Hallo der nede! 👣 No skal føtene få litt kjærleik (og mjukheit!)

Hallo der nede! 👣 No skal føtene få litt kjærleik (og mjukheit!)

Dei bærer oss kvar dag, men får altfor sjeldan takk. No er tida inne for å smøre, skrubbe og kose – med Kamillebalsam, Panterbalsam og Vossabia sine herlege fottips!

Ok, la oss berre innrømme det. Det er ikkje så lett å snakke om føter.

Det er mykje greier med dei. Nokon gonger verker dei. Nokon gonger kjennest dei harde og ru, og det er flaut å vise seg barfot. Nokon gonger luktar dei … og jo eldre me blir, jo lenger bort frå resten av kroppen verkar det som dei kjem – i alle fall for dei som ikkje lenger rekk heilt ned 😅

Kine er eit unntak som ofte har føtene øverst på kroppen, hehe. 

La oss hylle føtene! ❤️

Kor ofte snakkar du eigentleg med vener eller kollegaer om føtene dine? Det er ikkje det typiske tema me tek opp kanskje. Folk blir ofte litt ukomfortable for mange mislikar dessverre føtene sine.

Men desse føtene er jo heilt utrulege! Dei bærer oss gjennom livet, held oss i balanse og gir oss jording, og er fulle av energipunkt som påverkar heile kroppen. 

Som Leonardo da Vinci sa: “The human foot is a masterpiece of engineering and a work of art.” 

Så la oss hylle dette kunstverket – og gje føtene litt av den kjærleiken dei fortener. 

Her kjem dermed nokre fabelaktige Vossabia-tips for å halde dei mjuke, smidige, friske og deilig duftande 🌸

🌸 1. Dagleg vask og tørk – små steg som gjer stor forskjell

Vask føtene godt kvar dag, gjerne rett før leggetid, så er dei klar for neste kjærleikssteg. Ja, det høyrest opplagt ut – men det er fort gjort å hoppe over når senga kallar!

Bruk gjerne ei naturleg og rensande såpe som Skogen på kroppen, og pass ekstra godt på mellom tærne der sopp likar seg. 

Tørk grundig – føtene dine vil takke deg med betre lukt, mjukare hud og mindre irritasjon.

La hud og hår nyte planter frå ville vekster og skogen med dette praktiske reisesettet med Sjampo med ville urter og Skogen på kroppen-såpe. 

💛 2. Kamillebalsam – fothelten gjennom 21 år!

Ei enkel, men magisk rutine på sengekanten: smør hælar, tær og heile foten med Kamillebalsam – den naturlege helten vår gjennom heile 21 år!

Denne enormt effektivt mjukgjerande, bakterie- og soppdrepande balsamen har redda tusenvis av føter frå knallharde hælar, sprekkar, fotsopp og ru hud. 

Etterpå glir du inn i senga med varme, velpleide føter som luktar mildt av blomar og natur – og du søv betre med beroligande kamille på føtene, garantert 🌼

(Sjå dei ekte erfaringane frå fornøgde kundar nedst – dei talar for seg!) 

💡 PS: Det deilige produktet vårt Mjuke Hender fungerer faktisk heilt fabelaktig på føter òg – dei blir mjuke som silke!  

🌿 3. Fotbad og skrubb – nytelse og helse i eitt

Eit varmt fotbad med epsomsalt, urter og litt Sitrus kroppsskrubb eller Krydra kroppsskrubb gir føtene mini-spa heime. 

Økologisk rørsukker og honning frå eigne bier skrubbar vekk gamal hud, medan urtene nærer og mjukgjer.

Det aukar blodsirkulasjonen, gir ein heilt nydeleg følelse – og får deg til å kjenne deg lettare i kroppen. Og så blir du sprøtt mjuk på beina etter skrubbing med våre kroppsskrubbar! 

Heksespa med Vossabia er moro! Fotbad, skrubb, ansiktsmaske og mykje latter og glede!

🌱 4. Deo på føtene

Ein naturleg deodorant med urter som Timian og Salvie er perfekt for deg som slit med fotsvette eller lukt. 

Begge desse plantane er kraftige antibakterielle og soppdrepande. Smør gjerne litt ekstra mellom lilletåa og naboen dens – der soppen likar seg best.

Eg passar på å gjere det når eg skal på lengre flyturar eller går med trange, klamme sko.

Og så er det supert å smøre litt timian og salvie mellom tærne etter eg har vore symjetrenar i bassenget, då alle offentlege stader kan vere grobotn for sopp.  

🦶 5. Fotmassasje, soner og foot-oiling – djuptverkande pleie

Føtene våre er ikkje berre for gange og balanse – dei er inngangsportar til heile kroppen!

Gjennom soneterapi veit vi at kvar del av kroppen speglar seg i føtene. Når du masserer føtene, stimulerer du faktisk heile systemet ditt – frå fordøyelse til søvn og hormoner.

I fleire tradisjonar vert dette kalla foot-oiling: å olje føtene for å stabilisere kroppen og dempe stress. 

Berøringa, varmen og olja verkar direkte inn på nervesystemet og får kroppen til å sleppe taket. Det hjelper mot overtenking, bekymring, søvnvanskar og uro blanta anna.

 

💫 Herbalistkollegaen min frå USA sa det så fint: “Rub your feet, oil your feet – you access so much of your body through your feet.”  

Når du smører føtene, resettar du nervesystemet.

Det er spesielt kraftfullt på hausten og vinteren – når naturen trekker seg innover, bør me òg nære, smøre og jorde oss.

Men, det er ikkje berre berøringa og trykket på sonene som påverkar kropp og sinn, men også kva planteolje du brukar.

Treng du mindre stress, roe ned, betre søvnen – ja då er olje laga på kamille, johannesurt eller for eksempel humle supre oljer å bruke.

💚 Tips:  Om du vaknar om natta og ikkje får sove – smør føtene midt på natta – med for eksempel Kamillebalsam. Varm hendene litt, smør og gje varme og plantekraft til føtene og dermed heile kroppen. Det stabiliserer kroppen og roer sinnet, og søvnen kjem kanskje lettare til deg att. 

🔥 Panterbalsam – krafta som får liv i slitne føter

Etter at eg lærte om foot-oiling, fann eg ut at eg eigentleg hadde hatt det perfekte produktet i hendene i årevis: Vossabia sin Panterbalsam.

Denne kraftfulle balsamen har redda føtene mine utallige gongar – spesielt etter lange dagar på beina eller helger på ståande på marknad.

Urtene i Panterbalsam – rosmarin, kamfer, eukalyptus og mynte – aukar blodsirkulasjonen, reduserer smerter, varmar, og gir samtidig ein forfriskande kjølande letthet. 

Når du masserer føtene med den, kjenn korleis den gode kjensla spreier seg, korleis spenningar slepper, og korleis kroppen fell til ro.

💆 Vil du gjere litt ekstra ut av det?

  1. Start med eit varmt fotbad – gjerne med urter eller litt olje. Avslutt gjerne med skrubb.  
  2. Tørk føtene godt. 
  3. Smør kjærleg inn med Panterbalsam (eller Kamillebalsam for ekstra mjukgjerande effekt)
  4. Masser roleg heile fotsola, hælen, anklane og litt oppover leggane. 
  5. Ta på sokkar og legg deg – føtene og kroppen vil takke deg. 

💡 For dei eldre i familien er dette gull: eit varmt oljande fotbad og mild massasje gjer underverk – både fysisk og emosjonelt. Det er omsorg i praksis. Kanskje eit julegåvetips til nokon i familien? 

Fotbad med løvetann 🌼

 

✨ Avgiftande fotomslag 

Og så – for dei som vil gå endå djupare:

Her er herbalistkollegaen min sin oppskrift på eit enkelt, men kraftfullt avgiftande fotomslag som trekk ut avfallstoff og gir sirkulasjonen eit skikkeleg løft. 

Du treng:
  • ¼ kopp bentonittleire (eller rasul eller kaolinleire som du får tak i på sunvita.no) 
  • 1 ts ingefærpulver eller 1 ss fersk, finriven ingefær 
  • Varmt vatn, gasbind og sokkar 
Slik gjer du:
  • Bland til ein tjukk pasta, smør under føtene, pakk inn og ta på sokkar.
  • La det verke over natta, eller minst 3 timar om du har dårleg tid.
  • Skyll av om morgonen – og kjenn forskjellen!
Bruk 2–3 gongar i veka for å støtte avgifting og sirkulasjon, spesielt når du føler deg tung eller sliten. 
💬 Kundehistorier – Kamillebalsam på sitt beste

Alle desse erfaringane handlar om Kamillebalsam og kor effektivt den mjukar opp harde, ru og sprukne hælar. Og eg må berre dele nokon tilbakemeldingar her, for i altså over 20 år har folk fått føtene sine forvandla med den magiske Kamillebalsamen: 

Herleg Kamillebalsam in the making!

💚 Ei kjærleg påminning

Ta deg eit lite øyeblikk i kveld – gje føtene dine litt varme, pleie og omtanke. 

Dei bærer deg kvar dag, og med litt urtekjærleik, Kamillebalsam eller Panterbalsam vil dei bære deg endå lenger – med lettare steg og smil om munnen 🌿

 

Varm helsing,
Renate, dronningbia i Vossabia 🐝