Bivoks er ei kraftfull gåve frå naturen og har ei rekkje fordelar for huden. Bivoks er ei superstjerne i hudpleie 🐝✨
🌿Beskyttande barriere – og perfekt for kvise- og akneutsett hud
Bivoks legg ei pustande og beskyttande hinne på huden, som skjermar mot ytre påkjenningar som kulde og forureining. I motsetnad til tunge, tette ingrediensar, er bivoks ikkje-komedogen– den tetter ikkje porene og let huden puste og fungere naturleg (talg er til samanlikning komedogen, og kan dermed tette porer). Bivoks er difor perfekt for sensitiv og akneutsett hud!
💧Fuktbevaring
Bivoks låser inn fukt og hindrar vassføring ut av huden, slik at den held seg mjuk, hydrert og smidig.
✨Huden sin naturlege mjukgjerar
Dei mjukgjerande eigenskapane i bivoks bidreg til å auke hudens elastisitet og kan redusere synlege fine linjer og rynker.
🛡️Betennelsesdempande og antibakteriell
Bivoks har naturlege antibakterielle og betennelsesdempande eigenskapar, noko som gjer den ideell for sensitiv, irritert eller skada hud.
🕰️Naturleg konservering
Bivoks stabiliserar hudpleieprodukt og forlengar haldbarheita på ein naturleg måte, utan behov for syntetiske konserveringsmiddel.

Kan Vossabias hudpleieserie brukast til ulike hudtypar og hudtilstandar?
Ja, absolutt! Det er blant anna Ringblomstsalve, Tindved og Nesle, Augebalsam og Kamillebalsam gode eksempel på! Og noko av det fantastiske med urte- og bivoksbaserte produkt, er at eitt og same produkt kan fungere godt for fleire ulike hudtypar og hudplager. Ein plante som ringblomst for eksempel, er skikkeleg universal med eigenskapar som passar alle hudtypar, og kombinert med tørr oljetype frå økologisk tistel så fungerer Ringblomstsalve sjølv for dei med feit hud. Blandingshud er ofte vanskeleg å finne produkt til, men mange kundar med blandingshud har i 21 år meldt om å ha endeleg funne produkt for blandingshud med spesielt Ringblomstsalve og Augebalsam. 🐝
Kva produkt anbefales mot kviser og akne?
Ingen tvil: Ringblomstsalve og Tindved og Nesle! Ringblomstsalven utvikla eg i 2004, og den er svært rik på ringblomst i ulike former, og saman med bivoks blir det knallbra mot kviser. Eg har ikkje tal på alle som melder om rask betring av ureinheiter, mindre porer, mindre kviser og akne og smidigare hud med Ringblomstsalve. Tindved og Nesle har også kome som ein rakett til toppen av produkt som er effektiv mot kviser. Om du i tillegg brukar Rose- og rødkløverskrubb eit par tre gonger i veka, så er det gode sjansar for ei strålande smidig hud.
Eksem, psoriasis og rosacea kan skjemme ut ansiktshuden, kva har Vossabia for dette?
Kamillebalsam er elles dronninga for mange som slit med psoriasis. Her kan ein også gjerne prøve Kroppsbalsam og altså Ringblomstsalve. Les og gjerne meir om våre tips angåande psoriasis her.
Moden hud då? Kva trengs for å fremje ei sunn og strålande hudtone når ein har passert 40?
Om eg skal velge eitt produkt: Heilt klart Tindved og Nesle! 🌿 Alle planteoljane og urteingrediensane i Tindved og Nesle er valt ut for sine høge innhald av antioksidantar, essensielle fettsyrer, og vitamin A og C. Dette er viktig for å regenerere huden, halde på smidighet og spenst i huden, og så er det tindvedbæret som gir den fantastisk fine gløden mange elskar.
Tindved og Nesle - også elska av italiensk beauty influencer
![]() |
Slik får du mest ut av produkta – morgon & kveld
Skvett kaldt vatn i ansiktet, tørk, og påfør Ringblomstsalve eller Tindved & Nesle. Massér godt inn for auka blodsirkulasjon!
Start eventuelt med ein runde Rose- & Raudkløverskrubb. Påfør Augebalsam rundt augene og Tindved & Nesle i ansikt og på halsen. Kuldekrem eller Solkrem gir ekstra vern i kaldt vêr eller sterkt sollys, og er også flotte ansiktsprodukt.
Vanlege feil?
Vossabia sine produkt er svært drøye. Du treng berre ein liten mengde! Kjennes det klissete? Då har du brukt for mykje – fordel då utover hals og bringe, og så tek du mindre neste gong.
Vossabia handlar om langt meir enn kosmetikk – det er ei djup tilnærming til natur og helse bak, og alle produkta skal vere næring til huden!🌿🐝 Med økologiske plantar og ville vekstar får du kraftfull pleie, heilt utan unødvendige tilsettingar.
Dronningbia 🐝 i Vossabia