🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝 - Vossabia

🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝

Honning frå biene våre + økologisk rørsukker + planteoljer = spa på krukke 💚

🍯 Skrubb deg mjuk med honning frå biene våre 🐝

Det er nokre produkt eg nyt ekstra mykje kvar gong eg brukar dei. Kroppsskrubbane våre er akkurat slike.
Og kvar gong eg unnar meg ein full kroppsskrubbing i dusjen, eller berre eit fotbad med påfølgande fotskrubb, så tenker eg: kvifor gjer eg ikkje dette oftare! Det gjer SÅ FANTASTISK GODT 🥰
I over 18 år har dei vore med heim til kundar over heile landet. Og framleis kjem dei same tilbakemeldingane igjen og igjen:
​
"Huden blir silkemjuk."
​
"Eg treng ikkje smøre meg etterpå."
​
"Den beste skrubben eg har brukt."
​
Eg blir så glad, på ekte ordentleg sitrande glad 😁 For akkurat slik håpa eg dei skulle bli då eg utvikla dei.
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝
Eg ville ikkje berre lage ein peeling… Eg ville lage ei heil spaoppleving, den ekstra gode kjensla av velvere og av å ta vare på seg sjølv 🤗
​
Eg ville lage ein Kroppsskrubb som kunne gje huden ny glød, masse næring og fukt, og stor grad av velvere ✨ Men, samstundes skulle den kunne vere sterk nok til å fjerne inngrodd olje, diesel, jord og mekanikarsmuss frå dei mest arbeidsame hendene. Eller vekke opp att slitne og trøtte føter, med ru hud, sprekker og tørr hælar. Eller hjelpe mot ekstra tørr hud, psoriasis og eksem.
​
Og det er akkurat slik dei har blitt. Våre to herlege kroppsskrubbar klarar å innfri på alle desse kriteria mine! Det bekrefter store mengder faktiske opplevingar frå kundar, og ingenting er vel meir tydeleg enn levde erfaringar.
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝

🐝 Honningen frå biene våre er sjølve hjartet

​
Begge Kroppsskrubbane inneheld honning frå våre eigne bier. For meg finst det nesten ingen vakrare og meir unik ingrediens. Når biene flyg mellom blomane i det store plantemangfaldet på garden og samlar nektar, lagar dei mykje meir enn honning. Dei lagar eit lite naturleg skattkammer fullt av sukkerstoff, enzym, antioksidantar og næring som huden elskar.
​
Honningen gjer fleire viktige ting samstundes:
​
🍯 Den bind fukt.
🍯 Den mjukgjer huden.
🍯 Den gir næring.
🍯 Og ikkje minst gir den skrubbane den kremete, luksuriøse konsistensen som så mange kundar kommenterer.
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝
Det er faktisk ganske mykje av opplevinga.
​
Når sukkeret og honningen møter dei gode planteoljene, blir skrubben nesten som ein rik spa-krem som masserer huden medan sukkerkrystallane gjer jobben sin og rensar huden på den deiligaste måten.
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝

På spa I København med Ylva i fjor sa ho at det var først når ho prøvde den gode skrubben der at ho verkeleg skjønte kor ekstremt god vår er ✨ Altså mykje betre enn den me brukte der 💖 Då blei mamsen glad!

🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝
Klare for spa!

🌾 Kvifor eg valde økologisk rårørsukker

​
Det finst mange ting ein kan skrubbe huden med.
​
Salt. Knuste kjerner. Men eg valde økologisk rårørsukker heilt bevisst.
​
Rårørsukker peeler effektivt, men samstundes skånsamt.
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝
Det inneheld naturleg glykolsyre (AHA), som hjelper til med å løyse opp døde hudceller og stimulere hudfornyinga. Når dei gamle hudcellene blir fjerna, kjem den friske, mjuke og glødande huden fram. Glykolsyra kan òg bidra til å stimulere kollagenproduksjonen og redusere ru hud, fine linjer og gusten hud.
​
Det betyr at skrubbane ikkje berre gjer huden mjuk der og då – dei hjelper også huden til å fornye seg ⭐️
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝
🌿 Planteoljane
gjer resten av jobben
​
Etter at sukkeret har gjort huden rein, tek planteoljene over og gir deg den deilige kjensla av å ha fått verdas mjukaste hud når dusjen har skylt av sukkeret 🚿
​
Det er kanskje difor så mange skriv at dei ikkje treng å smøre seg med noko etterpå.
​
I begge skrubbane har eg valt økologiske​ planteoljer som har spesielle eigenskapar eg ønsker huden skal både nyte og få nytte av 👐

🍋 Sitrus Kroppsskrubb

​
​Denne inneheld mellom anna:
​
🌻 økologisk hampolje
🌻 økologisk mandelolje
🌻 økologisk solsikkeolje
​
Alle desse er rike på essensielle feittsyrer og vitamin som gjer huden mjuk, smidig og godt beskytta 💪🏻
​
Og så kjem sjølvsagt den friske dufta 😌
​
Økologisk eterisk olje av sitron og sitrongras løftar heile opplevinga. Den friske aromaen gir energi, friskheit og ei kjensle av rein spa-luksus. Mange kommenterer at dei blir glade av lukta. Og det stemmer nok det!
​
Ei studie av sitrongras viser at den karakteristiske dufta frå planteoljen kan løfte humøret, virke stressreduserande, samstundes som dei naturlege plantekomponentane har antimikrobielle eigenskapar og kan bidra til å roe lett irritert hud 🌿
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝
★★★★★

Den beste skrubben på markedet. Lukten, konsistensen og den funker som bare det. Denne kjøper jeg om og om igjen.

— Monica
★★★★★

Beste skrubben jeg har brukt! ​ Etterlater huden myk og velduftende. Har ikke behov for å smøre inn huden etterpå.

— Ann Carin
★★★★★

Denne skrubben er fantastisk. ​ Huden føles fuktig etter skrubbing. Trenger ikke lotion etterpå.

— Jøran
Sitrus kroppsskrubb - VossabiaSitrus kroppsskrubb - Vossabia
Sitrus kroppsskrubb
Tilbud 359,00 kr
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝

🤎 Krydra Kroppsskrubb, den varme favoritten

​
Denne skrubben luktar nesten som eit varmt krydderkjøkken.
​
Her finn du økologisk:
​
✨ kanel
✨ kardemomme
✨ ingefær
✨ muskat
✨ nellik
...og ekte økologisk eterisk kardemommeolje.
​
Krydder har blitt brukte i hudpleie i fleire tusen år, og dei er kjende for å vere stimulerande, varmande og rike på antioksidantar. Og var det ikkje for alt det, så er sjølve aromaen ei oppleving stor nok i seg sjølv, og grunn nok til å bruke den. Den blir verande lenge etter at dusjen er ferdig.
​
Me diggar denne og me! Og det er faktisk Ylva sin favoritt.
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝
★★★★★

Beste skrubben ever! Fantastisk for tørr og nuppete hud.

— Lene
★★★★★

Skrubben luktar nydelig. Huden blir veldig mjuk.

— Linda
★★★★★

Farvel tørre kløende vinterlegger! Denne! Kombinert med en skrubbevott er den helt uslåelig.

— Anne
Krydra kroppsskrubb - VossabiaKrydra kroppsskrubb - Vossabia
Krydra kroppsskrubb
Tilbud 359,00 kr

🚜 Frå spa til verkstad

​
Dette er kanskje det morsomste.
For då eg utvikla skrubbane tenkte eg: "Dei skal vere gode nok til spa... men sterke nok til arbeidsfolk."
​
Dei skulle kunne fjerne:
​
🛠️ olje
🚜 diesel
🌱 jord
🎨 maling
⚙️ mekanikarsmuss
...utan å tørke ut hendene.
​
Og jammen fungerer dei akkurat slik.
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝
Verdsleiande offroadførar Hedda Hosås, som no leier FIA World Baja Cup, brukar Kroppsskrubb på hendene etter å ha skrudd på rallybilane sine 🏎️ Olje, skit og mekanikarsmuss forsvinn lett – og att står mjuke hender som luktar fantastisk.
​
Og i går fekk gravemaskinførarane Hermann og Anders prøve skrubben etter ein lang arbeidsdag med stein, jord og maskiner her på garden 🚜 Dei har arbeidd lenge med å mura opp nokre heilt fantastiske steinmurar og laga terrasser der eg skal plante masse roser og andre planter me treng i produksjonen.
​
Eg fekk dei til å testa skrubbane på arbeidshendene, og dei stod ved bekken og skrubba seg godt.
​
Olja forsvann. Skiten forsvann.
​
Og dei berre såg på kvarandre og lo over kor mjuke hendene hadde blitt 😂
​
Slike augeblink gjer meg skikkeleg glad 😊
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝

♻️ Og frå i dag kjem Kroppsskrubbane i ny ​ emballasje !

​
​
Me har forresten ei nyheit: frå i dag kjem både Sitrus Kroppsskrubb og Krydra Kroppsskrubb i ny emballasje der lokk og utsida er laga av 100% resirkulert plast – som også kan resirkulerast vidare. ♻️💚 Og det er det som er viktig med plast som alt er produsert - at den kjem i omløp og blir brukt om att og om att.
​
Me arbeider heile tida med å finne emballasjeløysingar som tek betre vare på både produkta våre og naturen rundt oss. Etter jul skal me byte mykje av emballasjen vår over til eit nytt komposterbart materiale, som eg fortalde om for nokre månadar sidan, noko eg gleder meg skikkeleg til! Men dei har ikkje alle størrelsane og emballasjetypane me treng i dette materialet enno. Men me er i dialog med denne produsenten om å utvide sortimentet deira slik at me på sikt dekker alle våre behov med komposterbar emballasje.
​
Men, i ventetida tek Kroppsskrubbane eit viktig steg allereie no.
​
Når me brukar meir resirkulert plast i staden for berre ny, fossil plast, held me eksisterande materiale i omløp lenger og reduserer behovet for å produsere like mykje ny plast frå fossile råvarer. Det reduserer både klimaavtrykket frå materialproduksjonen og bidreg til at meir plast blir halde i sirkulasjon i staden for å ende som avfall, forbrenning eller på fyllingar. ♻️🌍
​
Så, dei to Kroppsskrubb-favorittane våre gir ikkje berre nytt liv til huden – men kjem også i ei krukke med meir sirkulært liv i seg. 🐝🌿♻️
🍯 Frå bikuben vår til silkemjuk hud 🐝

💚 Folk kjem stadig tilbake

​Når eg les gjennom fleire hundre omtalar av Kroppsskrubbane, er det nokre ord som går igjen.
​
Silkemjuk.
Frisk.
Deilig.
Treng ikkje smøre seg etterpå.
Kjøper igjen.
​
Det fortel meg at dei vala eg tok då eg utvikla oppskriftene for mange år sidan faktisk betyr noko framleis.
​
Honningen.
Rårørsukkeret.
Planteoljane.
Kryddera.
Og litt ekstra kjærleik frå garden 🫶
​
Det er summen av alt dette som har gjort Kroppsskrubbane til favorittar hjå så mange gjennom alle desse åra.
​
💛 Har du ikkje opplevd dei enno? Eg håpar dei kan bli ein favoritt hjå deg òg.
Renate Lunde
Klem frå Renate 💛

og resten av Vossabiene 🐝