Øko-pioner og foregangsmann. Beauty-journalist og naturkosmetikkforfatter– eit reisebrev frå Hastings 🤩

Øko-pioner og foregangsmann. Beauty-journalist og naturkosmetikkforfatter– eit reisebrev frå Hastings 🤩

For nokre månadar sidan sendte Craig Sams meg ein melding: om eg ville bli med og feire hans 80-årsdag heime i hagen i Hastings 🎂😃 Ingen tvil om det, eg hadde kjempelyst å feire denne store foregangsmannen, denne modige og framsynte pioneren over dei fleste, innan økologisk og rettferdig mat, drikke og landbruk 👨‍🌾🌾
Og i helga var Olav og eg der. Me feira Craig saman med 60 andre vener og familie i den nydelege hagen som til og med har eit innramma løvetann-reservat i bedet 🥰 Craig er ein gigastor inspirasjon og motivasjon for meg, med sitt utrulege liv, sin ufattelege standhaftighet, kunnskap og klare tale for økologi og rettferd 💚 Kona Josephine likeeins. For eit par, og for eit team!
Saman starta dei verdas fyrste økologiske og fairtrade sjokolademerke «Green&Blacks Chocolate», som også er å få kjøpt i Noreg, og som no omset for meir enn 100 millioner dollar årleg 💪 Og dei har utruleg mykje anna på merittlista si også. Craig og mora starta nord-Europas fyrste økologiske kolonialforretning på 1960-talet, han og broren utvikla mange nyvinnande økologiske matprodukt, og bror Gregory var den fyrste som laga og trade-merka ordet Veggieburger 🌱 Josephine Fairley Sams er kosmetikkjournalist, er Englands yngste magasinredaktør nokon sinne, i ein alder av 23, og er ein av Storbritannias ledande entreprenører, og grunnla og driv The Perfume Society.
Oppglødd av vårt gode venskap, det fantastiske hageselskapet, og dei berre nydelege bodskapa og verdiane, kunnskapen og skaparkraften, som oser ut av ei slik samling som i helga, vil eg gjerne dele eit lite reisebrev 📝 og portrett av desse to bemerkelsesverdige menneska som eg beundrer! ❣️
 
Med kun ein liten ryggsekk, med Vossabias essensielle til reise, nokon truser, ein kjole og ein shorts, så var eg klar for tur 🎒 
essensielle til reise
Fyrste stopp London og ein rusletur gjennom St. James Park og Green Park, der eg blei ganske spinnvill av plantene! 😍🌸
 
Kong Charles, for øvrig ven av Craig, skulle kome til Buckingham Palace på fredag, så det var enormt med folk, men me kom oss sjølvsagt kjapt ned på stien til kanalen, planter, gras og ender.
Altså høyr her kva dei har gjort! 👨‍🌾 Gartnarane har planta OG gjerda inn store felt med RYLLIK og PERIKUM! Det var som ein draum! Eg hadde jo litt vondt i hjarta mitt over å dra frå Voss og all plukking eg treng å få gjort, og hadde akkurat sagt til Olav at det haster å begynne å få plukka inn ryllik til Kroppsbalsam og sjampo no. Og der var den 🤩 Satt pris på, vist fram som den verdfulle, fantastiske planten den er. Struttande, lange, vakre ryllik, inngjerda! ✨
🎉 Perfekt start på helga og feiringa av Craig! Eit par timar seinare var den hektiske storbyen erstatta med fredeleg småby. Eller. Hastings denne helga var faktisk ikkje så fredeleg som vanleg, då det var Pirate Parade Weekend. Hastings har visst verdsrekord i flest pirater samla på ein gong, og det var heilt fascinerande kor mange folk i absolutt alle aldre og lag som hadde kledd seg ut som dei mest ekte piratane 🏴‍☠️ Det var som å vere i Pirates of the Carribean heile helga. 
Absolutt sjarmerande, men endå meir sjarmerande er alle dei uavhengige småbutikkane i Old Town i Hastings 💕 Olav blei bærar, når eg kjøpte meg kjoler og dill og dall, og ein liten ny bag, til å kunne frakte alt heim att, hahah… Men, ingenting er kjekkare enn å handle hjå små, sjølvstendige butikkar som bidreg med mangfald og personlegheit, og som ofte set bærekraft og rettferd fremst i sitt varesortiment 🙌🥰
 
Old Town, the Pier, sykkeltur langs kysten, pirater overalt, bading i den engelske kanalen, nydeleg fiskemat på restauranter og ein liten tur oppe på klippene. Og heile tida med Konglelepper og Ringblomstsalve klar i veska. Ja, no var me både opplada og skikkeleg klar for hagefest for Craig! ⚡️🥳
No er Craig 80, og det skulle ein verkeleg ikkje tru. Han har energien og kraften til ein 60-åring, i alle fall! 👏 Men visdomen og kunnskapen som om han hadde levd to liv alt.
Craig er fødd i USA, og synte tidleg interesse for sine forfedre som immigrerte til Amerika. For vel 9 år sidan sendte Craig og Jo meg nokre epostar og sa dei hadde funne meg og Vossabia, og synes det høyrdes så spennande og bra ut med Vossabias naturkosmetikk, og ville besøke meg og sjå korleis Vossabia dreiv, då spesielt Jo har interesse for økologisk naturkosmetikk 🐝🌱💚 Ho har forresten skrive boka The Ultimate Natural Beauty Book, som er veldig lærerik og inspirerande.
Dei skreiv vidare at Craig skulle til Voss for å finne sine forfedres gård, som var frå familien Dugstad. Eg skreiv tilbake at dei var hjarteleg velkomne og at eg var kjærast med Olav Dugstad! 😃 Snakk om tilfeldigheter! Så dei leita etter Dugstad, fann meg først og fann Dugstad gjennom meg, fantastisk! 🥹
 
Craig har levd eit modig og tøft liv, der han heile tida har våga og utfordra, og så har han tatt val basert på det som han kjente og kunnskapen viste var rett for han. Då han låg dødssjuk av dysenteri og hepatitt C på gata i India på 1960-talet, og trudde han kom til å ende flytande nedover Ganges med andre døde, så kom han seg mirakuløst til Afghanistan der han fekk helsehjelp med urter og planter 🌿💚 Vidare kom han i kontakt med makrobiotisk kosthald, noko som gjorde han heilt frisk. 
 
Det fekk han til å endre kurs i livet, og han starta den fyrste makrobiotiske restauranten i England, med mora og broren, og der hang til og med John Lennon inni mellom. 👉 Han har snakka ustanseleg i mange tiår om at verda må vakne, at sprøytemiddel må stansast, at landbruket må endrast, at menneske må handle og ete økologisk, at me må lære av eldgamle skikkar som biokull nytta av indianarar til jordforbetring, og me må slutte å utnytte jord og menneske i jakt på profitt. Det lønnar seg meir å ta vare på menneske, jord, planter og planet. Han har snakka i motvind og med motkrefter overalt, i over 60 år no. Og fyrst no dei siste åra er biokull blitt noko mange har høyrt om, no skjønner fleire at sjokoladeproduksjon som ikkje er økologisk er ekstremt skadeleg og påvirker faktisk oss heilt her i nord også med sprøytemiddel i lufta som kjem fykande frå plantasjer i mellom-Amerika og andre stader. Craig sitt engasjement førte til og med til at han laga denne songen "Eat Organic" som ligg på Spotify.
Craig er verkeleg ein foregangsmann av dei sjeldne! Modigare enn dei fleste. Og meir uthaldande og tru mot sine verdiar enn nokon 🤩 Det er enormt mykje meir eg kunne skrive om han, men då blir det ei lita bok. Berre det å liste opp alle grønne bedrifter han har starta vil kreve 1000 ord 📚
🤔 Kva gåve gir ein til ein slik mann? Jo, då gravde eg opp ein del nydelege løvetannrøtter i hagen min til han 🤍 Han elsker løvetann, og drikk kvar dag «kaffe» av løvetannrot, og han må kjøpe det på helsekosten (det får me ikkje tak i her heime enno), og han vil helst ikkje grave opp sine hellige løvetenner i bedet i hagen! ❤️‍🔥 Sensuell var soleklart med i gåva, for me må nyte livet sjølv om me er blitt 80, og det er ingen betre måte enn på naturleg og økologisk vis!
sensuell
OG, så fekk han ei bunadssylje til Voss sin herrebunad for menn. Han er jo vossing langt baki der! Og gjett om han var nøgd! Sylja vart festa på den kule retroskjorta hans med ein gong og det var ikkje ein gjest som ikkje fekk høyre om dette 😉
Etter herlege samtalar og koseleg samvær med Craig, Jo, heile familien «vår» og nydelege gjester, som leiaren i Soil Association (der Craig sjølvsagt har vore sentral), programleiaren i det mest populære hageprogrammet i England, Gardeners World, ernæringseksperten som var god ven med Fedon Lindberg og andre spennande menneske, så var det rett på toget 🚂 der Ylva ringte og sa ho hadde plukka masse ryllik og perikum! 🙌
 
Takk og lov, og for ei helg!
essensielle til reise
 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia