Kjenner du deg heime i eigen hud? 💛
Det er noko eg har hatt lyst å skrive om lenge.
For det kjem ofte spørsmål om råd og produkttips – og like ofte kjem det tilbakemeldingar som eg kjenner er for verdifulle til å berre bli liggande i innboksen.
For dette er så vanlege hudutfordringar som gjeld så mange:
- Kviser
- Hudormer
- Rosacea
- Store porer
- Rødme og raude utslett
- Urein hud
Og det handlar nesten aldri berre om “hud”.
Det handlar om korleis me føler oss.
Eg hadde ein del urein hud, små kviseutbrot, hudormar og store porer før eg starta med Vossabia for 22 år sidan. Eg stod alltid og sjekka litt ekstra i spegelen. Kneip litt på haka. Studerte nasen litt for lenge. Kjende at huden ikkje heilt representerte den eg var inni meg.
Nokon som kjenner seg igjen?
Eg trur velvere for mange ofte startar i ansiktet. Når me trivst med huden i fjeset, får me meir ro i sinnet også.
Og det er nettopp difor det betyr så mykje for meg når folk skriv til oss etter dei har prøvd Vossabia og seier: «Huden har aldri vore finare!»

"Jeg har slitt med uren og hud og arr siden 13 års alderen, det har vært turbulent siden. Men nå, oi oi oi! Flere sier det til meg. Spesielt samboeren min har merket det, og meg selv selvfølgelig. Det er helt utrolig! Sjekk før og etter bilde. Produktene dine har gjort under for meg."
Ronja brukar Ringblomst og Tindved og nesle

Eit av dei første produkta eg utvikla snudde alt for meg.
Ringblomstsalven har i 22 år vore min daglege ven – den som gjorde huden slett, smidig og fri for ureinheter. Men det gjeld ikkje berre meg.
Me får meldingar kvar einaste veke – frå ungdomar, vaksne kvinner, og ja: menn faktisk – om korleis Ringblomstsalven, Tindved & Nesle og Rose- og rødkløverskrubben har gjort noko veldig fint med huden deira.
Har slitt med små kviser i panna og synlige porer rundt nesa. Etter tips fra en venninne prøvde jeg Ringblomstsalven og har ikke brukt noe annet siden. Bruker den hver kveld og våkner med spenstig, glødende hud. Porene er mye mindre synlige, og de få kvisene jeg får, forsvinner raskt. Virkelig verdt pengene!
- Eline R.
Han er rask med å si fra når det nærmer seg å være tomt i boksen. Han har nesten ikke kviser nå👏
- Gunhild F.
Når huden er i ubalanse, kan det påverke sjølvkjensla meir enn me ofte innrømmer.
Og difor veit eg at desse tilbakemeldingane betyr meir enn berre orda som står der. Det kan bety meir tryggleik. Meir ro. Ei kjensle av å kjenne seg finare, meir heime – og meir seg sjølv.
Så i dag vil eg dele litt meir av det eg har lært gjennom 22 år med hud og planter:
🌿 Kva kviser og rosacea eigentleg handlar om
🌿 Nokre myter eg vil knuse
🌿 Korleis hud kan kome tilbake i balanse – naturleg og skånsamt

🌿 Kva er eigentleg ei kvise?
La oss starte heilt enkelt.
Ei kvise oppstår når ei pore blir tett, talg hopar seg opp, og det oppstår betennelse i talgkjertelen. Det handlar ikkje om ureinslegheit.
Hormonendringar er ein vanleg årsak – særleg i tenåra – men arv, genetikk, stress, livsstil, kosthald og kosmetiske produkt kan også spele inn.
Rosacea er ein betennelsestilstand i huden, ofte med rødme, varmefølelse og sensitivitet. Der spelar genetikk, svekka hudbarriere og immunrespons ei rolle.
Felles for både kviser og rosacea er ofte dette:
👉 Betennelse
👉 Svekkja hudbarriere
👉 Hud i ubalanse
Og når me veit det, kan me og forstå kvifor så mange “standardråd” blir litt feil for mange.

Ronja skreiv vidare: "folk må få vite at deres produkter virkelig, virkelig hjelper og faktisk gjør under 😍 Jeg har slitt med kviser, arr, betennelse i huden og solskadet hud. Jeg får typ ikke kviser lenger og arrene mine har jevnet seg ut. Det er helt utrolig. I tillegg har jeg fått baby-rumpe myk hud i ansiktet 😂"

🌿 Myteknusar 💥
Eg har lyst å knuse nokre myter – ikkje for å vere krass, men for å informere.
For når ein forstår hud, blir det mykje lettare å ta gode val.
❌ “Fett gir kviser”
Feil type fett kan tette – til dømes mineraloljer, silikonar og oksiderte oljer. For mykje, for tett, for “dødt” fett kan og skape stagnasjon i porene.
Men: riktig type fett kan regulere huden.
Huden treng fettsyrer for å fungere normalt. Når huden manglar linolsyre (vanleg ved kviser), blir talgen tjukkare og meir komedogen.
Planteoljer som tistel, nype, hamp og tindved gir nettopp dei fettsyrene huden ofte manglar. Difor opplever mange at porene blir mindre – ikkje større – ved bruk av Ringblomstsalve og Tindved & Nesle. Og kvisene blir færre.

❌ “Rosacea tåler ikkje oljer”
Rosacea tåler ikkje irritasjon – det er sant.
Men rosacea toler ofte svært godt milde, betennelsesdempande planteoljer som styrker hudbarrieren.
Ringblomst og tindved roer betennelse samtidig som dei styrker hudbarrieren og hudens mikrosirkulasjon.
Og som ein ekstra bonus: Ringblomstsalven vår kan roe nerveendar i huden og gi mindre svie og kløe på grunn av samansetting i produktet.

❌ “Peeling forverrar urein hud”
Hard peeling forverrar, ja.
Men mild, botanisk fornying hjelper.
Når døde hudceller blir fjerna skånsamt, får talgen sleppe ut. Porene pustar. Huden blir mindre stagnert.
Og her kjem me til dei tre produkta eg ser gir så mykje støtte til hud i ubalanse.

🌼 Ringblomstsalve – regulering og reparasjon
Ringblomstsalven var eitt av dei første produkta eg utvikla – og det vart også raskt eitt av dei mest populære. Og slik er det enno, etter så mange år.
Den er ein ekte universal, og i 22 år har det kome tilbakemeldingar frå ungdomar og vaksne med:
- kviser
- hudormer
- rosacea
- atopisk hud
Det er fordi Ringblomstsalven vår:
✔️ dempar betennelse
✔️ styrker hudbarrieren
✔️ gir riktig feittprofil
✔️ let huden regulere seg sjølv
Ringblomstsalven gir huden akkurat det den manglar: ro, reparasjon og riktig type næring.
Begynte med ringblomstsalve da jeg plutselig 59 år gammel fikk utbrudd av en hissig rosacea, som antibiotika ikke hindret at kom tilbake. Lette etter produkter og fant denne salven. Etter et par måneder med salven var rosacea utslettet borte! Holdt seg fint siden.
- Trude H.
Etter 2 år med forskjellige kremer fra hudlegen og legen, så ser vi endelig stor bedring i ansiktet til gutten vår. Anbefaler.
- Natali B.

🍊 Tindved & Nesle – regenerering og glød
Tindved & Nesle er ikkje berre ein glød-balsam for ansiktet. Eg og mange ELSKAR den for gløden og smidigheten den gir – men det er berre ein del av dette “kinderegget”.
Den:
✔️ støttar cellefornying
✔️ gir naturleg vitamin A-effekt
✔️ regulerer talg
✔️ gir elastisitet utan å tette
Mange med blandingshud og hormonelle kviser opplever:
- færre utbrot
- jamnare hud
- mindre porer
- meir smidig hud
Gir fin glød, minsker rynker og gir veldig god fukt. Den er VELDIG drøy! Jeg får lett uren hud, og blir fort tørr. Ikke med denne :) Super som nattkrem!
- Karianne S.
Tindved & Nesle 🙏 Sterkt plaget av Rosacea, flekkvis tørr hud og atopisk eksem har jeg prøvd det meste uten hell. Har ikke ord. Bruker den hver natt, huden er like myk og smidig når jeg våkner. Ingen stiv og stram maske lenger, ingen kløe eller irritasjon. Den gir en fantastisk glød, så jeg bruker den også om jeg skal ut på noe spesielt. Frelst!
- Adelheid W.

Ringblomstsalve og Tindved & Nesle er populære for ansiktshuden, og det trengs kun ein bitte liten mengde. Dei er begge fantastiske og kan brukast som dag- eller nattkrem. Eg veksler på det.
Det viktigaste for meg er at eg får næringa og samansettinga frå desse to juvelane kvar dag. Dei er rett og slett ein del av mitt daglege hud-kosthald.
Eit siste steg som er avgjerande for flyt og balanse i huden ved ureinheter, kviser, betennelsesreaksjonar – å hjelpe huden å kvitte seg med det som ligg og stenger.

🌸 Rose- og rødkløverskrubben – fornying og sirkulasjon
Fekk du forresten med deg at denne deilige ansiktsskrubben vart kåra til Skandinavias beste peeling 2025? ⭐️
Den er skånsam, vitaliserande – og den gir ei kjensle av:
“Åh, huden min kan puste igjen”.
Rose aukar sirkulasjon og gir frisk farge.
Rødkløver rensar og styrker.
Rismjøl fjernar døde hudceller skånsamt og absorberer overflødig talg.
Dette er ikkje ein skrubb som sliter på huden. Det er ein skrubb som vekker den.
Synes den hjelper veldig mot kviser og hudormer! 🤩
- Elise H.

🌿 Hud i balanse
Når du kombinerer desse tre:
🌸 Mild fornying
🌼 Reparasjon
🍊 Regenerering
…då skjer det noko vakkert.
Huden roar seg. Porene trekker seg saman. Utbrota kjem sjeldnare. Rosacea blir mildare. Gløden kjem tilbake.
Og kanskje viktigast: eg håpar du kjenner deg meir heime i eige ansikt.
💛 Av og til treng huden berre riktig støtte.
![]() |
|
Helsing frå Renate og Vossabia-teamet 💛 |





