Frå eng til Europa: Vossabia på nominasjonslista igjen! ⭐️

Frå eng til Europa: Vossabia på nominasjonslista igjen! ⭐️

Hei og hå, i dag har eg bursdag! 🎉 Hurra for meg! Eg sa til Jonatan at mamma blir 31 år – men han rista berre på hovudet og meinte at sidan eg vart 50 i fjor, så måtte dette vere 51-årsdagen. Oki då 😉

Det mest spesielle med å bli 51, er at eg no har blitt eldre enn både mamma og pappa blei. Det er rart, og eg kjenner litt på det i dag.

Samtidig kjenner eg sterkt at dei er med meg i denne forvandlinga – frå den kalde spøkelsesgarden pappa overtok frå onkelen sin, til dagens levande Vossabia med regenerativ drift og glød. I ånda til mine oldeforeldre. Eg er stolt, og eg veit dei er stolte òg. 

Jonatan er ein blom som måtte få plass i korga og. Og midt i mellom rose, klengemaure og brennesle klarte eg ikkje lure han til å tru at eg er 31 i dag. 

Plukking i ustabilt vestlandsvêr 🌿

Endeleg kom det nokre fine dagar! Me har vore ute kvar dag og plukka og plukka – på dei heilt essensielle plantane som er grunnmuren i Vossabia. Det vestlandske vær-lynne har eit spesielt dårleg år i år, så eg er bittelitt engsteleg for om me får inn nok av brennesle.. Men, det ordnar seg alltid, det er berre å stao pao som me seier på Voss. 

Ylva og eg hadde ein spesielt fin plukkedag for to dagar sidan. Me var i storfom og opplevde i tillegg perfekt timing der me fekk inn dei vakraste og største rødkløver som fins! Lodne, tjukke, plommestore rødkløver som strutta og i tillegg spredde ein svimlande søt duft, heilt magisk! Berre synd for Ylva som var tett i nasen, stakkar 😉

Stor glede når perfekte rødkløver dukkar opp i store mengder! Og det blir sterk rygg, rumpe og lår av å stå bøygd i timesvis!!

I går viste det lunefulle veret seg verkeleg frå si «artige» side, då eg sendte Ylva og Helene ut for å plukke årets fyrste perikum, i strålande solskin og deilig varme. 5 minutt etterpå lynte, tordna og styrtregna det. Så det vart ei handfull perikum som kjapt kom på sprit for å bli tinktur når me kanskje i dag får plukka mykje meir. Eller vent, der kom det ei byge ja… 🌧️

Den knallgule blomen gir knallraud tinktur, sjølv før me får fylt glaset skikkeleg.

Sånn går no sommaren her! For me plukkar IKKJE i dårleg ver! Det er ikkje bra for planten, og det blir ikkje bra for produkta. Kun beste kvalitet her, og det handlar sjølvsagt om korleis me behandlar plantane frå eng til krukke. 

European Natural Beauty Awards ✨ 

Det er kanskje nettopp denne ærlege, manuelle og regenerative prosessen – frå eng til krukke – som gjer at me i år igjen er nominert til ein av dei strengaste og mest truverdige prisane for naturleg skjønnheit i Europa: European Natural Beauty Awards

Desse tre produkta oppnådde Excellence Award på European Natural Beauty Awards i fjor – og me har sjølvsagt samla desse i ein Stjernepakke!

Det er ikkje kva som helst merke og produkt som har sjanse å vere med i denne konkurransen. Heile målet med ENBA er å hylle dei som verkeleg bidreg og er pionerar i Europa innan ekte naturkosmetikk, og hindre grønvasking (som er veldig vanleg).

Vossabia var i fjor det einaste norske merket som var med, men i år er det kjekt at tilsaman 3 norske merke er nominert. Finland og Frankrike er dei landa i Europa som verkeleg utmerker seg med naturkosmetikk og dei har fleire titals merke og produkt med i konkurransen.

I år er Vossabia nominert med fire gode gamle klassikarar eg har utvikla gjennom åra:

  • Myntelepper – vårt aller første produkt (utanom honning), nærast blitt eit kultprodukt
  • Kamillebalsam frå 2004 – ein genial alt-i-eitt balsam som bidreg til alt frå tørre hælar til vanskeleg psoriasis og plagsom kløe
  • Augebalsam frå 2007 – lindrande for hovne og sensitive auge, ein life-saver
  • Rosmarin Hårserum – full av urter frå garden som pleier både hår, hud og hodebunn. 

Desse fire produkta er nominert i år!

Kva seier ENBA om kva det betyr å bli nominert?

«European Natural Beauty Awards (ENBA) er ein internasjonal pris som heidrar dei beste naturlege skjønnheitsprodukta i Europa. Det som gjer ENBA heilt unikt, er det strenge utvalskrava: Berre produkt som er laga med minst 99 % ingrediensar av naturleg opphav, blir tekne med til vurdering.

Å bli nominert til ENBA er eit stort kvalitetsstempel. Det betyr at produkta har passert ein grundig gjennomgang av ingrediensane, oppfyller dei høgaste krava til naturleg formulering, og er blant dei mest bevisste skjønnheitsprodukta i Europa. I snitt er det under 20 % av innsendte produkt som kjem gjennom nålauga kvart år. 

Kva skjer vidare?

Juryen består av 100 personar – 50 europeiske profiler frå 36 land som representerer bevisste forbrukarar, i tillegg til forhandlarar, sertifiseringsorgan, ekspertar på berekraft og leiande journalistar i skjønnheitsbransjen. Denne unike blandinga av fagkunnskap og forbrukarperspektiv gir ei rettferdig, open og truverdig vurdering. 

No er heile shortlisten for 2025 offentleg, og det markerer den offisielle starten på prisreisa. ✨ Av over tusen søknadar er det desse 219 produkta som har utmerka seg for si kvalitet, integritet og sitt engasjement for naturleg skjønnheit.

Med juryen i gang med testinga, feirar me denne spennande milepælen– og menneska og verdiane bak kvart einaste nominerte produkt. Følg med vidare på vegen mot ein av dei mest pålitelege naturkosmetikkprisane i Europa.»

I fjor kom Vossabia heim att med Excellence Award på tre produkt, og det var superstas å vere med på prisutdelinga!

Så i september blir det nokre spennande dagar i Paris, og ikkje minst kjempekjekt og veldig lærerikt å møte andre pionerar og kollegaer i Europa som deler dei same knallgrøne verdiane og som bidreg med ekte bærekraft og innovasjon.

Men, no legg eg frå meg tastaturet og drar til skogs – bursdag og bjørkelukt ventar. Takk for at du feirar dagen (og nominasjonen!) saman med meg 🌿