🌼 Ringblomst – vakker og vilt nyttig! - Vossabia

🌼 Ringblomst – vakker og vilt nyttig!

Kvar seinsommar er farga av oransje og gult hjå oss. Ringblomstane står som små soler på stilk, og blømer til godt ut i oktober ☀️

For meg er det heilt umogleg å ikkje bli glad når eg ser denne Flower of the Sun, som ringblomsten så vakkert blir kalla ☀️

Eg vart inspirert til å skrive om denne fabelaktige og kjente helseplanten etter ei helg måla i oransje, då me plukka ringblomst både her heime på garden og i fjellet hjå Nina i Fjelldyrka, ca 40 minutt herfrå, i Bergsdalen. 

Jonatan’en min på seks år var med meg i fjellet – og han kan sjølvsagt kunsten å smake seg gjennom blomsterenga, så han knaska villig i seg ringblomster til mamsens glede, for der fekk eg lett i han ei heil rekke med supre næringsstoff 🌼

Her heime fulgte kattane etter meg då eg plukka og stod bøygd over blomane og kneip dei forsiktig av. Det er noko eige med selskap frå pusekattar når ein driv med plantearbeid – som om dei veit dette er noko viktig. 

🌼 Ei helsebringande sol

Ringblomst har vore ei elska plante i tusenvis av år, frå oldtidas Egypt og Romarriket til notidas hageflekkar på Voss, og sikkert der du er. 

Blomen blir brukt som te, mat, tinktur, olje – og ikkje minst som hudpleie. Det er ikkje utan grunn at eg kallar ho sola i husapoteket vårt.  

Den er mild, men kraftfull. Ho styrkar hud, roar ned, helar, mjukgjer og beskyttar. Ho kan takast innvendig, smørast utvendig – og gje glede berre ved å bli sett på. 

Ringblomstsalve er ein universalsalve til kvardagen og ved problem i huden. Og min favorittdagkrem, saman med Tindved og Nesle! 🐝 

💛 Ringblomstsalven – familien universalsalve

Vossabias Ringblomstsalve er ikkje berre ein god ansikts- og velveresalve, men eit heilt lite husapotek i krukke! 

Rik på ringblomstolje, kraftfull Co₂-ekstrakt av ringblomst – og med beskyttande bivoks og nøye utvalde økologiske oljer – har den i over 20 år vist seg som ein dagleg ven for hud i nød, og ikkje minst ein mjukgjerande og smidig velvereven. 

Kundane våre fortel om hjelp mot: 
✨ Kviser, akne og urein hud 
✨ Eksem, psoriasis og rosacea 
✨ Sår, arr og forbrenningar 
✨ Hemorroider og sprukne fingrar 
✨ Strekkmerker og såre brystvorter 
✨ Solbrent hud og sensitiv barnehud 

Ja, det er ikkje rart hundrevis av kunder har skrive inn på produktsida om vår ekstra effektive Ringblomstsalve når ein veit kor mange fordelar ringblomst har for huden.

🌼 Ringblomst sine gåver til huden

☀️ Roar ned og lindrar 
Når huden er raud, irritert eller klør, kjem ringblomst som ein ven og med mjuke hender roar ned huda. 

☀️ Held på fukta og styrkjer hudbarrieren 
Ringblomst er som ei lun ulltrøye for huden – varm, trygg og beskyttande, perfekt i møte med sol, vind og kulde. 

☀️ Får sår til å gro og huden til å fornye seg 
Sprekkar, skrubbsår og arr er ingen sak for denne blomen! Med sine spesielt gode sårhelande og vevsbyggande eigenskapar støttar ringblomst cellefornying og hjelper huden til å hele seg både raskare og penare. 

☀️ Hindrar uønska bakteriar i å ta over 
Med sine naturlege antibakterielle eigenskapar er ringblomst til god hjelp ved urein hud som hudormar, kviser og akne, og også ved små og store sår som treng ekstra vern frå betennelse og bakterier. Ringblomsten passar på som ein liten vakthund i hudapoteket. 

☀️ Dempar raudheit og jamnar ut hudtonen 
Mange fortel at ringblomst har gitt dei ein friskare glød – og det er ikkje rart. Blomen kan roe raud hud, dempe betennelse og hjelpe ansiktet tilbake til balanse.  

☀️ Gjev huda kraft frå naturlege antioksidantar 
Bak dei oransje kronblada gøymer det seg ein skatt av karotenoidar og polyfenolar som jobbar mot frie radikalar og stress. Resultatet blir hud som strålar og kjennest sterkare. 

☀️ Så mild, så trygg 
Ringblomst er ei plante som kan brukast av heile familien – frå dei minste til dei eldste. Blomen er sterk og effektiv, men mild i vesen, og derfor perfekt for sensitiv hud, eksem og rosacea. 

🌟 Ringblomstsalve i ansiktspleie

🌼 Dag- eller natt til ansikt og hals: Gir smidig hud, aukar elastisiteten og held på fukta.

🌼 Mot kviser: Dempar betennelse, jamnar hudtonen og minskar porer og verkar rensande.

🌼 Ved eksem og rosacea: Roar ned raud hud, lindrar kløe og ubehag.

🌼 Etter barbering: Perfekt for menn som vil roe ned huda og ha mjuk hud utan irritasjon.

🌼 Anti-age: Full av antioksidantar som kan hjelpe å redusere fine linjer. 

💆🏼♀️ Ringblomst for hår & hodebunn

Ringblomst er ikkje berre fantastisk for huda – blomen er også ein ven for hodebunn og hår. Sjekk berre her: 

🧡 Kan styrka håret frå rota, og motverka håravfall – fordi planten fremjar god blodtilførsel og gjer hodebunnen friskare.   

🧡 Kan lindra kløe, irritasjon og tørr hodebunn – med sine anti-inflammatoriske og antiseptiske eigenskapar. 

🧡 Kan hjelper med å halde håret mjukt og glansfullt –hårkur med bruk av ringblomstoljeblandingar gjer håret fyldigare, glattare og mindre skjørt.   

🧡 Mot flass og skjellande hodebunn – fordi ringblomst kan virka antiseptisk mot mikrober og sopp, og hjelper med å balansere hudcellene i hodebunnsområdet.   

🧡 Kan beskytta håret frå ytre påverknad – sol, vind og miljøstress skadar håret, men ringblomst har antioksidantar som kan verne håret og hodebunnen.  

Ringblomst finn du ikkje berre i Ringblomstsalven, men òg i alle leppepomadane våre og i begge hårseruma.

Ringblomstsalven får du kjøpt i fleire av dei gode pakketilboda våre:

Bruk Ringblomsten endå meir i kvardagen! 💛

Ringblomstsalve er med meg overalt, alltid! Og eg er no på veg ut døra for å plukke inn meir som skal tørkast, og noko skal bli til tinktur.

Før eg tek korga på armen så vil eg berre tipse om å få denne vakre blomen endå meir i bruk i kvardagen.  

Ringblomst kan du nyte synet av, du kan spise den fersk, tørke den, lage te, tinktur, olje, ekstrakt og alt dette kan du igjen bruke på enormt mange måtar! 

Nydeleg ringblomst 🧡

I husapoteket (og Vossabia sitt) har me blant anna ringblomsttinktur, som me privat har i vannglaset når det brygger på ei forkjøling eller er blitt feber. I blant dampar eg meg med favorittblomen. 

I går fekk kjerringrokk og mynte selskap av ringblomst i teen min, og eg smører meg sjølvsagt inn både i ansikt, hals, bryst, mage og underliv med den fantastiske ringblomstsalven vår.

Og ja, så heiv eg den i mikseren når eg laga blomkålris i går, og det vart knallgodt og så vakkert då!

Visste du at ringblomsten kan etast? Her laga eg ringblomst- og blomkålris til middagen!

🌼 Ringblomst har hundrevis og tusenvis av kjemiske komponentar, eit enormt mangfald av viktige samansettingar.

👉 Den har resiner, flavonoider, polysakkarider, saponiner, og viktige vitamin og mineral og så utruleg mykje anna. Så få den i bruk folkens!

🐝 Viktig påminning

Frå 1. oktober blir det ein prisjustering i nettbutikken vår.

Det er framleis nokre dagar å handle til dagens prisar – så om du vil fylle opp husapoteket ditt med Ringblomstsalve eller andre favorittar, er tida inne no 💛 

 

Varm helsing,
Renate, Dronningbia i Vossabia 🐝