FRI FRAKT KAMPANJE 24.11–04.12, for alle som handler for over 600kr 🐝 Skriv FRIFRAKT i feltet for rabattkode, eller trykk her.

Haustens herlege heimespa 🛀🍁 inkludert oppskriftar.

Heimespa 🌼🐝 

Hausten er tida for å skapa rom for velvære og å ta vare på seg sjølv. Få nok kvile, god næringsrik mat, og suge til seg det lille som er av dagslys – og kanskje kose seg med heimespa 🛀🧡 Med naturen på huden! 

I denne e-posten  får du oppskrifter på korleis du kan nytta dei siste skattane i naturen – og laga dine eigne spaprodukt 🌿💫 eller du kan «juksa» og kjøpa Vossabias heimespapakke med herleg kroppsskrubb, ansiktsskrubb og vitaminrik Kroppsbalsam - alt dette blir ein buffét for huden med mange herlege rettar som mettar og nærar og gjer deilig velvære! 

 [HAUSTENS HEIMESPA 15%]

Framleis mogleg å nytta og nyta naturen.

🧡 Hausten er ei tid då eg kjenner på ein blanding av vemod og nytelse.

Vemod over at sommaren er absolutt fullstendig over for i år,  og nytelse når eg tek inn haustens vakre fargecrescendo i fjell og skog⛰️

Me gjekk opp på seteren vår forrige dagen, eller stølen som me seier, og eg kjente på magien i ein elles fuktig og grå dag. Framleis er det noko oransje, gult og raudt som tviheld seg på trærne i skogen, sjølv om nesten alt lauv no fargelegg bakken og stien 🍁 Kontrasten er stor til fjellet som har fått eit tynt melisdryss av snø, som varslar at snart skal naturen kvile.

Men sjølv om naturen slepp ned skuldrene og gjer seg klar til den lange kvila, så er det framleis ein del vekstar som struttar av liv og lyst, som me kan nytte med glede og entusiasme. Ut på tur, kjenne på haust og kulde og kontrastar, OG: plukk med deg heim nokre plantar som kan forvandlast til eit nydeleg varmande heimespa! 

🥀Nyper for eksempel er skikkelege C-vitamin bomber – fantastisk å bruke i ansiktsmasker. 🌿Brennesle er fortsatt mogleg å finne friske og fine, groblad og - hiv dei i fotbadet! Det same med krydderurter som rosmarin, timian og salvie, og ikkje minst kvister av gran, furu og einer.

Nederst i mailen får du nokre oppskrifter om korleis du kan bruke desse skattane til å gje deg sjølv eit velfortent heimespa! 🌼🛀

 

2 heimespa pakker frå Vossabia: 🌼🛀 

Naturens magi er det fullt mogleg å gjenskape i ditt deilige baderom. Ta tid for deg sjølv, gje kroppen og huden ein buffét av fabelaktige råvarer i  🌼🐝3 herlege basisprodukt til superdigg heimespa

💚 Sitron- og honningsskrubb (250 ml)  Med honning frå biene våre og økologisk rårørsukker - gir deg fantastisk mjuk hud og DEN deilige opplevinga!

💜 Rose- og raudkløverskrubb for ansikt og hals (100 ml). Dette revitaliserande og rensande kinderegget er eit must eit par gonger i veka her! Du kan bruke den som ein utruleg deilig og effektiv rens/peeling og blande med vatn, favoritturteteen, øko eplemost eller kva med å lage først ei ansiktsmaske ved å blande med litt honning? Når du så skyller av får du skrubbe-effekten! Heilt nydeleg og ansiktshuden digger den!

💚 Kroppsbalsam med ville urter (100 ml) - her igjen med handplukka og skånsamt foredla urter frå garden, og resultatet er magisk deilig smøremiddel til heile kroppen som etterlet hud og sinn lukkeleg og smidig! 🤩

[🐝 Kjøp pakke 1 med 15%]

Det er så deilig å få pleie seg sjølv med eit deilig grønt heimespa basert på urter og bienes superråstoff, og spesielt no om hausten då kulden  begynner å krype inn i kropp og sjel.  Det er altså tid for HERLEG LUKSUS HEIMESPA! Sjekk kva du får med i denne grønne spapakken, der særs mykje av innhaldet er plukka rett utanfor døra her:

💚 Sitron- og honningsskrubb (250 ml) 

💚 Kroppsbalsam med ville urter (100 ml) 

💚 Sjampo med ville urter (250 ml) - her snakker me ultrapleie for hår og hovudbotn, og du treng ikkje balsam! Med handplukka urter, med kjærleik, av Renate 😅😘

💚 Hårserum (30 ml) med brennesle frå garden og jasmin frå Egypt - mange meiner dette er verdas beste hårserum, og eg er heilt einig 😁 eit par tre pump i handa og håret blir så glansfullt og sterkt og fylt opp med sunne saker!

💚 Minideo med sitrus (15 ml) - smør eit tynt lag med denne supersunne deo'en og du føler deg fresh og fin, klar for nye eventyr!

[🐝 Kjøp pakke 2 med 15%]

Lag eigne spa-produkter!

Visste du at 🥀nypene du finn ute kan foredlast til ei deilig og supersunn ansiktsmaske, og 🌿brennesle kan bli til eit lindrande ansiktsvatn. Og ikkje gløyme haustfrukt nummer 1: eple🍏! Fruktsyren i epler har faktisk mjukgjerande effekt på huden og passar perfekt i badekarvatnet. Har du fortsatt nokon plantar igjen i krydderhagen? Benytt moglegheita til å hauste dei inn og bruk dei til velvære og næring til huden din. Rosmarin og timian for eksempel er varmande og aukar blodsirkulasjonen. Og så den herlege dufta då! 😍

Aromaen er jo i seg sjølv næring og superfood til livsgleden, spør du meg!Sjekk under her for nokre tips til korleis du kan skape velvære og eit heimespa som er styrkande for både hud, kropp og gleden!

Ansiktsmaske med nyper og honning🥀🍯: 

Rosen sin frukt kan plukkast heile hausten, fram til frosten tek dei eller dei forsvinn under snøen. Visste du at Nyper inneheld meir C-vitamin enn appelsin, men også ein god dose jern og A-vitamin. 

Slik gjer du: 

Del nypene i to – få bort kjernen med teskje.

Legg nypehalvdelane og timiankvisten i ein panne med vatten.

Kok opp, senk varmen – la nypene småkoke under lokk i 5 min.

Hell av vatnet.

Ta ut timiankvisten.

Ha nypene over i stavmikser – lage pure konsistens.

Når avkjølt – rør i honning og mel.

(I oppskrifra skriv eg havremjøl, men du kan og bruke bokhvetemjøl eller ein anna næringsrik og helst økologisk mjølsort)

 💫💫💫

Ha ansiktsmaska rett på huden og la det virke i ca 15- 20 min.

Skyll så av med lunka vatn.

 

⭐ Resultatet: Ei herleg, oppfriskande maske med C-vitamin som held huden fuktig, ung og frisk. Spesielt C-vitamininnhaldet gjer at denne ansiktsmaska også passar veldig bra for moden hud.

Fruktig eplebad med timian og honning🛀🍎

Eplene er knallgode om hausten, og dei er i overflod dei fleste stadar og difor lett å få tak i. Kven elsker ikke eplepai og eplekake - men visste du at du også kan putte epler i badekaret? Eplene er kjempefine til å gje fukt og å mjuke opp huden – på grunn av fruktsyreinnhaldet.

Epler sammen med timian og honning – perfekt haustbad som friskar opp både hud og humør🍁🤩

Eg brukar økologisk most frå Finnegarden her på Voss. I stedet for tørka timian kan du bruka 1 kvist fersk timian om du har i hagen - dei held seg framleis godt i urtespiralen min. Og honningen er sjølvsagt honningen biene våre har laga 🐝

 

Slik gjer du:

Hell eplemosten i en panne, tilsett timian ha på lokk.

Varm opp eplemosten. Slå av når det kokar.

La eplemosten kjølne under lokk til ca 40 grader.

Sil ut eller fjern timiankvisten og rør i honningen.

💫💫💫

🛀 Dette kan du så helle rett i badekaret.  Legg deg ned og slapp av og nyt og la frukten gjere nytta si. Kanskje kan du samtidig ha på ansiktsmaska med nype?  Eller vår nydelege Rose- og Raudkløverskrubb, som også kan brukast som ansiktsmaske om du blander den med honning.

Ansiktsvatn med Salvie eller Rosmarin🌿🌱  

Eg elskar dufta av rosmarin og har mykje av den i hagen. Har du ikkje kjøkkenhage, så er dette ein krydderurt som det er lett å få tak i, og den kan brukast både fersk og tørka. 

Slik gjer du: 

Koke opp, legg på lokk, skru av plata og la stå. 

Tilsett 1 teskje eplesideredikk. 

(Tilsett eteriske oljer hvis du har) 

💫💫💫

⭐ Resultatet blir eit fantastisk godt duftande ansiktsvatn du kan rense huden med. 

 

👉 For mannen: 

🪒 Menn kan bruke dette som barberingsvatn. Eit anna tips til barbervatn er å bruke Salvie 🌱.  Her er bonusen også at salvie har ein antiseptisk effekt. 

Bruk same framgangsmåte som over - men bytt ut rosmarin med salvie. 

 

Håpar du får lyst til å komme i gang å laga ditt eige heimespa!

Lag deg ein kopp deileg krydderurtete

🍯-søt opp med honning - og nyt hausten🍁!

Hausthelsing frå Renate

🐝 Vossabia


Gi en kommentar

Vennligst mer at kommentarer vil måtte godkjennes før de publiseres