💋 Sensuell fyller 18 år – og me feirar med gåve, duft og lidenskap! 🔥 - Vossabia

💋 Sensuell fyller 18 år – og me feirar med gåve, duft og lidenskap! 🔥

Tenk det – Sensuell, vårt himmelske glidemiddel og intimsalve, er blitt vaksen! Dette må sjølvsagt feirast med ei ekstra forførande overrasking og gåve til deg 🎁 

Frå uskyldig pubertet til trygg, glødande modenheit – Sensuell har funne seg sjølv, og det nydelegaste er at resten av landet har og funne godsaken! 😍 Det er stort for meg.

Hurra for Sensuell, som i 18 år har endra og styrka intime liv – frå meir ekstase til å lindre smerte og ubehag! 🎉

Eg utvikla Sensuell i 2007 fordi eg var lei av at noko så vakkert som sex og intimitet ikkje vart løfta fram, snakka om, og dessverre for mange forbunde med skam, plastikk og kjemikal.

Eg ville gje folk noko ekte – ein erotisk salve som styrkar nærhet, opnar opp og aukar glede i samlivet, gir glidande glatte opplevingar, pleier underlivet og tenner livsgnisten. Jadå, intet mindre 🤩 For tru meg: Den gjer det. Folk takkar meg! ❤️

Ei kvinne sa nyleg: «Den redda seksualiteten vår. Alt blei levande igjen.»

Andre kundar er minst like fornøgde: 

💞 La oss snakke om sex – på ekte

La oss vere ærlege: Sex og samliv er noko dei fleste tenker mykje på, men snakkar altfor lite om.

Altfor mange slit med tørrhet, smerte, usikkerhet og tapt lyst – og altfor få veit at det går an å få tilbake nytelsen, erotikken og gnisten. 

Der kan Sensuell kome inn som ein reddande engel med fløyelshud og blomsterduft. 

Den eksotiske og forførande duften av ylang ylang og kardemomme og glatte, deilige konsistensen pirrar sansane skikkeleg!

Altså, eg veit at det kan vere komplekse årsaker bak utfordringer knytt til intim- og seksualhelse, og eg prøver ikkje å forenkle og bagatellisere det.

Men, eg vil løfte fram denne deilige, naturlege og trygge Sensuell som veldig mange har testa – og ELSKAR! 

Sensuell salve er ofte ekspert i å lindra, smøre, stimulere og vekke kroppen – heilt naturleg. 

Kundar har kome til meg og fortalt at gynekologar anbefaler den, spesielt til kvinner i overgangsalderen, fordi den gir fukt og velvære utan irritasjon.

Er du klar for å oppdage kva Sensuell kan gjere for DEG?

Men Sensuell er ikkje berre for dei med utfordringar.

Den er for alle som vil kjenne meir, leike meir, og leve meir. Tenker du: å, eg har eit heilt fantastisk sexliv og treng ikkje slikt. Då er eg enormt glad på dine vegne!

Men, eg vil likevel tipse om at det beste kan til og med nå nye høgder med Sensuell. Hehe, store sterke ord, fordi me har levd med den i 18 år og berre veit det 😍 

🔥 Ei salve for hyrdestunder og fristunder

❤️ Så ta deg tid til ei god fristund – åleine eller saman. Utforsk, kjenn, le, og bruk fantasien.

Sensuell er så glidande og sanseleg at berre det å smøre seg med den er som eit lite forspel i seg sjølv.

Her heime har me ein på kvart nattbord, slik at ho alltid er innan ei armlengdes avstand (noko eg varmt anbefaler 😏). 

Som ein fantastisk open og ærleg mann kom på døra mi og sa: Denne bør heile verden få vite om! Du må reklamere meir for den! 

La den få spele på alle sine strengar, så merkar du at den gjer noko heilt spesielt med deg og dykk: Gir ny glød, pirrar nysgjerrigheita, og krydrar alt frå kvardag til julaften 😉

Det er som å oppdage kvarandre – eller seg sjølv – på nytt. 

Sensuell salve - Vossabia

Kjøp Sensuell Salve her!

 

💦 For kvinner – og menn!

Sensuell har hjulpe tusenvis av kvinner å finne tilbake til kroppen sin, men den gjer verkeleg underverk for menn òg! 

 

Når kroppen blir sliten, stressa, eller avstengd, kan Sensuell vekke til liv igjen – er du i den av livets overgangsfaser med tørrare slimhinner så er Sensuell uunnværleg og den skil seg frå anna du finn på markedet! 

Sensuell salve har kun naturlege og økologiske ingrediensar, som pleiar huden, styrkar intimhelse og skapar nære, sensuelle stunder.

Prøv ein Sensuellmassasje i dei mest sensitive områda, så skjer det noko magisk. 

Lysten kjem, pusten går djupare, og kroppen seier: «Takk!» 

Eller som ein mann sa det: «Rett i planeten for oss begge 😉»

 

🌹 Essensiell Sensuell på kjøpet –  Ei erotisk og aromatisk feiring! 

For å feire 18-åringen vår får du Essensiell Sensuell – gratis – ved kjøp over 700 kr! 🎁

Tilbodet gjeld ut veka, til og med søndag 26. oktober.

Drypp nokre dråpar på handledda eller bak øyra, la dufta av rose, bergamot og patchouli sive inn og vekke noko i deg som kanskje har sove litt for lenge...

Essensiell Sensuell er nydeleg som parfyme og! 

👉 Legg Essensiell Sensuell i handlekorga og bruk koden:

SENSUELL

Drypp nokre dråpar med Essensiell Sensuell på huden din, smelt den inn i huden og la duftene forføre deg!

💋 Frå tabu til triumf 

Eg drøymer om at me skal slutte å gøyme seksualiteten bort som noko flaut.

Sex er liv, helse og healing.

Det er glede, sirkulasjon og sjølvkjærleik.

Sensuell har gått frå å vere ein liten raud boks i mi hand til å bli eit symbol på fridom, natur og ekte velvære.

Den har gjeve folk gnist, smil, og til tider – ja – ein liten revolusjon på soverommet 💥 

 

🕯️ Klar for å feire deg sjølv (og kanskje nokon andre)?

Så tenn eit lys, finn fram musikken, skrubb kvarandre med Krydra kroppsskrubb, massér med Essensiell Sensuell – og la den vesle røde boksen ta det derifrå 💋

18 år med Sensuell – 18 år med liv, lyst og kjærleik. 

 

Frå Vossabia,
med kjærleik, varme og eit lite glimt i auget 😘