🌿 Når hodebunnen irriterar
Hodebunnsplager er eit skikkeleg “stille” problem. Det snakkast ikkje så mykje om – men etter å ha sett gjennom hundrevis av skriftlege tilbakemeldingar som har kome berre det siste året er det ingen tvil om at det klør i mange hodebunnar.
Og det irriterar. Det flassar. Det fell av meir hår enn ein likar. Og det er veldig mange med eksem og psoriasis i hodebunnen. Og mange av desse vanskelege plagene får altså folk over heile landet hjelp mot med våre urteprodukt. Det hadde eg ikkje forutsett, og det gjer meg rørt kvar dag!
Sliter med kløe i hodebunnen. Etter at jeg har brukt denne sjampoen klør jeg ingengting!!!! Lukter amazing.
- Camilla D.
Pleier hår og hodebunn og balsam er helt overflødig. Min psoriasis i hodebunnen har blitt mye bedre også. Og dufter rent
- Elisabeth S.
Har Atopisk eksem, å har hatt mye plager blant annet i hodebunnen. Nå kjennest det helt flott ut. Ingen kløe. Helt supert
- Mariann B.
Og på kvar marknad me har stått gjennom alle desse åra, kjem folk og spør om hjelp og opnar seg nydeleg opp:
“Eg slit med hodebunnen min…”
Det påverkar livet til folk meir enn ein skulle tru 💚 Å kjenne sin eigen hodebunn, eller sjå flasset på kleda, eller kjenne tynnare og tynnare hår…
Og det er ille nok, men nokon har verkeleg store utfordringar som påverkar livet i stor grad.
Eg hugsar spesielt mannen som kom på ein marknad og trengte hjelp til kona som ikkje lenger ville gå ut pga voldsom psoriasis i hodebunnen. Ho hadde fått sosial angst. Håret hadde begynt å falle av, hodebunnen var raud, sår og flakete. Dette var før eg utvikla sjampoen, og etter mykje erfaring med Kamillebalsam på psoriasis anbefalte eg å prøve den.
Etter vel ein månad ringte dei og var heilt på gråten av glede. Overlegen på sjukehuset der ho fekk sterk behandling for psoriasisen sin hadde ikkje kjent ho igjen der ho kom med roleg og fin hodebunn og nye hår på veg 🥰
Uro i hodebunnen kan altså lett gje uro i kvardagen. Då er det nydeleg med alle som får hjelp med gode og balanserande planter frå våre naturprodukt:
- Andre L.

🌿 Det handlar ikkje om magi – det handlar om miljø – miljøet i hodebunnen
Hodebunnen er hud, men ikkje kva som helst hud. Den er tettpakka med hårsekkar, full av talgkjertlar, nerveendar og blir påverka av hormon og stress. Små ubalansar kan gje store utslag. Og nesten alle desse plagene har noko felles:
👉 Betennelse
👉 Ubalanse i mikrobiomet
👉 Svekka hudbarriere
👉 Dårleg mikrosirkulasjon
Då eg etter to års utviklingstid lanserte Sjampo med ville urter for i 2015, var målet ikkje berre å rense mildt og gje glansfullt hår. Det var å støtte miljøet i hodebunnen med dei beste urtene. Men, eg kunne ikkje forestille meg den responsen og effekten folk raskt opplevde.
Etteer berre ei veke med salg kom den første meldinga om psoriasis. Ei kollega på Bondens Marked var nesten kvitt sine plager med psoriasis i hodebunnen.
Etter det kom det jamt og trutt meldingar:
💬 “Kløen forsvann.”
💬 “Flasset blei borte.”
💬 “Eksemen i hodebunnen roa seg.”

🌿 Frå engene våre – rett i sjampoen
Sjampoen er laga på ein kraftig urtete av brennesle, kjerringrokk og ryllik – plukka på garden og foredla her hjå oss. Det er rett og slett ureiste urter i sjampoen og alt er handarbeid! Kor unikt er ikkje det?
Ja, det er mykje arbeid! Men SÅ verdt det! 💚 Men eg skal innrømme at eg i starten sleit litt med at den så raskt blei veldig populær, for den var omtrent hellig for meg med alt arbeidet og innsatsen og kunnskapen som låg bak.
Eg ville nesten ikkje selge for mykje 😂 Men, ok, det vegde raskt opp at SÅ mange fekk nytte og glede av den!

Jeg bruker den sammen med Rosmarin hårolje (massasje om kvelden, vask om morgenen), og det har gjort stor forskjell – spesielt rundt hårfestet der jeg før hadde mye skorper.
Bruker også sjampoen på datteren min. …
- Anna
Når me lagar sjampo luktar det deilig urtebrygg på produksjonskjøkkenet, og det sprer seg i heile huset av planter som er på veg til å bli ein balanserande sjampo.
🌿 Brennesle støttar talgregulering og mineralbalanse.
🌿 Kjerringrokk er rik på silisium – viktig for styrke rundt hårrota.
🌿 Ryllik er den stille undervurderte helten – betennelsesdempande og roande for overaktiv hud.
Du får altså ikkje berre mild rens i denne sjampoen. Du får plantekraft som arbeider med miljøet i hodebunnen. Dette er botanisk terapi for hår og hodebunn 💚

- Thorild H.
🌿 Når sjampo og serum samarbeider
For nokon har hodebunnen vore i ubalanse lenge. Då treng den kanskje meir enn det sjampoen gir. Den treng noko som får bli verande og balansere og støtte hodebunnen i timar om gongen. Som masserast ned i røtene. Som arbeider gjennom natta.
Det var difor eg utvikla hårseruma (og ja, fordi eg også ville ha eit sunt serum til lett styling 😉 Elsker dei til det og!)
Gir håret mer glans, og krøller. Begynte å gi håret en etterlengtet kur og bruker hårserum nå jevnlig. Superfornøyd med produktet.
- Siri T.

🌿 Hårseruma – lokal plantekraft heilt ned til rota
Begge seruma har ein base som liknar hudens eigne lipidar: jojoba, ringblomstolje, squalane, kokos og kakaosmør. Dei støttar hudbarrieren og gir næring.
Men det som verkeleg skil dei, er tinkturane frå nøye utvalde plantar – plukka på garden og foredla av oss.
I Rosmarin Hårserum finn du ringblomst, rosenrot og kjerringrokk som tinkturar, saman med den heilt vidunderlege blandinga av eteriske oljar: rosmarin, basilikum og peppermynte (eg trekker pusten djupt inn kvar gong me lagar den, det er så utruleg deilig duft, eg dåner nesten 💚).
🌿 Rosenrot støttar ved stressrelatert hårtap.
🌿 Kjerringrokk styrkar strukturen rundt hårrota.
🌿 Rosmarin aukar mikrosirkulasjonen.

- Silje
Den friske og stimulerande Sitrongras Hårserum har same nærande base, men med rylliktinktur og rosenrottinktur, saman med sitrongras, rosmarin og eukalyptus.
🌿 Sitrongras verkar antifungalt (viktig ved flass).
🌿 Ryllik roer inflammasjon.
🌿 Rosenrot støttar ved stress.
💬 «Motvirker irritert hodebunn. God duft»
💬 “Brukte den i hodebunnen hver dag i en uke – og da var kløen borte.”

🌿 Kva skal du velje?
Vel Rosmarin om du også ønsker:
→ meir sirkulasjon
→ styrke
→ støtte ved hårtap
Vel Sitrongras om du ønskjer:
→ lettare kjensle
→ ekstra fokus på flass og talgbalanse
→ frisk, rensande effekt
Begge kan hjelpe ved kløe og flass.
Eller bruk dei i periodar og saman – mange gjer nettopp det. Dei er eit supert par, dei er mine yin og yang ☯️
Uansett: Sjampoen legg grunnlaget. Seruma bygger vidare. Og det er ofte kombinasjonen som verkeleg gjer forskjellen 🌱

💛 Slik brukar du dei
1. Løft håret og pump eit pump der du vil behandle. Eg tek ofte litt her og der og så masserer eg godt inn direkte i hodebunnen om kvelden.
2. La det verke minst ein time – eller over natta.
3. Vask med Sjampo med ville urter om morgonen.
Ved kløe: prøv dagleg i ei veke.
Ved hårvekstfokus: 2–3 gonger i veka over tid.
Gni gjerne serumet lett mellom hendene før bruk i håret – då blir det mjukare og enklare å massere inn. Men det viktigaste er god massasje i hodebunnen.

🌿 Og kanskje det finaste?
Når hodebunnen blir stille. Når det sluttar å klø. Når du ikkje lenger tenker på den.
Men før det – ligg det mykje kjærleik 💚
Plantar plukka på garden. Urtete kokt frå botnen av. Tinkturar laga for hand.
Batch for batch med handlaga sjampo og hårserum. Og så kjem meldingane frå nøgde kundar.
Det er det som driv oss vidare.
For dette handlar ikkje berre om hår og hodebunn.
Det handlar om ro i røtene og balanse som kjem frå naturen rundt oss 💛
![]() |
|
Med djup takksemd |




