«Mamma, veit du ka», sa Jonatan på stien ut til hytta i går kveld. «Sommarferien er den lengste helga som finst!». Eg lo, og synes det var ein herleg måte å sjå det på, og eit deilig innsyn i korleis ein skjønn 7-åring ser på verda. Og så slo det meg: Å guuuuu…. det er jo skulestart om nokon dagar 😅!
Fin sommarferie straks over!
Kjenner du det slik og? Uansett er det ein milepæl: siste halvdel av året er offisielt i gang!
Men, eg kvir meg og, til å ikkje berre kunne ta han med meg på spontantur, slik som no, meg og han på hytta eit par dagar midt i veka 🥰

No skal me nyte eit par dagar her ute i havgapet, og målet er å nytte det bittelille opplettet Vestlandet plutseleg fekk som ei gåve, og beise litt. Og fiske 🎣, og gå tur, sanke tang, og sitte stille og sjå ut i havet 🌊 medan Jonatan leikar med bilbanen han laga av gamal kartong, som monstertruckane får køyrt seg skikkeleg på 🚘

I dag er det full guff på rødkløverplukking i dei økologiske engene til min sambuar Olav, som er den einaste økologiske mjølkeprodusenten på Voss 🐮
Han er endeleg i gang med andreslåtten etter denne tragisk våte sommaren 🌧️, og før han kjem med slåmaskina rekk me å plukke perfekt raudkløver!

Men, halloen, gode nyheiter! 💚 Ingenting av dette treng å vere noko problem – om du har Vossabias Skule- og barnehagekit med i sekken til dei håpefulle gullungane! Og gjett om eg har erfaring med det! Tre ungar, to av dei har fullført all skulegong, og ein liten skuletass som har mange år att. Så med dette pakka i sekken 🎒, så blir det nok glad hud og glade ungar!

Skule- og barnehagepakken er satt saman av erfaring 😅 Etter tre ungar i barnehage og skule veit me kva som funkar – og kva som ALLTID trengst:
• Mini Ringblomstsalve (skrubb, sår, eksem, kviser)
• Mini Panterbalsam (tett nase, hodepine, myggstikk)
• Mini Kuldekrem (kald vind og uteliv utover hausten)
• Myntelepper (tørre lepper, munnsår)
• Mini Skogen på Kroppen (byt ut uttørkande håndsåpe med denne, ha i gymbagen)
Alt får du samla i eit nydeleg gjenbruks Vossabia-nett 💙💚💜 (som og er perfekt til gymtøyet!) 🤸🏽

nydelege trøffeltangen (grisetang) og blæretang, for eg tenkte å lage Trøffeltangsmør og Knekkebrød med blæretang.
Og ja: trøffeltang smakar faktisk nydeleg trøffel!! Nysgjerrig på å prøve sjølv? Sjekk oppskriftene under 🤩

Trøffeltangsmør
• 250 g romtemperert økologisk smør (Rørossmør) eller ei gardssmør (bur du Voss eller er på Bondens Marked i Bergen? Sjekk Aud sitt fantastiske smør: Vossasmøret https://www.vossasmoeret.no)
• 20 g finhakka trøffeltang
• 1 ts trøffelsalt (tørk og mal trøffeltang og bland 1 ss tangpulver med 100 gram godt salt)
• 4 ss heilmjølk
Bland alle ingrediensar unntatt saltet, og pisk det saman med handmiksar. Du vil ha eit luftig smør 🧈 Tilset så saltet litt og litt, til det er akkurat slik du vil ha det. Ha i ei fin skål, og bruk på nybakt brød 🍞

Knekkebrød med blæretang
• 2 dl sammalt grov rug
• 4 dl lettkokte havregryn
• 2 dl solsikkekjerner
• 1 dl linfrø
• 2 dl sesamfrø
• 1 dl finhakket forvellet blæretang
• 1 ts salt
• 6 dl vatn
Bland alt det tørre, og bland forvella blæretang med vatnet og hell oppi det tørre. Bland godt. Ta bakepapir på to steikeplater. Bruk slikkepott og fordel utover Bruk ein kniv til å lage ruter så store som du ønsker at knekkebrødene skal vere.
Steikast i vanleg ovn på 180 grader:
• Sett inn begge platene samstundes.
• Steik i 30 minutt før bretta får byte plass.
• Deretter ytterlegare 30 minutt. Slå av ovnen, sett døra på gløtt og la knekkebrøda tørke vidare ei stund.
Prøv trøffelsmøret på knekkebrøda! Og bruk same metode og bruk supermaten tang også i brøddeigen!

Men, før det er ho produksjonsassistent, plukkar planter, og pakkar forhandlarordrer og privatordrer saman med resten av gjengen i Bikuba vår 🐝 Og er min næraste kreative medarbeidar!

Med djup takksemd frå Renate 💛
Dronningbia 🐝 i Vossabia




