🍊 Noregs einaste tindvedbonde

🍊 Noregs einaste tindvedbonde

TindvedbÊr pÄ menyen! Det har Michelin Restauranter og Vossabia til felles.
🍊 Dei heng tett i tett pĂ„ greinene – knalloransje, utruleg saftige og omkransa av ekstra lange, spisse torner. Smaken er like kraftfull som fargen: intenst frisk og syrlig, med hint av appelsin, pasjonsfrukt og ananas – som vill nordisk natur med ein liten smak av tropane. Eg snakkar sjĂžlvsagt om TINDVED!
​
SuperbĂŠret som Michelin-restaurantar har pĂ„ eksklusive menyar, og som me i Vossabia har pĂ„ menyen til eit ekstra sunt og godt mĂ„ltid
 ansiktspleie som fĂ„r deg til Ă„ glĂžde 😉
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Tindved blir ofte kalla Nordens sitron pÄ grunn av den intense syrlege smaken.
​
Ja, du las rett – me serverer tindved som eit mĂ„ltid til huden din, i den elska ansiktsbalsamen vĂ„r Tindved & Nesle 💛 Og faktisk ogsĂ„ i vĂ„re populĂŠre Solkremar. Men lat meg ta deg med heile vegen frĂ„ fruktfelt til krukke, for dette er ei historie verdt Ă„ fortelje 

Tindved og nesle til ansikt - VossabiaTindved og nesle til ansikt - Vossabia
Tindved og nesle til ansikt
TilbudFrÄ 225,00 kr
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Dei mÄ handterast med klÞkt og kunnskap, for her er det ikkje berre Ä plukke eitt og eitt bÊr. Om du klarar Ä unngÄ Ä skvise dei saftige bÊra i forsÞket, sÄ fÄr du deg stikk og torner inn i fingrar og hender, og som Marco sa: du kjenner det nokre dagar, for tornene knekk typisk inni huden og du fÄr dei ikkje sÄ lett ut nÄr det skjer.
😅
​
Marco, kven er det? Jo, han er Noregs einaste ordentlege tindvedprodusent! Han held til i LĂŠrdal, er skogutdanna, og kjem opphavleg frĂ„ Nederland – der han har drive med birĂžkt heilt sidan han var 14 Ă„r (no er han 65).
​
Det var gjennom bienes verd eg vart kjend med han: han var lĂŠraren pĂ„ Noregs fĂžrste (og siste!) yrkesretta birĂžktarutdanning, som eg tok i 2003–2004 – med Emil i magen, og etter kvart med som nyfĂždd pĂ„ samlingane vĂ„re 🐝
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Marco er ein profesjonell og heilt utruleg dyktig birĂžktar, med pollinering som spesialfelt – ein skikkeleg pollineringspioner! Snakkar du med han, lĂŠrer du alltid noko nytt, og fĂ„r dei herlegaste historiane med pĂ„ kjĂžpet.
​
Visste du til dĂžmes at honningbienes evne til pollinering er verdt rundt 150 millionar kroner for fruktbĂžndene i Noreg? Det er halvanna gong verdien av all honningen som blir produsert i landet! SĂ„ det er ikkje birĂžktaren som tener mest pĂ„ pollineringa, men fruktbĂžndene, som er heilt avhengige av det vakre samspelet mellom blomar og bier som birĂžktaren kan tilrettelegge for 🌾
​
Og her kjem det litt paradoksale: denne spennande bie-pioneren har dei siste Ă„ra satsa pĂ„ tindved – ein av dei ytst fĂ„ plantane som IKKJE treng bier for Ă„ bere frukt 😄
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Han oppmodar gjerne fleire til Ă„ dyrke tindved, om det finst nokon der ute som er like galen som han 😅 For litt galen mĂ„ ein nesten vere for Ă„ stĂ„ i det! Som han seier sjĂžlv: tindvedproduksjon er veldig kjekt, men ogsĂ„ utruleg krevjande og vanskeleg – sĂ„ kanskje er det nettopp difor han er den einaste i Noreg som held pĂ„ med det, hehe 😉
​
Han fann til slutt ut at sveisehanskar er det einaste som nesten 100 % held tornene unna i innhaustinga, og det trengst sterke greinsakser for Ä klippe heile greiner av dette harde treet. SÄ gÄr greiner og bÊr rett pÄ frysen, der dei ligg nokre dagar fÞr bÊr og blad blir dunka av. Deretter ventar siling og rensing, fÞr han endeleg sit att med eit salbart produkt.
​
Det gĂ„r frĂ„ arbeid i +25 grader ute til −25 pĂ„ frysen, men etter alt strevet (og no har me berre sĂ„ vidt snakka om innhausting og rensing!) sit han att med eit produkt sĂ„ unikt at det ikkje er rart bĂ„de Vossabia og Michelin-restaurantane er ville etter det 🧡
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Men historia sluttar ikkje nÄr Marco har fÄtt bÊra av greinene. NÄr dei intenst oransje smaks- og nÊringsbombene kjem heim til Vossabia, tek me over neste del av foredlinga. Eg legg bÊra pÄ alkohol og lÚt dei stÄ og trekkje i halvannan mÄnad. Sakte blir smak, farge og verdifulle plantestoff trekte ut, fÞr tinkturen er klar til Ä bli ein del av Tindved & Nesle.
​
Og dette er noko av det verkeleg spesielle med produktet: Me bruker tindved i to ulike former. I tillegg til tinkturen eg lagar av Marco sine heile bĂŠr, bruker me Ăžkologisk tindvedolje.
​
Kvifor begge delar? Fordi olje og tinktur hentar ut ulike sider av béret. Den alkoholbaserte tinkturen kan trekkje ut mellom anna polyfenol, flavonoid og organiske syrer – vass- og alkohollþyselege plantestoff som ikkje i same grad fþlgjer med olja.
​
Tindvedolja gir oss pĂ„ si side dei feittlĂžyselege skattane, som dei verdifulle feittsyrene – inkludert den sjeldne omega 7 – karotenoid og vitamin E ⭐
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
NÄr me bruker bÄde olje og tinktur, fÄr me altsÄ med oss ein breiare del av det kjemiske mangfaldet i tindvedbÊret enn om me berre hadde brukt olja. Det er slik eg likar Ä arbeide med plantar: ikkje berre hente ut éin liten del, men la fleire sider av planta fÄ spele saman.
​
Det er med pĂ„ Ă„ gjere Tindved & Nesle til den botaniske buffeten den er 💛
Og sĂ„ var det dei litauiske tindvednerdane! đŸ€“ Dei som heilt tilfeldig kĂžyrde forbi feltet, og brĂ„stoppa dĂ„ dei fekk auge pĂ„ dei flotte tindvedtrea, og spurta opp til Marco. Dei introduserte seg, og det viste seg at dei dyrka og analyserte tindved i sitt eige laboratorium – og lurte pĂ„ om dei fekk ta prĂžver for Ă„ samanlikne nĂŠringsnivĂ„a. Nokre veker seinare kom ein e-post frĂ„ Litauen:
«Dette er den mest nĂŠringsrike tindveden eg har sett i heile mitt liv!» đŸ˜±
​
Og akkurat den tindveden finn du i produkta vĂ„re 😉
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Men det var fleire fantastiske ting me oppdaga i LĂŠrdal forrige dagen.
Tindvedfeltet var proppfullt av brennesle! 🌿
​
For ei glede! Nydeleg, frisk brennesle som var nyleg kome opp att etter sommarslĂ„tt. SjĂžlvsagt byrja eg straks Ă„ plukke med meg av den og – og bestemte med det same at eg mĂ„tte sende ein ny Vossabiagjeng nedover nokre dagar seinare for Ă„ hauste endĂ„ meir. Me fĂ„r aldri nok nesle nemleg!
​
Og sĂ„ vart eg sĂ„ glad nĂ„r eg sĂ„g desse to superplantane saman: tindved og brennesle. To av dei viktigste ingrediensane i eit av vĂ„re mest populĂŠre, og utan tvil mest komplekse produkt – stod her og voks side om side, skulder mot skulder, i same feltet i LĂŠrdal. Er ikkje det litt magisk? đŸ„°
Spar 133,00 kr
Perfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag - og nattkrem - VossabiaPerfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag- og nattkrem - Vossabia
Perfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag- og nattkrem
Tilbud 750,00 kr OrdinĂŠr pris 883,00 kr

🍊 Kva gjer eigentleg tindved for huden din?

​
Det er ein grunn til at bĂ„de Michelin-kokkane og eg er ville etter dette bĂŠret. Tindved er nemleg ikkje berre vakkert, vilt og vanskeleg Ă„ hauste – det er eit av dei mest innhaldsrike bĂŠra me kjenner!
​
Det har vore brukt i tradisjonell kinesisk, tibetansk og mongolsk medisin i over 2000 Ă„r. Det latinske namnet Hippophae skal tyde «skinnande hest», fordi dei gamle grekarane gav tindved til hestane og meinte det gav dei blank og vakker pels. Segna fortel til og med at tindved var fĂžda til den vengja hesten Pegasus 🐎✹
​
Og eventyret stoppar ikkje der: Tindveddrikk skal ha vore brukt av kinesiske utĂžvarar under OL i Seoul i 1988, og tindvedjuice har ogsĂ„ vore ein del av kosthaldet til russiske kosmonautar pĂ„ grunn av eigenskapane i bĂŠret til Ă„ motstĂ„ strĂ„ling frĂ„ sola. Forskarane har vore sĂŠrleg interesserte i den uvanleg rike blandinga av antioksidantar i bĂŠret – ikkje minst under ekstreme pĂ„kjenningar.
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
For dette vesle, knalloransje bĂŠret er ei skikkeleg nĂŠringsbombe:
​
☀ Vitamin A og E – og svĂŠrt store mengder vitamin C. Enkelte analysar viser mange gonger meir vitamin C per 100 gram enn appelsin!
​
🌿 Mineral som sink, selen og kopar
​
🧡 Omega 3, 6 og 9 – og den sjeldne omega 7, som det finst svĂŠrt fĂ„ gode plantekjelder til
​
✹ Karotenoid, polyfenol og flavonoid – ei heil skattkiste av antioksidative plantestoff
​
​Olja og tinkturen hentar altsĂ„ ut ulike skattar frĂ„ bĂŠret, som sagt, og i tinkturen fĂ„r me trekt ut polyfenolar og flavonoidar som er kraftige antioksidantar som igjen bidreg til Ă„ verne huden mot oksidativt stress – altsĂ„ belastninga huden mĂžter frĂ„ mellom anna sol, forureining og heilt vanleg kvardagsliv. Slik gir den lokale tindvedtinkturen produktet ein viktig antioksidantdimensjon som ikkje kjem frĂ„ tindvedolja Ă„leine.
​
Denne kombinasjonen bidreg til Ă„ pleie og styrkje hudbarrieren, halde huden mjuk og smidig og gi den heilt sĂŠrmerkte, gnistrande tindvedglĂžden ✹ Er det rart eg blir litt nerdete glad? 😍
🍊 Noregs einaste tindvedbonde

💛 Tindved i to av favorittane mine

​
Denne herlege kraftplanta finn du i to produkt eg ikkje kan vere utan:
​
🌿 Tindved & Nesle til ansikt – ansiktsbalsamen eg gav kallenamnet Ein botanisk buffet dĂ„ eg utvikla den i 2017. Her spelar tindvedolje og tinktur laga pĂ„ Vossabiagarden av tindvedbĂŠr, saman med brennesle, nypefrĂžolje, granatepleolje, hampolje, tistelolje og squalane.
​
Eg sette saman produktet for Ă„ gje tĂžrr og moden hud rikeleg med pleie, vern, spenst og glĂžd – og for Ă„ stĂžtte huden nĂ„r han er prega av sol, kulde, stress og kvardagsliv. Eg bruker den kvar einaste dag og kjenner meg rett og slett vakrare og friskare i huden! Og det kulaste er at det er ikkje berre kvinner pĂ„ min alder, med moden hud, som likar denne glĂždande nĂŠringsbomba. Unge menn og kvinner, ungdomar, og menn og damer langt meir oppi Ă„ra enn meg, fell for den! 💛
​
☀ Vossabia Solkrem – visste du at det er tindvedolje i solkremen vĂ„r ogsĂ„? Det er det som gir solkremen den vakre, gylne guloransje fargen. Tindvedolja tilfĂžrer feittsyrer og antioksidantar som pleier huden medan mineralfiltera vernar mot solas UVA og UVB-strĂ„ler.
​
Slik likar eg aller best Ä utvikle produkt: Dei skal ikkje berre gjere éin jobb, men gje huden bÄde vern og skikkeleg god pleie pÄ same tid.
🍊 Noregs einaste tindvedbonde

💬 Kva kundane seier

​
Og det er slett ikkje berre eg som er forelska đŸ„°Kundane elskar Tindved & Nesle – her har eg samla ei lita oppsummering av hundrevis av tilbakemeldingar:
​
Naturleg glþd – som alternativ til foundation
​
Perfekt for tþrr, sensitiv og eksemutsett hud – og urein kvisehud!
​
Langvarig fukt – heile dagen
​
Mange melder at den ogsÄ passar folk med rosacea, atopisk hud og intoleransar
🍊 Noregs einaste tindvedbonde

Og solkremen? Den er sĂ„ mjuk og deilig Ă„ smĂžre pĂ„. Superdryg i bruk – pump ut ein strek og smĂžr godt – og den gir god beskyttelse, masse nĂŠring og viktig pleie pĂ„ same tid. For slik likar eg best Ă„ utvikle produkta - dei skal ha mange eigenskapar og gjere mykje godt for deg og meg. Jonatan og eg nyt sola med den, og me er ikkje dei einaste 😎

Solkrem - VossabiaSolkrem - Vossabia
Solkrem
TilbudFrÄ 319,00 kr

đŸč Bonus: tindved i glaset – ein Tindved-sour!

​
Me gir ikkje berre tindved til huden. Her pĂ„ garden har me gjerne nokre dropar av tindvedtinkturen i vassglaset ogsĂ„ – og fĂ„r kjenne den intense, syrlege tindvedsmaken frĂ„ innsida!
​
Slik fÄr me ogsÄ glede og nytte av dei vass- og alkohollÞyselege plantestoffa som tinkturen trekkjer ut frÄ bÊret. Og denne tinkturen kjem me snart til Ä selge igjen og.
​
Og sidan me no snakkar sĂ„ varmt om dette vidunderbĂŠret, kjem her ein liten dansk godbit til deg đŸ„‚ Tindved er nemleg ikkje berre fantastisk i hudpleia – det er ein reinaste fryd i glaset ĂČg! Skal du kose deg litt ekstra denne helga, mĂ„ du prĂžve ein tindved-sour:
🍊 Noregs einaste tindvedbonde

đŸŽȘ Me sjĂ„ast pĂ„ Dyrsku'n!

​
Og heilt til slutt – ei skikkeleg gladmelding! Denne helga, 11.–13. september, stĂ„r me pĂ„ Dyrsku'n i Seljord, i det store matteltet rett ved hovudinngangen đŸ„ł Eg, Ylva og Hildegunn gler oss heilt vilt, og me har med oss bĂ„de gode marknadstilbod og massevis av god stemning i bagasjen 🐝💛
​
Kjem du innom, MÅ du stikke bort og sei hei til oss – det hadde gledd oss heilt enormt!
Les meir om Dyrsku'n
Renate Lunde

Med djup takksemdfrĂ„ Renate 💛Dronningbia 🐝 i Vossabia