turen, då hans var tom før me reiste. Han elskar den rett og slett, og fortel at den hjelper utruleg bra på å hele arr, men er også perfekt på å gje han den fuktigheita og næringa huda hans treng då han no går på «ISO», noko som gjer huda ekstra skjør og tørr.

Ingrid's absolutt favoritt? Det er Mjuke hender sjølvsagt! Her oppe i kalde og tørre alpefjellet vert hendene fort lika inntørka som ein overprisa afterskipizza 🍕 For å unngå dette smørjer me oss berre inn med denne deilige handkremen. Eit lite strøk med Mjuke hender og vips har du det salven lovar i navnet sitt, MJUKE HENDER 🤲 Det er ein luksuspause frå alle skrikarungane når me i heisen finn fram denne silkemjuke skatten med ei herleg duft av rose og lavendel. Blir ikkje betre!
Det berre boblar når Ingrid får tak i ein Mjuke Hender!
Musklane vert overraskande nok ganske så såre etter å ha køyrt i plog ein heil dag, og ikkje minst løfta x-antal barn som faller berre ein bles på dei. Då er det ganske fantastisk og avslutta dagen med å smørja seg inn med helande Panterbalsam saman med Kroppsbalsam. All vondt og verk forsvinn på eit blunk, og i tillegg sit ein igjen med babymjuk hud!
Panterbalsamen har ikkje berre redda musklane våre, men også stakkar Anna, då ho dessverre har vore sjuk den siste veka 🥺 Anna har fått det meste som går ann å få og har derfor lagt mykje til sengs der ho har bada i Panterbalsam. Alle dei gode urtene i denne magiske salven hjelper svært bra på hovudverk og tett nase.
Litt siging i stolen, slitne og møre ungdomar.
Livsstilen som skiinstruktør er elles ganske så prega av store mengder afterski, altså skikkeleg liv og røre 🎿! Det er alltid kjekt å gjere seg klar for ein gøyal kveld med leikne skiinstruktørar frå ulike land, og då er det nokre produkt eg absolutt treng for å gjere kvelden komplett. Under sminka bruker eg Tindved og nesle for å få ein ekstra fin glød og smidig fin hud. Kan bekrefta at dette vil gjere deg ekstra vakker og at ein er garantert eit par kompliment utover kvelden ✨!
Og sjølvsagt - når afterskien kallar, og eg vil gå frå skibakke til strålande kveldsglød, finst det eitt produkt eg aldri hoppar over: Bringebærlepper 💋 Ja du kjenner kanskje igjen dette produktet frå ein giveway me hadde for ei lita stund sidan? Snart vil den komme for salg og då er det berre å løpe å kjøpe! For med eit lite strøk med Bringebærlepper på leppene, og vips – eg ser ut som eg har flirt meg gjennom halve afterskien før eg i det heile har kome inn døra.

Før og etter Bringebærlepper! Afterski here I come!
Ein kjapp dæsj på kinna og så plutseleg har eg den perfekte, naturlege rosafargen – perfekt blush, akkurat som om eg nettopp har fått ein sjarmerande kommentar frå ein kjekk skiboms. Skal du sjarmere i vinterkvelden, er dette den vesle hemmelegheita du treng. Men pass på – du kan fort ende opp med like mykje oppmerksomheit som afterskiens DJ 🎧!
Håpar de likte dette reisebrevet, og at det vart inspirerte av å høyre alle dei forskjellige måtane me bruker Vossabia`s himmelske produkt på her i alpene ⛰. Det var kjekt å få moglegheita til å skrive til alle dykk, våre fantastiske kundar! De er verkeleg heilt eineståande og det er så utruleg å lese gjennom alle dei strålande, rørande og ofte morosame tilbakemeldingane 💕. Det er berre å legge igjen ein kommentar på dette nyheitsbrevet også, var det bra eller heilt grusomt? Eg fekk litt prestasjonsangst når storebror Emil fekk så mykje kred for sin epost. Uansett, så vil eg gjerne vita det! Kanskje de høyrer frå meg og igjen i eit anna nyheitsbrev (for mamma treng litt tid til å utvikla fleire produkt ho seier ho går gravid med ;) men da skal ikkje skrivast i kveld for no er det tid for AFTERSKI! Snakkes 🫶💋

Tusen takk for oppmerksomheita di og at du gadd å lese alt saman! Takk for meg og skal helsa frå min gode ven Adrian!