Det er sĂ„ mykje spennande Ă„ fortelle om urter og graviditet, sĂ„ det kjem ein liten serie med innlegg om dette. SĂ„ berre gled deg til fleire tips ang gode urter i svangerskap, planter ved utfordringer i graviditet og kva eteriske oljer som er gode og kvifor for mor og barn. Men i dag altsĂ„: spĂžrsmĂ„l og svar pĂ„ det me ser mange lurar pĂ„. đđ»đż
Graviditet er ei heilag tid (sjĂžlv om det kan vere pyton og). Det er ei unik tid, ein transformasjon, og ein moglegheit for glede og feiring av det nye livet som mor ber fram â€ïžÂ Urter og urtemedisin har i alle kulturar, i tusenvis av Ă„r, heilt opp til i vĂ„r tid, vore eit naturleg val for Ă„ stĂžtte bĂ„de kvinne og barn. Slik var det og for meg, og for mange av dykk.
đââïž Eg brenn for kvinne- og barnehelse, og vil gjerne dele kunnskap og erfaringar med gode urter og sjĂžlvsagt produkt eg utvikla i desse periodane som har hjelpt meg masse pĂ„ alt frĂ„ svangerskapsutfordringar, til fĂždselfĂžrebuing, under fĂždsel, fĂžrebygga Ă„ rivne, til klĂže, kramper fĂžr og etter fĂždsel, hĂ„rtap etter fĂždsel, til pleie av sart og sensitiv babyhud og baby med kolikk, tett nase, tĂžrr hud og sĂ„ mykje meir. Her pĂ„ garden har jo bĂ„de ungane og eg hatt urter med i livet dagleg đ±, til stĂžtte og glede, pleie og velvere. Ungane er jo praktisk talt vokst opp med dette i livet kvar dag.
Â
đ
Â

đ€ Er Vossabias produkt trygge Ă„ bruke under graviditet?
Ja đ Me brukar urter som er trygge og gode, og dei eteriske oljane er uttynna i vanlegvis 1%-forhold i salvane, og urtene er trygge under graviditet, med eitt unntak som ein kan vere forsiktig med: Eg ville unngĂ„tt Panterbalsam pĂ„ mageomrĂ„det og store omrĂ„der under graviditet dĂ„ det er eukalyptus i den som man skal vere forsiktig med. Det er kun 0,5 % eukalyptus, sĂ„ den er godt uttynna, men det er best Ă„ vere fĂžre var. Det er ikkje problem Ă„ smĂžre smĂ„ omrĂ„der der det er vondt, verk, klĂže, tett nase, mot mygg osv đ
Â
đ€ Kva produkt anbefalast til Ă„ smĂžre mageomrĂ„det og brystene for Ă„ holde huden mjuk og fĂžrebygge strekkmerker?
Ringblomstsalve og Kamillebalsam har me lang erfaring med som gode til Ă„ mjuke opp huden og fĂžrebygge strekkmerker pĂ„ bĂ„de pupper og mage, men me garanterer ikkje at du ikkje fĂ„r i heile tatt altsĂ„ đ Eg ville ogsÄ spist god kost, drukke mykje vatn, tatt omega-3 olje blant anna. Kroppsbalsam med ville urter har ogsĂ„ gode og trygge urter for gravide, og er meget mjukgjerande. Desse vil bĂ„de gje velvere og ikkje minst bidra til smidigare hud.
Â
đ€Â Kva produkt kan brukast i underlivet mot klĂže, soppinfeksjon og for Ă„ klargjere huden der til fĂždsel?
Kamillebalsam! Som soppdrepande, klĂžedempande, bakteriedrepande og beroligande plante er kamille genial, og i denne nydelege Kamillebalsamen er det masse kamille, trygg og mild, og super til Ă„ smĂžre underlivet med gjennom heile svangerskapet for Ă„ klargjere huden til fĂždsel đ€° Bruk gjerne Ringblomstsalve i underlivet ogsĂ„. Sensuell gĂ„r ogsĂ„ fint, og den er ogsĂ„ nydeleg til Ă„ oppretthalde sensualitet gjennom svangerskapet og tida etter nĂ„r ein er klar for det igjen đ„°
Â
đ€Â Kva produkt kan brukast pĂ„ sĂ„re brystvorter, og er det farleg for babyen Ă„ amme etter mor har smurt brystene?
Ringblomstsalve med 1% lavendel, trygg og god under graviditet (og ogsĂ„ for nyfĂždde), er meget sĂ„rhelande, vevsbyggande og betennelseshemmande, og heilt uunnvĂŠrleg pĂ„ sĂ„re brystvorter! Den er verkeleg familiens husapotek đ„ med alle sine gode eigenskapar, og det er ikkje farleg for babyen Ä amme og sutte pĂ„ puppen som er blitt smurt med ringblomstsalve.Â
Â
đ€Â Kva produkt er gode og trygge ved hemorroider som kan kome under graviditet og etter?
Ringblomstsalve er god mot hemorroider! Den ville eg brukt i svangerskapet, og dersom det oppstĂ„r etter fĂždsel ville eg brukt bĂ„de Ringblomstsalve og Panterbalsam. Sistnevnte har me fĂ„tt mange tilbakemeldingar pĂ„ knytt til rask effekt ved hemorroider ogsĂ„ đ
Â
đ€Â Kva er best for Ă„ fĂžrebygge sĂ„r og vondt i stumpen i bleietida?
I 2007 utvikla eg babysalve til Ylva, for ho vart sĂ„ fort raud og sĂ„r av ammoniakken i urinen. Men med denne trygge og effektive Babysalven med bivoks, lanolin, Ăžkologiske planteoljer og lavendel sĂ„ forsvinn sĂ„r stump kjapt! đ Og me anbefaler Ă„ bruke den etter kvart bleieskift for Ă„ unngĂ„ problemet i heile tatt, sĂ„ lille skjĂžnningen skal sleppe sĂ„rt og vondt under bleia.
Â
Â
đ€Â Kan Panterbalsam brukast av gravide og nyfĂždde?
Som nevnt vil eg her be om forsiktighet pĂ„ grunn av eukalyptusoljen. Med kun 0,5 % i salve uttynna med bivoks og Ăžkologisk solsikke- og tistelolje sĂ„ skal man likevel ha respekt for sterke eteriske oljer. Eg har brukt Panterbalsam under tett nase frĂ„ 3-4 mnd alder, forsiktig. Dersom du ammer ville eg sĂ„ lenge som mulig bruke morsmelk til Ă„ lĂžsne tett nase: sprut morsmelk opp i nasen til babyen sĂ„ skal du sjĂ„! â ïž SĂ„ bruk med stor forsiktighet pĂ„ dei minste barna, og ikkje i stĂžrre skala fĂžr 2 Ă„r.
Â
đ€Â Kva er trygt Ă„ bruke mot eksem og tĂžrr hud pĂ„ baby?
Igjen Ringblomstsalve og Kamillebalsam! Desse har lindra og hjelpt sÄ enormt mange dei siste 20 Ära! Det er lavendel i Ringblomstsalven, og desse tre urtene: ringblomst, kamille og lavendel er heilt trygge for babyer (men sjÞlvsagt sjekke pÄ lite omrÄde fÞrst, for alle kan reagere pÄ naturlege, milde og trygge urter ogsÄ). Bruk gjerne ogsÄ Babysalven pÄ tÞrr hud, og Kuldekrem i kaldt vÊr. Desse to beskytter og pleier ogsÄ meget godt, tek vare pÄ hudens naturlege fukt og beskytter mot ytre pÄverknader.
Â
đ€ Er sĂ„pene til Vossabia trygge for babyer?
đ
ââïž Eg ville ikkje brukt nokon sĂ„per i heile tatt pĂ„ babyer. VĂ„r sjampo er mild med supre urter som er trygge og gode for babyer og smĂ„ barn, men det er ikkje vits Ă„ bruke sĂ„pe pĂ„ sĂ„ smĂ„ barn. Eg trur Jonatan vart i alle fall 3 Ă„r fĂžr han fekk prĂžve mammas gode Sjampo med ville urter. đ Eg hiver heller oppi litt jojobaolje eller annan god Ăžkologisk kaldpressa  planteolje i badevatnet, og i alle fall anbefaler Ă„ ikkje bruke babyprodukt med parafin og andre petroleumrĂ„stoff! â SjĂ„ blogginnlegg her om dette her.Â
Â
đ€ Er det heilt trygt Ă„ bruke Vossabiaprodukta i ansikt og rundt munnen pĂ„ baby fĂžr fylte 1 Ă„r i forhold til bivoks og spedbarnsbotulisme?
Ja, det er heilt trygt đ Spedbarnsbotulismebakterien kan forekome i jord og dermed skal ein ikkje gje honning til spebarn under 12 mnd (ingen fare etter 1 Ă„r), og dette er ein fĂžre var-regel i tilfelle ein birĂžktar har satt honningtavlene rett pĂ„ bakken og fĂ„tt kontakt med jord. Men, đ bivoksen me brukar, bĂ„de eigenprodusert og innkjĂžpt, er oppvarma fleire gonger (bivoks tĂ„ler mykje varme og blir ikkje skada av det), og dermed er det ingen fare. Mange barn fĂ„r tĂžrr hud og eksem rundt munnen pĂ„ grunn av mykje sikling og renning, og dĂ„ er Ringblomstsalve, Kamillebalsam og Babysalve supre for Ă„ lindre og fjerne plagene.
Â
đ€ Huden kan endra seg i svangerskapet, og kviser og urein hud dukker opp. Nokon fĂ„r og meir eksem, klĂže og pigmenteringer. Har Vossabia noko for dette?
Ja, dei supertrygge plantane ringblomst, kamille, nesle og rose er fine Ă„ bruke i svangerskapet OG dei har god effekt pĂ„ ulike nevnte hudproblem. Ringblomstsalve og Tindved og Nesle mot kviser og ureinheter, og Rose- og rĂždklĂžverskrubb i tillegg eit par tre gonger i veka. Kamillebalsam mot klĂže, og Augebalsam mot pigmenteringer og slitne trĂžtte auge. Og sĂ„ er ogsÄ lĂžvetann, nesle og bjĂžrkeblad ein fin kombinasjon som styrker og renser og er mild mot leveren, sĂ„ nĂ„r vĂ„ren kjem sĂ„ ut og plukke og lag deg urtete som ogsĂ„ kan vere god for huden âïž
Â
Â
đ€ Mange mister ein del hĂ„r etter fĂždsel. Har Vossabia noko som er trygt og effektivt for gravide og etter fĂždsel?
Ja, bĂ„de nesle og rosmarin er planter som er kjent for sine gode eigenskapar knytt til hĂ„rvekst og minsking av hĂ„rtap, same med kjerringrokk og rosenrot. Vossabias sjampo og hĂ„rserum inneheld desse superurtene, og dei er kjempefine ogsĂ„ for gravide og ingen problem for babyer Ă„ kome i kontakt med desse đ
Â


đ Massasje for den gravide med urtesalve og eteriske oljeblandinger:
Massasje i graviditeten kan vere nydeleg for Ă„ lette pĂ„ ryggsmerter, sĂžvnproblem og sĂ„ er det ein fin mĂ„te for mammaen Ă„ kople seg til eigen kropp og barnet i magen đ€° I mange tradisjonelle kulturer ville ei gravid kvinne fĂ„ massasje som ein sentral del av svangerskapsomsorgen, ofte utfĂžrt av jordmora. Men massasje kan ein partner eller ven, eller terapeut ogsĂ„ gjere, og dĂ„ er det fint Ă„ bruke trygge og gode eteriske oljer som passar gravide đ±đ
â ïž Det som er viktig nĂ„r ein masserer gravide er Ă„ unngĂ„ magen og nedre rygg i fyrste trimester og unngĂ„ kraftig stimulering av hĂŠlene, nedre bein og trapesmuskelen i tredje trimester dĂ„ det kan utlĂžse samantrekninger.
(ref. Carole Guyett : The Herbalist's Guide to Pregnancy, Childbirth and Beyond: Herbal Therapeutics for the Childbearing Year, 2022, Aeon Books.)
đ Eteriske oljer til massasje for gravide:
Bland maks 1% eterisk olje i ein god baseolje som for eksempel Ăžkologisk jojobaolje, bland gjerne fleire, men ikkje overstig 1%. Forslag til trygge oljer: rose de mai, rose de otto, ylang ylang, kamille, lavendel, geranium og bergamot.
Kroppsbalsam med ville urter som rÞdklÞver og ryllik er ogsÄ fin Ä bruke til massasje.
Â
đ
Â
Nyt tida, og sĂ„ kjem det fleire urtetips for velvere og helse for gravide om ikkje lenge đ
Renate, Dronningbia đ i Vossabia


