Så her er dealen: Dei siste 21 åra har eg fått testa kvart einaste produkt me har, enten eg ville eller ikkje. Nokre har vore heilt konge, andre… vel, la oss seie det sånn: leppestift er ikkje heilt min greie 💄
Sjølv om leppepomade med farge ikkje passa heilt til meg er eg veldig fan av Vossabia-produkta og dei har alltid vore ein fast del av kvardagen min. MEN eg har tre soleklare FAVORITTAR! Og det er med god grunn at Emils favorittar faktisk har fått ein livslang plass i lomma, på nattbordet og i livet mitt 🤩
🐝🧡
![]() |
La oss begynne med Ringblomstsalven! 🧡
Denne fantastiske salven har vore med meg gjennom tjukt og tynt, alltid klar som ei hjelpande hand, uansett kva eg har rota meg opp i.
For det har blitt ein del knall og fall opp gjennom åra, og når du har Jackass som forbilde i ein alder av 10, ja, då kan du berre gløyme eit liv utan skrubbsår og blåmerke. Og kva skjer om ein ikkje behandlar desse såra? Jo, då får ein arr 😅

Eg hadde eit ordentleg uhell for nokre år sidan, der eg skrapa opp halve ansiktet mitt i ein skikkelig trynings på sykkel 🚴 Då var eg livredd for at eg skulle ende opp som Two Face frå Batman 🦇 Men med Ringblomstsalven smurt på kontinuerleg i to veker, så var alt borte - som om ingenting hadde skjedd 🙏

Noko av det eg og likar best med Ringblomstsalven er at den har så utruleg mange bruksområder. Så no når eg var i militæret har eg vist både medsoldatar og befal kor fantastisk denne salven er. Alle fekk seg ein skikkeleg oppvekkar då eg fortalte at Ringblomstsalven kunne hjelpe mot kviser, sår, irritert hud, etterbarbering og tørre hender. Eg fekk dei til å prøve litt, mest på gøy i starten, men det tok ikkje lang tid før folk kom bort med eit alvorleg blikk og sa: "Ok, dette funkar faktisk." 🙌
Det gjekk frå å vere ei morosam greie til "Emil, har du den salven?" i rekordfart. Så eg gjorde det einaste rette: plinga på mamma og fekk ho til å sende opp store forsyningar med produkt som eg kunne dele ut. Plutseleg var eg ikkje berre ein soldat – eg var Vossabia-dealeren 😂🫡
Og det funka sjukt bra! Tørre hender i den kalde nordavinden? Fiksa. Irritert hud etter for mange timar med hanskar? Null stress. No går dei fleste rundt med ein Ringblomstsalve i lomma og meiner at dei ikkje er KTS (Klar Til Strid) utan den.
Og som om ikkje det var nok, så har faktisk Ringblomstsalven blitt med halve troppen vår på oppdrag til Litauen! Så det er vel berre eit spørsmål om tid før eg må sende ned nye forsyningar dit og.😉

🐝🩵
Når du veks opp med to birøktarforeldre, er det berre å akseptere at bistikk er ein del av kvardagen. Det er som skatt – du vil ikkje ha det, men du slepp ikkje unna. Eg veit faktisk ikkje kor mange gongar eg har blitt stukken av bier, men talet er høgare enn eg kan telje, og eg har gått på skule 🐝😅
Men sjølv om stikkene gjer vondt og det svir og klør der og då, så har eg erfart at Kamillebalsamen får roa ned dette kjapt. Denne salven har verkeleg vert til hjelp når eg har fått slike stikk, enten frå bier, veps, mygg, flått eller knott, så hjelper den veldig mot hevelsen og irritasjonen.

Eg fortalte om bistikk som ein del av livet på Dyrevenn på NRK Super
Å vere mykje rundt og plukke plantar har vert ein stor del av oppveksten min, då inkludert brennesle, som er ein av ingrediensane i Sjampoen vår (som eg også diggar… kanskje eg må lage ei ny pakke med denne og? 😉) Brennesle har mange fantastiske eigenskapar, som å vere full av næringsstoff, styrkande for håret, bra for huda, og til og med brukt i folkemedisin i hundrevis av år 💚 Men prøver du å plukke den utan hanskar? Då bryr du deg brått ikkje om alle dei gode eigenskapane, du tenkjer bare på korleis du kan amputere hendene dine på ein rask og smertefri måte 😱🤣
Her igjen er Kamillebalsamen utruleg god for å dempe irritasjon, kløe og vidare neslebrann, og min erfaring er at det berre etter nokre minutt kan ha fjerna svien og kløen heilt! 🙏
Her igjen er Kamillebalsamen utruleg god for å dempe irritasjon, kløe og vidare neslebrann, og min erfaring er at det berre etter nokre minutt kan ha fjerna svien og kløen heilt! 🙏

Lillebroren min Jonatan fekk kjenne den kjappe effekten av Kamillebalsam etter han stupte kråke i mamma sine hellige brennesler når han var nett fylt 1 år. Når han kjente kor godt det hjalp så berre tok han krukka og smurte vidare sjølv, smartingen 💚 Lignar vel på meg, han 😉
Ok, dette er litt flaut å innrømme, men ja – eg fekk fotsopp i militæret🦶Mellom to tær. Eg veit. Og eg skal vere ærleg – det var ikkje akkurat eit stolt augneblink i livet mitt 🫣 Når eg oppdaga det tenkte eg "Nei, nei, nei, dette skjer ikkje." Men det skjedde. Når føtene dine konstant er klamme, ikkje får luft, og du lever i eit miljø der hygiene er meir eit luksuskonsept enn ein realitet, så er det berre eit spørsmål om tid før noko uvelkome flyttar inn 🍄
Men i staden for å krisemaksimere og google meg inn i ein eksistensiell panikk, gjorde eg det einaste logiske: Eg drog fram Kamillebalsamen.
Men i staden for å krisemaksimere og google meg inn i ein eksistensiell panikk, gjorde eg det einaste logiske: Eg drog fram Kamillebalsamen.

Eg begynte å smørje meg mellom tærne med ein gong, og etter ei veke var det heilt borte – for godt!
Null stress, null sopp, berre glade tær igjen. Så viss du nokon gong hamnar i same situasjon (og let oss vere ærlege, det skjer med dei beste av oss), Kamillebalsamen har ryggen din – eller, i dette tilfellet, tærne dine 😅
Kamillebalsamen er som ei roleg, omsorgsfull bestemor som stryk deg på ryggen og seier “slapp av, alt ordnar seg”. Men nokre dagar treng du ikkje bestemor, du treng ein panter som sparkar deg tilbake i form 🐆🔥

🐝🖤
![]() |
For når musklane skrik, kroppen er sleten, og du bare vil bli liggande i senga for alltid, då kjem Panterbalsamen 🖤 til unnsetning og hjelper deg opp att på hesten 🤩

Gjennom eit aktivt liv med mykje trening og bevegelse, kjem ein seg ikkje unna stive musklar, og då er det gull å ha med seg Panterbalsam! 🖤 Når eg seier at Panterbalsam er gull etter trening, så meiner eg det. Eg, og fleire av venene mine, har fått denne inn som ein fast rutine før og etter løping 🏃🏼♂️
Kompisgjengen brukte den blant anna under eit backyard ultra løp på Voss, der min gode kompis/kollega og ein av Vossabia sine sponsa utøvarar Marius Flatebø (sjekk han ut på Instagram @marius_flateb) fullførte alle 12 rundane, totalt litt over 80km. Då var Panterbalsam til god hjelp både før og etter! 🙌
Før løpeturen? Den gir ein varmande effekt som får i gang blodsirkulasjonen, slik at musklane kjennast klare frå start
Etter løpeturen? Den hjelper med å løsne opp stive leggar og lår, slik at eg slepp å gå rundt som ein cowboy dagen etter. Det er som å ha ein liten fysioterapeut på boks 🔥💪

Alle vennane mine er heilt hekta på Vossabia og!
Eg har slitt og slit litt endå litt med sterk hovudpine/migrene, men gjorde det veldig mykje meir før. Dette forekom ofte på grunn av stiv nakke og augeanstrengelser, men då var det ein ting som hjalp meir enn både Ibux og Paracet, det var sjølvsagt Panterbalsam!
Då smører og masserer eg denne deilige salven godt inn i nakken min og over bihulene, der eg alltid får hovudverk 🫨. Dette aukar blodsirkulasjonen og eg kan kjenne korleis dette verkeleg løyser opp smertene. Så dette er noko eg anbefalar alle å teste ut, istadenfor å gå rett på Ibux og Paracet.
Med Panterbalsam har eg mykje erfaringar frå militæret, og det er ikkje bare til stive musklar, men for å halde myggen/knotten unna 🦟! For oppe i Nord er det eit nytt nivå på mygg og knott, der dei er blodtyste som vampyrar på tom mage! 🧛 Dette er eit stort problem for dei fleste, men eg? Eg kunne stå der heilt avslappa medan resten av troppen min banna, veiva vilt og såg ut som dei prøvde å vinne ein usynleg boksekamp. Dei lurte på kvifor eg såg så upåverka ut. Hemmelegheita? Eg hadde smurt meg med Panterbalsam! ✌️

Så om du nokon gong finn deg sjølv i ein krigssone av mygg og knott, gjer som meg: smør deg med Panterbalsam og lat dei jakte på nokon andre! 🚀🐆
PS: Om de synst dette var heilt krise dårleg, så kan eg trøyste dekan med at dette truleg er fyrste og siste gong eg får ansvar for eit nyheitsbrev. Men om de likte det? Då må de gje beskjed, så kanskje eg kjem tilbake med fleire historier (og potensielt ei ny pakke… Emils ULTIMATE SUPERPAKKE? 😉