Sensuell styrkar samlivet! ♄ - Vossabia

Sensuell styrkar samlivet! ♄

For ei stund sidan dukka det opp ein mann pĂ„ trappa mi. Med blomar i handa spurte han etter meg 💐 Om det var eg som var Vossabia. Ja, det stemmer det sa eg, og trudde han kom frĂ„ blomebutikken med ein leveranse. Ja, dĂ„ var han kome rett, og han ville sĂ„ gjerne gje meg blomar sa han, som takk. Takk for Sensuell! đŸ™đŸ”„

Historia om Sensuell endar ikkje der, og den er ikkje unik i seg sjĂžlv heller. Mange er takksame for denne deilige saken đŸ„° Men, det unike er at denne mannen kjĂžpte blomar, kĂžyrde ut av byen og inn i bygda, langt av garde, heilt opp pĂ„ denne fjellhylla oppi bratte bakkar, for Ă„ takke đŸ„č Det er sĂ„ rĂžrande og sĂ„ sterkt. Og historia hans sit difor spikra hjĂ„ alle oss her oppe, og me er takksame for hans openheit og evne til Ă„ dele ĂŠrleg og nydeleg. Og no delar me den vidare, etter oppfordring frĂ„ mannen ❀

Den gode mannen fortalte sĂ„ nakent og ĂŠrleg ute pĂ„ trappa mi om korleis samlivet hadde endra seg etter at kona fekk plager i forbindelse med overgangsalder. Slimhinnene vart svĂŠrt tĂžrre og sĂ„re, og det var meir vondt enn godt med sex 😖 Dette vedvarte, og seksuallivet leid meir og meir under vonde plager. Dei prĂžvde alt dei kom over og alt dei fekk rĂ„d om av ulike typar glidemiddel. Dei fleste hjalp ikkje i det heile, og nokon gjorde vondt verre 😞
 
Etterkvart var det ikkje berre seksuallivet dei sleit med, men heile samlivet vart prega av dette. Ekteskapet var ikkje lenger slik det hadde vore.
 
Men, sĂ„ fekk dei tips om Ă„ prĂžve ut Vossabia SensuellÂ đŸ”„â€ïž

Eg ser han for meg pÄ trappa der, korleis han lyste opp nÄr han fortalte vidare om korleis det gjekk frÄ vondt til vakkert og Sensuell endra alt. Han satte skriftlege ord pÄ det ogsÄ, dÄ denne fine eposten kom i etterkant:

"Vi har erfart at det ble utfordrende med tÞrre og sÄre slimhinner etter
overgangsalderen. Sexlivet ble ikke som fĂžr og det ble negativt for
ekteskapet. Da vi prĂžvde Sensuell trodde vi nesten ikke det var mulig đŸ€”
Ingen plager eller smerter etter vi begynte Ă„ bruke den đŸ˜± helt
fantastisk! Den fĂžles naturlig, behagelig og etterlater huden og
slimhinner silkemyk. Andre glidemidler har vi opplevd som klissete,
limaktig og tĂžrker fort ut.
Veldig takknemlig for et fantastisk produkt som har betydd veldig mye
for oss 🙏"

Dette gir meg sĂ„ utruleg glede og drivkraft, dette er kjernen i kvifor Vossabia fins ♄ Det at folk oppdagar kor fantastisk hjelp ein kan fĂ„ av det nĂŠre, enkle og naturlege đŸ’šđŸŒ±
 
Den gode mannen var opptatt av Ă„ dele dette med flest mogleg:
"Dette produktet mÄ alle i heile verden fÄ vite om! Alle gynekologar og sexologar mÄ fÄ vite om Sensuell og anbefale det, og du mÄ reklamere for Sensuell overalt, det er viktig!"

Det er ikkje alltid nok med ei krukke 😅 
 
Og det er jammen sant! Det er berre ikkje sĂ„ lett Ă„ reklamere for Sensuell, for til og med navnet gjer at Meta/Facebook gĂ„r heilt i lĂ„s og set pĂ„ alle bremsar og avviser annonsa đŸ€š For det er jo forkasteleg og uanstendig Ă„ snakke om intimitet og sensuelle saker mĂ„ du vite! Det er faktisk umoralsk fĂ„r eg streng beskjed om frĂ„ Meta 🙄 Javel ja. Å sukk og stĂžnn! đŸ˜€

Men heldigvis har sĂ„ mange fine folk rundt i landet oppdaga denne herlegheita vĂ„r, som straks har vore ein viktig del av Vossabias sortiment i 18 Ă„r đŸ«¶
 
Eg utvikla Sensuell i 2007, og det er ikkje berre mine nattbord som har blitt pynta med den raude boksen, og Sensuell er absolutt ikkje berre for dei med plager knytt til overgangsalderen đŸ„°Â Sensuell finn ein pĂ„ nattbord og i skuffene til dei under 20 og dei over 80 og alt i mellom:

Heldigvis fortel mange kundar at det er fleire gynekologar đŸ‘©âš•ïž som har fĂ„tt augene opp for Sensuell etter mange nydelege tilbakemeldingar frĂ„ pasientar og brukarar av denne magisk deilige saken 💖 Den gode mannen og kona hans har delt sin viktige historie i hĂ„p om at andre ogsĂ„ oppdagar Sensuell, og det er sĂ„ herleg Ă„ lese dei ĂŠrlege og direkte tilbakemeldingar folk deler 👇

I gĂ„r var eg invitert pĂ„ lunsj med Erna Solberg som var innom Voss ein liten tur pĂ„ valkampsturne pĂ„ Vestlandet. Ho ville mĂžta nokre fĂ„ grĂŒndarar, blant anna Vossabia 🐝 og hĂžyre litt om ulike utfordringar knytt til Ă„ vere grĂŒnder og drive bedrift i distriktet 😼💹 Det er ikkje berre lett det, men nĂ„r eg driv med noko sĂ„ meiningsfylt som eg meiner Vossabia er sĂ„ gĂ„r det bra, og det er lett Ă„ hente ny energi og motivasjon frĂ„ naturen som omfavnar meg, frĂ„ dei magisk gode produkta vĂ„re, og frĂ„ dei fantastiske kundane đŸ’ȘđŸ’šđŸ„°
Det var sĂ„ moro Ă„ posere med Sensuell i vinden pĂ„ fjellet at knappen pĂ„ puppen spratt opp! PĂ„ meg altsĂ„, ikkje Erna😅😂
Eg tenker det kanskje  er tĂžffare Ă„ vere politikar. SĂ„ i eit forsĂžk pĂ„ Ă„ gjere kvardagen og kvelden lettare og kjekkare sĂ„ hadde eg med ein Sensuell til Erna 😉 SĂ„ no hĂ„par eg at den raude boksen vil gje Erna masse glede og ekstase framover, bĂ„de saman med Sindre og aleine! For det er det den er meint for: For ho og han aleine og saman! 💕
FĂ„ meir Sensuell og sensualitet inn i livet 💖
Pakketilbod: til kjĂŠrasten ❀
essensiell sensuell Pakketilbod: Den sensuelle dama
deodorant sensuell
essensiell sensuell
Vil du auke opplevinga ytterlegare sĂ„ tilrĂ„r eg denne lille nydelege Essensiell Sensuell, med gylne drĂ„par som forfĂžrer! Drypp pĂ„ bryst eller mage, eller bruk som parfyme 💕

Helsing frÄ Voss,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia