🌸 Midtsommar og blomstrande inspirasjon!

🌸 Midtsommar og blomstrande inspirasjon!

Eg vil feire fargespelet og flotte planter ved å dele litt om nokre få kjente kjære som du kanskje har i hagen din, men kanskje ikkje veit så mykje om. Det er jo typisk at me legg merke til skjønne blomar, men så kan ein ikkje så mykje om korkje namn eller eigenskapar 🌼

Hosta – frå hagepryd til tacoblome! 💚

Hosta er ein plante mange har i hagen sin. Den er heilt genial og mange parkar brukar den og for å skape eit harmonisk bed som gir ro.
💡Visste du at hosta eigentleg blei dyrka som grønnsak? Dei unge blada er sprø og smakfulle – og blomane kan etast!
Hosta er vakker, tåler å stå i skuggen, er perfekt bunndekker og den er med å gjere hagen og bedene meir spennande. Og så kan du ete den!

 

Prøv Hosta taco! 🌮

Store, faste blad som held godt på fyllet – perfekt til sommarpiknik!
 
Fyllforslag:
1. Valnøtt- og soltørka tomatfarse
(valnøtter, soltørka tomatar, ferske tomatar, kvitlauk, nystøytte korianderfrø, salt og pepar – blanda i foodprosessor)
2. Guacamole
(mosa avokado, kvitlauk, limesaft, fersk koriander)
3. Tomat- og søtmais-salsa
(hakka modne tomatar, raud paprika, raudlauk, fersk søtmais, svart pepar)
4. Yoghurtdressing med koriander, agurk og lime
(soyayoghurt, fersk koriander, raspa agurk, limesaft og salt)
 
Superenkel å lage – og så smakar det visst like godt som noko frå ein skikkeleg fasjonabel restaurant 😉🌿

Honningknoppurt – for bier, humler, tekopp og hudpleie 🌸

Honningknoppurt kjenner mange til og. Den er ein skikkeleg magnet for bier, humler, sommarfulgar og andre nyttige insekt. Dei delikate, tistelliknande blomane gir vakker farge og tekstur i bed og naturlege hageanlegg, og den nydelege blomen gjer seg og spesielt godt i tekoppen!
Ei lettstelt skjønnheit som trivst både i sol og skugge. Og sjå på pollenet bia har samla – lavendelfarga små skattar frå blomen sjølv!

💡 Visste du at.. 

Honningknoppurt er i nær slekt med kornblom og har vore brukt som:
•    mildt vanndrivande middel
•    hjelp ved menstruasjonsplager
•    støtte for fordøying, nyre og lever
•    og blomane har vorte nytta til å behandla små sår, munnsår og augeplager (som augeskyllevatn).
Bruk Honningknoppurt saman med mjødurt, kløver og marikåpe i tekoppen!


🌿 Marikåpe – for kvinner, liv og kjærleik 🌿

Marikåpe (Alchemilla vulgaris) – berre namnet i seg sjølv er som eit eventyr. Ho glitrar i morgonsol med små dropar som samlar seg langs bladkanten, som små regnbogeskattar. Og det er ikkje berre morgondogg – nei, marikåpa slepp sjølv desse dråpane gjennom små "ventilar" i blada, som eit slags urtealchimisk trykk-kammer. Det kallar vi guttasjon – og det er nettopp dette som har gitt ho namnet Alchemilla – "den vesle alkymisten".
Kanskje du og har Marikåpe i hagen? Og visste du at den er fin til huden også, blant anna på eksem, kviser, og til å mjuke opp grov og hard hud.


💚 Ei urt for kvinnekraft og livskraft

•    Styrkjer livmor og lindrar menstruasjonssmerter 
•    Støttar i overgangsalder, sorg og etter fødsel
•    God på hud med eksem, kviser og hard og tørr hud 

Marikåpa blømer frå mai til juli – med små, gulgrøne blomar som svevar som stjernestøv over dei store, vifteforma blada. Ho trivst som staude, og breier seg som eit mjukt teppe over bakken kvar vår. 

Du finn ho gjerne i slåttemarker, hagekantar og i urtebedet til gamle kjerringar og kloke koner (sånne som meg altså 😉). Men, mange har no fått augo opp for ho i hage og bed. Så kanskje du er ein av dei, og kan gå rett utanfor døra og hente di Marikåpe?  

Nyt marikåpe som te, til huden eller i ei kake!

 

🍰 Oppskrift: Søt alvekake med marikåpe, roser og groblad – eit lite stykke urtehimmel!

🌿 Til deigen:
  • 200 g sammalt spelt
  • 60 g smør
  • 50 g blomehonning
  • 4–6 ss vatn 
🌿 Til fyll:
  • 100 g kvarg (eller yoghurt)
  • 2 ss blomehonning
  • 50 ml piska kremfløyte
  • 1 egg
  • 40 g valnøtter, grovhakka
  • 6 ss ferskt oppklipt marikåpeblad
  • 6 ss grobladblad
  • 6 ss roseblad 
🧁 Slik gjer du:
  • Bland saman ingrediensane til mørdeigen og la den kvile i kjøleskap i 1–2 timar.
  • Rør saman ingrediensane til fyllet og vend inn dei oppklipte urtene til slutt.
  • Trykk deigen ut i ei paiform og fordel urtefyllet jamt over.
  • Steik på 160 °C i 30 minutt – gjerne med ein liten skvett kjærleik og eit dryss roseblad på toppen før servering.
Server med marikåpete i kopp eller iskald rose- og bringebærlemonade – og nyt med venninner, jordmødre eller i stilla under epletreet ☀️

🌼 Kvitkløversalve – mjuk magi frå blomsterenga 🌼


Til slutt vil eg dele eit par oppskrifter på korleis bruke kvitkløver. Eg la ut ein video på Instagram og Facebook om kvitkløverens fabelaktige eigenskapar, og den skapa mykje engasjement og mange spørsmål. Det er så moro med slik entusiasme! Så då deler eg endå litt meir om kvitkløver og kva du kan bruke den til her:

Kvitkløver (Trifolium repens) er ikkje berre til glede for bier og jordstruktur – ho er også ei ekte hudvennleg superurt!

Eigenskapar:
  • Lindrar småsår, brannsår, utslett og hudkløe
  • Mildt betennelsesdempande og samantrekkande
  • Passar til allround-salve for heile familien
  • Tiltrekk seg bier og blomstrar frå tidleg vår til sommar

 

Lag din eigen Kvitkløversalve! 🌼

Steg 1: Lag urteolje med kvitkløver
  1. Plukk kvitkløverblomane – gjerne midt på dagen når dei er tørre og solvarme.
  2. Tørk bloma i romtemperatur i 2–3 dagar (på laken eller papir).
  3. Legg tørka blomar i glas, til ca. ½ glas.
  4. Fyll opp med olje (t.d. økologisk oliven-, solsikke- , tistel– eller mandelolje). Infusér på éin av desse måtane:
    Sakte: Mørkt og kjølig i 4–6 veker. Rist glaset innimellom.
    Raskt: Vassbad i 1–2 timar på låg varme (ikkje kok). Sil av blomane når olja er gyllen og duftande.
Steg 2: Lag salve. 
  • ½ kopp kvitkløverolje
  • 1 ss bivoks
  • ½ ss sheasmør
    👉 (Du kan dobla alt for større mengde)
Oppskrift (gjer deg ca. 2 små boksar)
  1. Smelt bivoks og sheasmør i urteolja over vassbad.
  2. Rør til alt er flytande og blankt.
  3. Ha i evt. eteriske oljer (lavendel, kamille, appelsin...).
  4. Hell over i små salveboksar og la stå til det stivnar (det går fort!).

✨ Tips frå Dronningbia: 
Bruk som leppebalsam, sårsalve, babyrompekrem, neglebandsalve eller etter-sola-smøring. Og gjer gjerne som dei gamle kloke kvinnene – lag litt meir enn du trur du treng og del med ei venninne 💛

 

💐 Bli inspirert, plukk ei gåve og nyt midtsommaren med oss!🌞 

🌿 Velg mellom urtegleder, sommarpakker og skjønn kjærleik frå naturen.

I denne komplette reisepakka får du sjampo, kroppssåpe, deo og kroppsbalsam – med friske, deilige dufter som går så fint saman, har du det du treng i ministørrelse.


Med denne herlege kombinasjonen av naturprodukt til hud og kropp er du klar for det meste i sola, på tur ved hav og fjell, innanlands eller utanlands.