Ekslusivt pakketilbod på naturleg deo - kun denne veka (t.o.m. fredag 23. september. [Klikk her]

💪🏼Meir fokus på kvinnehelse NO!

Så rart at kvinnehelse, underliv og fødselshelse fortsatt er tabutema å snakke om, til og med ofte kvinner i mellom.. Så nettopp derfor vil eg ta opp (igjen) dette temaet😅😉.  Og samstundes informere om nokon produkt kundar har meldt om i årevis som gode hjelparar på ulike kvinneplager. Med fantastiske ingrediensar frå planteriket kan salvane betre plager som påvirkar kvardag og livskvalitet, sjølvtillit og relasjonar. Eg har eit stort behov for å informere og formidle om dette, slik at fleire får mulighet til å prøve om det og kan funke på dei. Så la oss gå nærare inn på tema me vanlegvis unngår 😉

I dag vil eg snakke om tørre slimhinner, kløe, eksem, sopp, hemoroider, rifter i underlivet og tette melkegangar for å nevne noko. I tillegg vil eg snakka litt om den forferdelege hudsjukdomen lichen sclerosus, som dessverre rammer fleire underliv enn me trur. Til slutt vil eg koma med eit godt tips om brystmassasje! Noko absolutt alle burde begynne med🍒 👍  Kor ofte høyrer du at kvinner bør ta meir på brystene sine? Veldig sjeldan, og det er nettopp difor eg vil prate om det!

Eg vil koma med tips og info om nokon av Vossabia sine naturproduktsom eg personlig har erfart er knallgode mot ulike kvinneplager, og som kundar har meldt meg om i mange år. Eg håpar denne informasjonen vil vere nyttig for mange av mine flotte kundar!

Min kjære kamillebalsam💖, av og til lurar eg på kva denne ikkje er god mot! Men, i denne samanhengen vil eg snakke om dei gode eigenskapane den har mot vaginal- og analkløe, underlivssopp, strekkmerker, underlivet før og etter graviditet, tunge og svette bryst, og ikkje minst lichen schlerosus.

Kamille er jo kjent for sine soppdrepande og klødempande eigenskapar, og vår supersunne kamillebalsam kan trygt brukast i underlivet. Eg har fått så mange tilbakemeldingar frå kundar som fortel korleis kløe i underlivet har forsvunne, og dette er noko eg sjølv og har opplevd. På slutten av forrige graviditet og etter fødsel opplevde eg ein intens kløe i underlivet, og den gjorde meg heilt sprø! Like før eg holdt på å klikke kom eg på at eg lagar jo produkt folk brukar mot kløe, kvifor bruker eg ikkje dei no? Eg kasta meg over kamillebalsam og smurte meg inn, og som det hjalp! Så kombinerte eg den med panterbalsam, begge deler smurt rundt i herligheten foran og bak og det funka knallbra med stor lettelse frå den sprø kløen! Kamillebalsam er også god for å førebygge revner under fødsel: smør deg godt og ofte inn med denne i svangerskapet, så er underlivet ditt forberedt på så og seie alt. Eg vil også tørre å påstå at kamillebalsam er hovudgrunnen til at jeg ikkje har revna under nokon av mine tre fødslar. Og, viss du har fått vaginal sopp kan denne trygt brukast både utvendig og innvendig, den har i alle fall hjelpt meg mot kjedeleg underlivsopp.

Som nevnt har eg fått svært rørande og gode tilbakemeldinger på at kamillebalsam også kan vere til hjelp mot den kroniske hudtilstanden lichen sclerosus. Den rammar som oftast huden i underlivet med intens kløe, hud som blir tynnare, stivare og etterkvart nærast krøller seg. Kvinner får ofte sterk kløe på kjønnsleppene, klitoris og rundt endetarm, medan menn (som ja, også kan få dette), får endringar i huden på penishovud og forhud (så eg anbefaler menn også å smøre kjønnsdelene med kamillebalsam for å førebygge (eventuelt forbetre) problem med for trang forhud og smerter ved ereksjon). Kvinner kan oppleve smerter ved samleie på grunn av irritasjonane i huden og eventuelle problem som kan kome med samanvoksninger på grunn av arrdanninger, men heldigvis blir ikkje slimhinner berørt. Men, alt i alt skikkeleg forferdeleg med ein kvardag prega av ein slik plagsom hudtilstand i underlivet.

Dette er ein typisk tabu-tilstand som eg ikkje hadde høyrt om før ein kunde spurte om råd, og eg anbefalte Kamillebalsam på grunn av symptomene ho skildra. Legar og gynekologar gir oftast ut kortison for denne sjukdom (som er sterke saker med innhald man burde vere forsiktig med, etter mitt syn), og kunden fekk lite effekt av kortisonbehandlingane.

Etter kun nokre veker fekk eg ein veldig rørande tilbakemelding frå den unge dama, berre sjå her:

Fleire kundar har no fått tips om kamillebalsam på denne fæle hudsjukdomen, og takk og lov, rask effekt på same plage. Eg blir så enormt glad for at min produkt kan hjelpe andre så mykje! Klump i halsen og tårer i augene rett og slett 💚

Som nevnt er kamillebalsam også veldig god mot svette, sår og sopp under bryst. Dette gjelder kanskje spesielt for dei med tunge bryst, men også for dei som er i svangerskap eller ammar. I slutten av forrige graviditet brukte eg sjølv mykje kamillebalsam, for å førebygge og forbetre plager som fulgte med klam og varm hud under brystene. Her kan eg og tipse om mine naturlege deodoranter, som hjelper med å halde området under brystene tørt og er derfor super for å førebygge.

Psoriasis

Eg har fått utruleg mykje tilbakemeldingar om at Kamillebalsamhjelper mot psoriasis for mange, no gjennom 18 år. Mi gode veninne 💖(og kunde) Wenche har fått god  hjelp av Kamillebalsam spesielt (men og ringblomst og hårserum), på psoriasis i hovudbotnen og skorpene som kjem av det. Psoriasis i hovudbotnen kan også vere veldig skjemmande og tabu for spesielt kvinner, då hårtap er noko som kan bli ein konsekvens ved større utbrot.

Herlege Wenche med Kamillebalsamen sin 💖

Kamillebalsam er kanskje det produktet eg får mest tilbakemeldinger på når det gjeld plager knytta til kvinnehelse. Eit anna produkt som og hjelper mot mykje er ringblomstsalve. Både kamillebalsam og ringblomstsalve er supre for strekkmerker, som er noko kanskje alle kvinner vil få i løpet av livet. Me skal gjennom mykje med våre fantastiske kroppar, med svingande vekt på grunn av hormonar, graviditetar, fødslar og amming, så strekkmerker kjem nok til å dukke opp. Viss du smører deg inn med desse salvene på mage, hofte og rumpe, så er det med på å førebygge og minske synligheten av strekkmerker, ved hjelp av dei næringsrike, sunne urtene, som også er superoppmjukande.

🌼Ringblomstsalve er også knall mot såre brystvorter, ved brystmassasje, eller bruk den også under svangerskap i underlivet til å styrke huden før fødsel. Både Kamillebalsam og Ringblomst er supre til det. Det er også eit stort pluss at det ikkje er farlig for babyen å få Ringblomstsalve (eller våre andre produkt) i seg ved amming. Difor kan du heilt trygt smøre inn såre brystvorter under amming, for å tilføre litt supernæring og rask og effektiv sårheling.

Eg får og mange tilbakemeldingar på god effekt mot hemoroider, noko som ikkje er så rart, og stemmer heilt med det som står skrive om ringblomst i urtelæren.

❤️Sensuell

❤️Sensuell er eit must have i nattbordskuffen, spør du meg. Dette er orginalt eit opphissande, naturleg og supersunt glidemiddel (trur eg snart skriv eit nyhetsbrev om dette 😉), men som også har utruleg mange gode helsefordelar.

Det er eit deilig, smidig, nydelig glatt og afrodisiak glidemiddel, oh jess!

Men, i tillegg er dette produktet heilt fantastisk mot tørre slimhinner. Dette er noko mange kvinner i overgangsalderen kan oppleva, men og unge kvinner opplever dette problemet. Ved å smøre deg med denne vil det bli glatt og godt i skjede og slimhinner. Det er med andre ord eit produkt alle kvinner burde ha!

Så er det 🧡panterbalsam då! Denne mangfaldige venen vår! Den er perfekt mot kløe i underlivet, og er veldig fin å blande med kamillebalsam. Denne får eg og tilbakemeldingar på når det gjeld hemoroider. Panterbalsam er både varmande og kjølande pga kombinasjonen av urter, og difor veldig god i kombinasjon med Sensuell i erotiske samanhenger. Den er, som du kanskje veit, knallgod mot vondter og verk, og kan difor og vere ein livreddar på menstruasjonssmerter. Smør inn der det gjer vondt, og du vil merke at det demper dei månadlege smertene.

Eit anna bruksområde panterbalsam er veldig godt for er ved tette eller sprengte melkeganger i bryst. Ved massasje løsnar den dei tette og klumpete melkegangane på ein fantastisk måte, og kan ta bort smerte og hindra betennelse. Ein ganske smertefull, men morsom historie er då eg drog på yoga retreat for blant anna å kome meg vekk frå Jonatan (då nesten 2 år) for å slutte å amme. Brystene heldt på å sprenge etter eit døgn, med tettare og tettare melkegangar, og det var kjempevondt. Heilt desperat, og ganske nervøs for å få infeksjon, så satte eg meg toppløs ute på eit svaberg og begynte å massere, først med Kroppsbalsam, så med Panterbalsam – og då tok det av! Alt løsna, og kort fortalt: eg spraya svaberget kvitt! 😂😂 Sikkert ekkelt å lese for mange, men so what.? Sånn er dette livet 😂 Det endte forresten med at Jonatan heiv seg rett på puppen når eg kom heim, og heldiggrisen får framleis melk 😂

Så var det brystmassasje! 

Når jeg var 22 år gjekk eg på eit brystmassasjekurs (ja du leste rett) der eg lærte meg ayurvediske massasjeteknikkar (av same fantastiske Devika, som holdt yoga-retreraten der svaberget bada i melk 😂). Denne brystmassasjen gjekk ut på å massere brystene i sirkler, 36 gongar begge vegane. Dette skal kunne bidra til å stramme opp og løfte brystene, og er i tillegg med på å førebygge sjukdom som kan førekomme.

Men, det viktigaste fyrst og fremst, synest eg, er at me kvinner rett og slett bør ta meir på eigne bryst. Ikkje berre i dusjen for å kjenne etter unormale klumper (viktig!), men massere brystene våre og sjå dei som ein like viktig del av kroppen å pleie og ta vare på som alle andre stader. Kor ofte har me fått høyre det? Sånn ca aldri?! Eg vil fremme brystmassasje, bli kjent med eigne bryst, stimulere vevet, muskulaturen rundt, og utivde massasjen til å inkludere både musklar og lymfer utanfor brystene.

Mange kvinner har dessverre opplevd vanskelege og kompliserte ting både fysisk og emosjonelt når det kjem til bryster, slik som operasjonar eller kreft. Brystmassasje kan og i desse tilfellene vere eit gode og emosjonelt forløysande. I ayurvedisk indisk medisin blir brystmassasje fremma av mange grunnar:

Fantastisk spør du meg, og så godt å gje 5 -10 min av dagen til seg sjølv slik. Alle produkta eg har nevnt i dette nyhetsbrevet er fantastiske å bruke til dette, men eg vil og nevna  Kroppsbalsam med ville urter.  Den er fantastisk god og smidig, og inneheld mange urter som er knallgode for kvinnehelse, som rødkløver og ryllik frå bakkane mine.

Oppfordring: Av med gensar og BH, og sett i gang med brystmassasje! 😘 💚

Hausthelsing frå Renate

🐝 Vossabia

 


Gi en kommentar

Vennligst mer at kommentarer vil måtte godkjennes før de publiseres