Menn diggar Vossabia! 🙋‍♂️

Menn diggar Vossabia! 🙋‍♂️

Tøffe gutar, barske menn, snille gutar og skjønne menn brukar Vossabia! Unge og gamle, for skjønnhet og hudpleie, for hudplager og vondter 🙌
For det treng ikkje vere svarte etiketter for at menn skal bruke hudpleie! 🙅‍♂️ Menn er ikkje berre maskuline og einsfarga, men fargerike og morsomme, leikande og tøffe, softe og sterke. Vossabia elsker mangfald av menn, og menn elskar Vossabia med sine fargerike etikettar og produkt, raske effekt, rett frå bier og botanisk buffet 😉 Berre sjekk kva dei fine mennene rundt oss her seier!
Me har ein super samling kjekke karar som arbeidar i Vossabia 👨‍🌾 Og dei poserer meir enn gjerne med favorittprodukta som har gjort livet endå betre for dei! Dei hevdar blant anna at etter Vossabia kom inn i livet er dei meir nøgd med ansiktshuden og utsjånaden 💚 (for gutar og menn er sjølvsagt like oppteken av det som oss damer og jenter). Dei har også stadig hjelp av produkta til ein heil haug med bruksområde for både hud og hår 🧔🏻‍♂️
menns favorittar
Den guten som sikkert har brukt aller mest Vossabia gjennom livet sitt er min gode superson Emil! Født og oppvokst med Vossabia, brukt til ekstremt mange ting, ikkje ein dag utan Vossabia i hud og hår no i 20 år! 🤩 Favorittane er sjølvsagt dei produkta i pakketilbodet me har kalla nettopp Emils favorittar: Ringblomstsalve, Kamillebalsam og Panterbalsam (desse er no mogleg å få i små krukker og). Men, det er vel ikkje eit einaste produkt han ikkje brukar. Rose- og rødkløverskrubben diggar han til ansiktsrens, hårserum gir glans, sjampo og kroppssåpe sjølvsagt, og ikkje minst Sensuell. Altså, gutta elskar Sensuell! ❤️ Emil gav Sensuell i gåve til heile russegruppa i fjor, og det vart sjølvsagt mottatt med jubel! Men, det er ikkje lett å få dei til å fortelle så mykje om den, hehe, men lat oss berre seie at den passar alle! 😆
Pakketilbod: Emils favorittar
Daniel er så fornøyd med kor fin huden i ansiktet har blitt etter han begynte med Vossabia! 💚 Han er spesielt glad i Ringblomstsalve (vår fabelaktige universal delux) og Tindved og Nesle, då han synes begge hjelper mot kviser og gjer huden meir smidig og smooth:
 
«Eg har fått mykje reinare hud, eg kjenner den er sunnare, og så synes eg ansiktshuden er blitt finare etter eg begynte med Vossabia.» 
 
Etter barbering er og ringblomst og tindved knallbra for Daniel. Det er forresten mange menn som er hekta på Ringblomstsalve som etterbarberingssalve då den lindrar og heler raude prikkar og sårhet i huden etter bruk av barberhøvel 🪒
 
Daniel har dei siste åra blitt gira på tatoveringar, og har blant anna to enorme tatoveringar over heile ryggen  Me har høyrt ein del opp gjennom åra korleis Kamillebalsam og Ringblomstsalve lindrar sår ny-tatovert hud, men og held huden og tatoveringane fine i tida vidare 👌 Daniel har og oppdaga det:
 
«Ringblomst og Kamille mjukar skikkeleg opp, held huden smidig der eg er tatovert, og så er dei så dryge og varar lenge på huden. Meir enn andre produkt eg har brukt på tatoveringane.»
menns favorittar
Marius er veldig glad i alle Vossabiaprodukta, men når han vart tvinga til å sette favorittstempel på nokon så fekk eg dette svaret:
 
«Mine favorittar er Tindved og neslePanterbalsam og Kroppssåpe! Tindved og Nesle er veldig dryg, det skal lite til og så gir den ein veldig fin glød i huden. Kroppssåpa luktar så godt, og så fungerar den fint som sjampo også!! Panterbalsam er knallgod for ledd og musklar i samband med konkurransar eller restitusjon, og til forkjølelse og for å opne luftvegane.»
 
Panterbalsam er altså fast inventar hjå spreke Marius. Han trener mykje, som forresten alle gutta her gjer, og då er Panterbalsam altså gull! 💪 Såre musklar blir fort smidige og mjuke att med denne sterke venen smurt og massert inn i musklar og ledd. No vart Marius litt tett i nasen etter at påsken 🤧 lurte han til å tru at våren var komen, og han kasta kleda litt for fort.. men kva er problemet når han har Panterbalsam til å opne opp nasen? Og så har han fått beskjed frå dronningbia her om å ete honning med kvitløk og dampe seg med kamille og peppermynte og då 🐝🌿🍯
panterbalsam
Lars er vill etter sjampokroppssåpehårserum og deodorantane. Og han er ein meget sprek og tøff vossing som like gjerne dusjar ute i fossen som inne på varmt bad 🧖‍♂️
 
Sjampo med ville urter har gjort underverk for Lars sin hodebunn, og håret hans skin meir enn før! 🤩 Det er forresten fleire menn (og damer) som kommenterer at dei får meir fall i håret etter jamnleg bruk av vår ville sjampo, og hodebunnsplager merkar både unge gutar og eldre menn rask effekt på. Så: det er berre å slutte med hode&skulder sjampo og prøve ut naturleg pleie frå nesle og kjerringrokksjampoen vår på flass i staden 🌱🧡
 
Kombiner gjerne sjampo med Rosmarin eller Sitrongras hårserum, i både hår og skjegg! Eg og mannfolkene her er sikker på at du vil elske det og! 😍
menns favorittar
Kamillebalsam har det kome enormt mykje tilbakemeldingar frå menn i alle aldre på. Når Jonatan rulla i brennesle 2 år gamal, endte han med å sitte og smøre seg inn med Kamillebalsam sjølv då han kjente den raske lindrande effekten
 
🦷 Tannlege Erik Barman (faktisk verdas beste holistiske tannlege) bruker den på seg sjølv i ansikt og føtter, på bistikkene (han røkter biene mine no, då eg er meget allergisk mot bistikk og berre ender på legevakten 😣), og så bruker han Kamille på pasienter mot sopp og betennelser i munnen.
 
Olav, min kjære økobondesambuar, brukar Kamillebalsam på både kalvar, kyr og seg sjølv! (Ringblomstsalven måtte han forresten begynne med med ein gong me vart saman, slik at han fekk bort eksemen i ansiktet sitt. Og så elsker han Sensuell då…hehe 😉)
olav og kamillebalsam
👉 Første rapport om Kamillebalsam sin fantastiske effekt mot psoriasis kom frå ein eldre mann i Hardanger. Han var og den første som fortalte meg at han fekk dekka ein større sum gjennom NAV årleg for å bruke Kamillebalsam på psoriasisen sin, noko som er heilt utruleg bra og eit meget vanskeleg nålauge å kome gjennom!
 
👉 Ein av dei siste tilbakemeldingane på panterbalsam kom forresten frå sonen til ein eldre kar på 81 år:
 
«Min far på 81 sliter med smerter av helvetesild på ryggen. Etter og brukt mye forskjellige kremer fra helsehuset han bor på fikk jeg de til å prøve panterbalsamen fra Vossabia. Han sier selv at smertene er borte og at han ikke vil smøres med noen annen salve. Skal også prøve den på beina hans etter hvert 🙂»
 
🐝
 
🎖 Emil har no fått mange soldatar i militærleiren han tener i til å oppdaga Vossabia, og der er det jubel og etterspurnad etter dei no har fått prøvd og testa ut! 😄 For Vossabia og dermed naturen på huden, funker som ei kule! ❄️ I kulden i vinter var Kuldekrem heilt super, no framover på øvingar ute i sol ☀️ blir solkrem gull, men aller mest er det universalen Ringblomst og ikkje minst Panterbalsam som blir etterspurt 🦟 Spesielt etter at Emil stod ute i myggland i nord utan mygg og knott på seg, medan resten av soldatane vart plaga og stukken. 🖤 Panterbalsam – elska av menn og kvinner, hata av mygg og knott! 😂
menns favorittar
Så, om du er ein hulemann eller hipstermann - Vossabia er perfekt for deg uansett! Ung og gamal, mann og gutunge – Vossabia gir deg naturen på huden og rein glede til kropp og sinn! 💚 Smør deg inn med urter og bivoks og kjenn forskjellen! 🌱🐝
menns favorittar