Seinsommar SPA

Seinsommar SPA

🐝🌼 LØFT STEMNINGEN! Planen i dag er å overøse med tips om korleis lage seg nydelege oppskrifter til ei velfortent heimespastund!

🐝🌼Løft stemningen!

No kom endeleg sommaren her! Eller sola då ☀️ i form av dei finaste seinsommardagar! Det var skikkeleg på tide her på Vestlandet, og då gjeld det å nytte på og nyte frå naturen 💚🌼🐝

Planen i dag er å overøse med tips om korleis lage seg deilige, botaniske spa- opplevingar: skrubbar, hårskylling, gode bad og nydelege oppskrifter til ei velfortent heimespastund! Bruk blomane i hagen eller på enga, lag te til å drikke og te til å pleie hår og kropp,  bland med honning, smør deg inn med blomar og honning og krydderurter, og berre ta i mot markens grøde gjennom munn og hud og alt som er 🌼😂🐝

BOTANISK HEIMESPA! Jepp, eg lovar, det renser, løfter og oppmuntrar i det sommaren sig mot slutten. Blomar 🌸 og honning 🍯 er dessutan digg for kropp og sjel (og hud og hår sjølvsagt!)  På sommaren er det uendeleg mange planter å velge mellom, eg berre elsker sommarspa! Men no på seinsommaren er det framleis mange favorittar å velge mellom som står i full flor, og elles er det jo nokre klare godsaker på glass og krukker å bruke frå oss i Vossabia 🌸🌼.

Sjekk tipsa under, og sjå om du blir inspirert av oppskriftene nederst. Det er berre å leike og blande dine favoritter, men eg vil nett dele mine favorittar med deg!

💚Sitrande sanseleg sitrusskrubb!! Oj oj, DENNE i dusjen (tips: massere partner og omvendt i dusjen med denne, å herlighet 🤩).

Den usannsynlig deilige sitrusskrubben tar eg berre littegrann av i handa etter vatnet har nett fått renne over meg, så er det berre å massere på kroppen. Nokon gonger tek eg berre slitne bein og leggar, andre gongar armar, bryst og rumpe, og så er det jo nydeleg å ta seg tid til heil kropsskrubb i blant. Det er så godt å kjenne dei deilige, friske duftene, og føle korleis blodsirkulasjonen aukar og det kribler i hud og kropp, for så å skylle av og kjenne den mest silkemjuke huden din. Nytelse, som eg synest passar perfekt no på denne tida!

Seinsommar👣føtter

Eit anna tips: er det andre som får litt hard hud på hælane? Her merker eg at hælene, spesielt etter ein lang sommar der dei har gått og bært meg rundt, og ofte barfot, verkeleg har fått køyrt seg godt. Det blir hard hud, sprekker og ikkje så bra.  Då er det ein ting å gjere, og det er i tillegg noko så uvanleg som ein ganske QUICK FIX:kamillebalsam!! Den er heilt uunnværlig for meg! Den er rett og slett heilt fantastisk og utruleg effektiv!

Eg smører litt på hælane før eg legg meg (medan eg sit på sengekanten), og den gjer underverk over natta! Nokon gonger på kun ei natt, men er det VELDIG hard hud, så la tolmodigheten strekke seg til ei veke 😅 Mjuke, smidige og fine hælar, voila 😻

Kamillebalsam stor boks (100ml)

Kamillebalsam liten boks (50ml)

💖 Ansiktsskrubb: 

Unn deg ein luksusskrubb for ansiktet med handplukka rose og raudkløver frå Voss. Jamnleg skrubbrensing gir huden glød og fjerner døde hudceller. Auk sirkulasjon og vitalitet i huden med rose som gir mykje næring og dufter himmelsk. Raudkløver er rensande, styrkande, og svært næringsrik. 

👉 Les om korleis du kan bruke den som skrubb, ansiktrens eller ansiktsmaske på produktsida.

SeinsommerSPA :

Nydelege urter, blomar, frukter og bær som er klar på denne tida av året - ut og eksperimentere og leike, la kreativiteten og få blomstre 🌱💫 🍁
Det er selvfølgelig fritt fram for å mikse, trikse og komponere eigne deilige blandingar med dine favorittar av botaniske ingrediensar. Men eg vil gjerne dele to av mine oppskrifter til inspirasjon:

Slik gjer du:
Ta 2L vann, ⅓ dl ringblomst, ⅓ dl tørket eller frisk rosmarin og ⅓ dl tørket eller frisk ryllik, og det same med mynte og anisisop. Du begynner med å koke opp vatnet, og så hiv du i plantane og slår av plata når det har begynt å koke.

La det trekke i ca. 5 minutt.
Sil og hell oppi badet (enten badekaret eller fotbadet), og slapp av, trekk inn dei gode, varmende og energigjevande duftene!

Tips: spar litt til te 🤩🌸

💛👱‍♀️Oppskrifter med honning 🍯

Honning er hudpleiens nummer 1! Den gjer huden næring, skikkeleg djuprens, meir fukt til hud og hovudbotn (gjennom å binde fukt), leker sår og irritasjonar, gjer håret meir glansfullt og huden mjuk.

Eg brukar honning i ansiktsmasker, skrubber, hårinnpakninger, handmaske, og snart må eg prøve å smøre heile kroppen med honning og sitte i badstu 😂 har høyrt det er knall! 😅🍯 Leik deg med honning du og, tips til bruk med blomar og krydderurter under her 🐝🍯🌼

Honning i ansiktet er bra for hud og humør!

🌸🍁Seinsommarrens:

Skrubb bort smuss, auk sirkulasjonen i kinnene, og gjer huden mjuk med deilig urteduft.

Knus i stavmikser:

  • 2 ss havregryn
  • 1 knippe sitronmelisse og litt mynte frå hagen
  • Bland med 1 dl naturell jogurt + 1 ts honning

👉 Masser huden inn med deilig duftande blanding, og skyll med lunka vatn.

👱‍♀️Hårinnpakning av ringblomst og honning:

Kanskje du og, som meg, har dyrka fram den nydelege ringblomsten i hagen i sommar. 🌼🧡Den er ein heilt fantastisk universalplante, og her skal me berre blande den med honning. Me har jo masse bier her på garden som lager deilig, sødmerik honning for oss, og eg bruker og honningen vår i fleire av Vossabiaproduktene, for den er jo fullstappa i næring og fantastiske eigenskapar. Men her, for håret vårt, blir det i dag ein herleg ringblomst- og honning-innpakning:

Slik lagar du:

Finhakk ringblomsten og bland saman med honningen.

Slik brukar du:

Bruk i vått hår og stryker den utover, ev gre utover. Det er lurt å unngå å massere den inn for mye, ettersom det kan bli litt vanskelig å skylle den ut, så det held fint å stryke den utover håret og lengdene.

PS: Når du fyrst held på med denne, kan du og bruke den som ei ansiktsmaske samstundes - så får du ekstra bruk ut av blandingen din, og ekstra pleie for deg sjølv!

 La den virke, medan du slappar av og nyt i ca. 20 minutter, før du skyller den ut med varmt og godt vatn. Ny energi og herleg spenst til håret 👏 - så her er det berre å nyte!  💚

Til slutt:   

Blomar i håret 🌼🌸

 Blomar i håret er like poetisk som det er pleiande. Tips til nokre sommarplanter for håret:

Slik gjer du:

Kok opp vatn, legg i plantane du vil bruke, skru av plata, la trekke 10-15 min. Skyll håret med infusjonen/teen etter hårvask. Og spar litt til te 😘

Seinsommarhelsing frå Renate

🐝 Vossabia