PANTERBALSAM mot KNOTT, MYGG og FLÅTT 👍

PANTERBALSAM mot KNOTT, MYGG og FLÅTT 👍

Multibrukssalven Panterbalsam har vist seg skremmande for småkrypene! 🦟 🐜 Dei likar ikkje dei sterke duftene rett og slett!

Ja, eg kan takke gode kundar for denne oppdaginga! Multibrukssalven Panterbalsam, som eg lagar med bivoks, og økologiske oljer av eukalyptus, rosmarin og kamfer blant anna, har vist seg skremmande for småkrypene! 🦟 🐜 Dei likar ikkje dei sterke duftene rett og slett!

Kvar sommar kjem det veldig mange tilbakemeldinger på dette, frå folk som endeleg nyter kveldsstunda på verandaen, eller endeleg kan kose seg med solnedgang på svaberget. Eller som meg: når kundar lærte meg dette bruksområdet så var det kun meg knotten ikkje hersa med på fotballkampane til eldstesonen min 👍 Eg håpar den vil funke for deg og!!

Ja, og så er den sjølvsagt allereie i tursekken, for å smøre stive lår etter fjelltur, mot vonde knær, tørre lepper og tett nase. Panterbalsamer ein av favorittane, heilt uvurderleg for oss  😊🐝 👍

Denne utvikla eg for over 18 år sidan, som ein salve mot all slags vondt og verk. Eg hadde aldri trudd at eg nokon år seinare skulle få mange tilbakemeldinger frå kundar om at Panterbalsam er fantastisk på å halde mygg, knott og flått unna. 🦟 Kor kult er ikkje det? Så moro alt eg lærer av gode kundar!

Panterbalsam er herleg å ha med på hengekøyetur! Mygg og knott avskyr dei sterke urtene, og me elsker dei! 👍😊 Panterbalsam fins og i liten boks, kun 15 ml, lett å få plass i sekken.

Du treng ikkje smøre inn heile ansiktet og kroppen. Smør på litt her og litt der, nesten litt klattvis, så er det vanlegvis nok for at mygg, knott og flått held seg unna. Dette er på grunn av dei sterke oljane som er i den, som mange insekt avskyr . (Det er kun på Hardangervidda eg ikkje får supereffekt mot den crazy myggen der, men det hjelper oss då å ta litt meir på i ansikt og hals, og til og med litt på jakkeslaget) Eg har egentlig satt saman desse urtene for å stimulere og auke blodsirkulasjon mot vondt og verk, men det vart altså mange andre gode fordeler i tillegg.🤩

💚 Eukalyptus kan vere knallgod mot insekt, men i tillegg er den krampeløysande, smertestilande og varmar opp kalde ledd.🔥 Det utrulege eukalyptustreet kan faktisk bli over 100 meter høgt (i Australia), og aborginere har brukt bladene frå det store treet i mange hundre år som medisin.

💚 Kamfer er insektsavskrekkande, betennelseshemmande, smertestillande og demper kløe, og dette treet kan bli over 1000 år gammel!

Panterbalsam kan dermed virke effektivt kløelindrende, og er kjent for sin ofte raske effekt på muskelsmerter og smerter ved senebetennelser.Tilbakemeldinger inkluderer også lindring på nervesmerter, revmatiske smerter, betennelsar, krampar, mens-smerter, åreknuter, vond hals, hodepine eller voksesmerter hjå born. Uunnværleg etter hard trening og anna hardt muskelarbeid. 💪 Og mykje, mykje meir, lista er lang!

Denne balsamen kan faktisk og vere god for psyken din då for eksempel 💚rosmarin er rekna som oppløftande og nervestyrkande, ein naturleg og velduftande antidepressiv.

Panterbalsam er eit lite naturapotek i seg sjølv🧡

 

Panterbalsam
TilbudFrå 179,00 kr

 

Me er tilbake fra Nord Kypros, og no skal sommaren nytast i Norge (som i bildet under ved Trollveggen i 2020) Panterbalsam i tursekken, og eg er klar!! ⛰️🐝

Og kanskje brygger eg meg te av dei same superurtene i Panterbalsamen til å ha med på termosen. Prøv du og! ☕👍 Lag ein enormt smakfull, forfriskande og stimulerande te med blanding av peppermynte, rosmarin, eukalyptusblader (om du har denne planten som ein liten potteplante/busk då – eg fekk tak i på flotte Berge gard & gartneri i Tørvikbygd), og hiv oppi nokre roseknopper/blader, eller litt lakrisrot.

Om du ikkje har alt, så blir det knallgodt med nokre av plantane også, og spesielt moro om du kan gå ut i hagen/terrassen og hente inn. Nydelege smakar eg super i meg for smaken, for fordøyelsen, for den beroligande effekten og for alt det gode desse plantane gjer for det emosjonelle velværet.🧡

Minner også om mitt ordentleg delux sommarpakketilbod som dekker dei fleste behov🤩👇👇

👉 DELUX SOMMARPAKKE

(ord kr 1265, tilbod kr 1075 + leppepomade på kjøpet)

Helsing frå Renate

🐝 Vossabia