Perfekt pleiepakke til ansiktet - i gåveboks💗🌸

Perfekt pleiepakke til ansiktet - i gåveboks💗🌸

Emil, Ylva og eg har samla det du treng for perfekt pleie til ansiktet! Med berre nøye utvalde ingrediensar frå den fantastiske naturen, som gir oss råstoff som faktisk og på ordentleg gir resultat 🐝🌼💚 Sjekk våre enkle hudpleierutinar nedanfor, og ikkje minst få med deg eit tips og oppskrift til ansiktsmaske du kan lage heime på kjøkkenet i påsken💆

Men fyrst, kva er våre MÅ-HA til ansiktet?

Tenåringsjenta Ylva på nesten 16 (som er tålmodig på badet), den meir kjappe og lite jålete mammaen på 48, og Emil på 19 er einige om at dette er ei fantastisk og effektiv pleiepakke for ansiktet.

Begynn med skrubbingen: Rose- og rødkløverskrubb som kan brukast som både deilig skrubb og ansiktsmaske, gje så lunsj og middag med næring frå ringblomstsalve til dagkrem og så ein herleg kveldsmat til huden med nyyydelege Tindved og Nesle som nattkrem, og i blant også dagkrem: ei herleg  pakke!

Peeling og rens med 🌹Rose - og rødkløverskrubb, som kjem i aromatisk og praktisk pulverform. Å helledussen! Denne er så utruleg god og effektiv, og ikkje minst full av rose og rødkløver frå engene her, som gir næring og vitalitet til ansiktshuden. Ylva er kjempeflink å bruke den, Emil og faktisk, men eg er jo så lat og kjapp med slikt, at det blir berre i blant. MEN, når eg fyrst bruker den blir eg heilt: ÅÅÅ, KVFOR BRUKER EG DEN IKKJE KVAR DAG!?! Så deilig er den! 🌸

Det er fleire måtar å bruke den på. Du kan lage deg ein deilig skrubb ved å tilsette bittelitt vatn, enkelt og greit! Ta ei ca ts-mengde i handa, og skvett oppi litt vatn så det blir som ein velling/tynn graut, og lag sirkelbevelgelsar og skrubb ditt fine ansikt. Skyll med lunka vatn når du kjenner det er nok. Varier gjerne med å blande skrubben med naturell jogurt, eller ein god avkjølt urtete med favoritturtene, eller kva med å blande med honning og lage seg ei maske først, som du så skrubber av etter 20 min avslapping.

Som DAGKREM er eg hekta på 🌼RINGBLOMSTSALVE, og den har vore fast kvar morgon i snart 20 år! Huden vart raskt mykje meir smidig, jevn, mjuk og ikkje minst utan hudormer og kviser. Det er også mykje tilbakemeldinger frå mange som får god og rask nytte ved eksem, rosacea, rødhet, tørre flekkar mm. Ta bittelitt, smør ut i hendene, og deretter masser ansiktet inn med liten mengde superdryg ringblomstsalve.

Ja, så er jo ringblomstsalven familiens universal, så få den på alle dine ved tørr hud, eksem, sår og skader, brannsår, solbrenthet, sprukne fingertupper, tørre leggar, etterbarbering og uendeleg mykje meir. Elsk på denne universalsalven! 🧡

NATTKREM! Favoritten over alle er TINDVED OG NESLE - regenererande nattkrem. Stappfull av supermat frå planter rik på vitamin C og A, samt masse anitoksidanter og heile spekteret av essensielle fettsyrer. Her får du altså det beste av det beste! Nyperose, tindved, granateple, nesle, hamp.. ja, her er det berre å nyte og kjenne kor godt det gjer å påføre denne smidige deilige saken, men og kor godt det gjer å få på slik supernæring som folk opplever effekt på alt frå kviser til rynker med.

Den er altså perfekt om natta, men superduper når som helst😊, og eg brukar den i blant som dagkrem også (varierer med Ringblomstsalven).

Vil du gjere ansiktsrutinen endå meir komplett så kjem ein ikkje utanom AUGEBALSAM! Den tek mamsen her rundt augene kvar kveld (Og Emil og), og for meg så funker den godt til å halde huden rundt augene fin, stram og utan hovne poser (som eg fekk før eg utvikla denne i 2007). Sidan eg synes den mangla i pakketilbodet med Perfekt pakke til ansiktet, så smeller eg til med eit NYTT PAKKETILBOD for ansiktet MED Ringblomstsalve 50 ml, Augebalsam 15 ml, og Tindved og Nesle 50 ml, men UTAN Rose- og rødkløverskrubb som du heller kan kjøpe ved sida av (sidan eg ikkje klarar å få skrubbinga inn i dagleg rutine, late meg haha 😂

P.S. Tips om du har hårseruma våre: prøv dei som ansiktsserum, å herlegheit! LOVE IT, seier Dronningbia sjølv her, når ho kjem på å gjere det 😂🌼🐝

SÅ TIL SLUTT! Bonus for dei som har orka å lese så langt ned 😂😂

🧡 GURKEMEIE ANSIKTSMASKE! 🧡

Ylva er så knallflink til å lage seg ansiktsmasker av det me har i skuffer og skap, og sjølvsagt har ho fri tilgang til alt fantastisk i Vossabias herlege produksjonslokale av økologiske planteingrediensar og ikkje minst krydder.  Krydder er noko av det mest fantastiske naturen byr på, og til ansiktet er gurkemeie heilt i toppen!

For eit par dagar sidan var dette Ylva sin siste geniale oppskrift, og her er det den utrulege gurkemeien som får hovudrolla. Gurkemeie har vist seg å redusere antal bakterier som vanlegvis utløyser akne, og er difor perfekt å bruke i ansiktsmasker for aknehud blant anna. Gult og kult krydder, og veldig bra antibakterielt og antiinflammatorisk krydder! Og når Ylva fann ut at gurkemeie i ansiktspleie var indisk skjønnhetstradisjon så vart ho endå meir gira 😁

Knallbra og kremete, nyt stunda og skyll, og så anbefaler me Tindved og Nesle til slutt på ditt reine, tørre og vakre ansikt 🧡

Gul ansiktspleie til påske, det er vel perfekt! 💛🐣

Helsing Vossabia 🐝💛