Gratulerar med nasjonaldagen i vente, Norge! đłđŽâ€ïž
SĂ„ dĂ„ er det berre ein ting Ă„ gjere, og det er Ă„ gĂ„ ein tur ut, plukke litt brennesle og bjĂžrkeblad (som akkurat rakk Ă„ sprette i tide til nasjonaldagen), og lage noko digg mat og drikke med det! DĂ„ fĂ„r eg roen og kosen pĂ„ plass đ

SjĂ„ oppskrift lenger nede om du blir freista og đż Og sĂ„ ligg det eit par videoar pĂ„ Vossabias Instagram og Facebook der eg viser korleis eg gjer det đ

Huldrelepper, Konglelepper eller den nye favoritten BringebĂŠrlepper pĂ„ lepper og faktisk kinn for Ă„ fĂ„ blush og nydeleg glĂžd! Er det skikkeleg steikande sol og me vandrar i lange tog, sĂ„ blir vĂ„r supre solkrem med i stakken og (eller kanskje stappe den ned bak bringkluten đ).
Leppetrio - Velg dine 3 favoritter

Kanskje eg putter ein minideo Skog eller Timian og Salvie deo oppi bringkluten og? Det er nesten endelaust kva ein bunad kan romme! đ

Det at sĂ„ mange fĂ„r slik nytte og glede av naturprodukta vĂ„re er ein stor del av min drivkraft! đȘŽđ©âđŸ Og de skal vite at svĂŠrt mange ogsĂ„ fĂ„r nytte av Ă„ lese slike tilbakemeldingar og slik fĂ„r hjelp til Ă„ velge produkt som passar for akkurat deira behov. SĂ„ takk! đ
â â â â ââ Ragna Marie F.Digger Lavendellepper. Etter Ă„ ha slitt med tĂžrre og sĂ„re lepper i flere Ă„r, til at leppene blir normale
â â â â ââ KittySjampoen er bra for min tĂžrre hodebunn , og psoriasisen eg hadde i bakhodet er borte. Sjampoen er dessuten veldig drĂžy
â â â â ââ AnnFantastisk god babysalve. Fikser rĂždheten i stumpen raskt. Har begynt Ă„ anbefale den videre og nĂ„ skal jeg kjĂžpe til babyshower ogsĂ„! Mye bedre enn kremene som blir anbefalt med skadelige kjemikalier i.
â â â â ââ Kristine K.BringebĂŠrlepper fĂžles som den perfekte mellomtingen mellom leppestift og leppepomade. Gir myke lepper med en nydelig farge! Synes ogsĂ„ den holder godt.

Den fyrste me plukkar er brennesle, denne superkraften av ein plante. Og den er essensiell i blant anna sjampoen, men me passar ogsÄ pÄ Ä ete og drikke den. Og visste du at du kan lage ein herleg snack til 17. mai med den og? Sjekk vÄr lavkarbo neslemarsipan under her og prÞv deg pÄ desse deilige «pinnane».

Oppskrift pÄ Neslepinnar
- 170 gram mandelmel (ikkje fettredusert)
- 40 til 50 gram sukrinmelis (og ha i meir om du vil nÄr du smaker og sjekker undervegs)
- 4 ss lett forvella nesle
Hiv dette i miksaren, bland godt, og rull ut pinnar/stavar og legg pÄ bakepapir.
Bak i 10-12 min pĂ„ 200 grader. Og sĂ„ er det berre Ă„ kose seg! NAMMIS!! đđż

Me lagar BjÞrkebrus av bjÞrkeblad og alle elskar den, og me fÄr den beste feststemninga. Vil du ha endÄ meir feststemning kan du bruke bjÞrkekonsentratet du fÄr oppskrift pÄ her, til ein vÄrleg og ekstremt smakfull BjÞrkecoctail.
Oppskrift pÄ BjÞrkebrus
- 800 g Þko rÄrÞrsukker
- 1 pose sitronsyre
Ha alle ingrediensane i ein stÄlpanne og hell over 1 liter kokande vatn.
RĂžr til sukker og sitronsyre er opplĂžyst.
La stÄ 2-3 dagar Ä trekke (lenger tid gir meir smak). Pass pÄ at alle blad er dekt av laken.
Sil og fyll pÄ flasker eller smÄ plastkanner som du kan fryse (om du ganger opp oppskriften er det perfekt Ä fryse ein del).
No har du eit sterkt konsentrat som du kan bruke til mykje! Lag saft eller brus (đ«§bland med sprudlevatn) ved Ă„ blande i forhold 1:4 eller tynnere. Lag sorbet eller bjĂžrkeiskrem, gele eller coctail.

Gled deg til ein vidunderleg vill vĂ„rdrikk! Og til lukka med grunnlovsdagen! â€ïžđđłđŽ

Dronningbia đ i Vossabia


