Endeleg Panterbalsam i stoooor krukke! 🌟

Endeleg Panterbalsam i stoooor krukke! 🌟

Jubel og hjerte frå symjetreningsleiren i dag, då eg fortalde at NO blir det 100 ml Panterbalsam å få! 🎉 Dobbel så stor, dobbel så mykje glede.

Sånn er det når mange kundar har sendt epost og bedt om å få den i største moglege utgåve! Eg gjer som eg får beskjed om sjølvsagt 😉

Panterbalsam utvikla eg 3 år før Ylva var fødd (ho blir 18 om nokon dagar!!), tenk det! Og no får eg bilder og video frå treningsleiren av ho og andre symjarar som trener knallhardt i vatn og på land, og som er avhengige av denne svarte krukka. 

Me snakkar altså om denne Redninga til alt mogleg. Redninga mot alt frå støle, ømme musklar til å halde unna knott, flått og mygg. Redninga mot vondt og verk og tett nase og hovudpine og stive skuldre og krampar og artrose.  

Til og med mot hemorroider har den vore Redninga (med stor R ja! 😉) for mange. Ja, inkludert Arild (80 år) sin bakende. Den gode eldre mannen hyllar Panterbalsam voldsomt for både stumpen og hoftene sine, og han kvir seg ikkje for å fortelle kva legen sa når han kom på kontroll for hemorroidane etter han hadde brukt Panterbalsam ei lita stund: «Nei, no kjente eg ikkje igjen rumpa di, Arild».  

Jonatan og Arild

Supersymjarane elskar Panterbalsam! ✨

Og no er denne multifunksjonskrukka i stor versjon - endeleg! Dette vart markert på treningsleiren til supersymjarane med eit rush av herlege bilde og videomeldingar! 

Idrettsutøvarar elskar Panterbalsam med sine sterke urter! Auka blodsirkulasjon gir glade musklar som klarar meir og restituerer fortare! 

Maren er ein av dei gode symjarane i Bergens Svømme Club (BSC) som diggar Panterbalsam.

Desse gode gutesymjarane i BSC fortalde kvifor dei og diggar Panterbalsam! Den eine trenaren har med Panterbalsam på yogatrening etter morgontrening i bassenget, og då går Panterbalsam frå symjar til symjar i salen.

«Vi bruker den fast på lørdagene etter morgentrening, og du mister stresset i kroppen bare ved å gnikke den i hendene og lukte på den», sa Henrik. 

Hans og Tasos la til at den gir ein veldig refreshing følelse og er veldig digg! 

Ylva og Anna er «mine» symjarar, og Panterbalsam er i treningssekken deira til ei kvar tid, og stadig må trenaren (eg altså) massere nokre ømme musklar eller stive skuldre på trening eller på konkurranser. «Me hadde så hard styrketrening i dag, så eg masserer armane med Panterbalsam, og den er så sjukt digg». 

Det er og nydeleg å sjå korleis symjarane tek vare på kvarandre, heile tida heier på sine vener, som og er konkurrentar, og masserer og deler på Panterbalsam. Sigrid har hatt ein del problem med knea og seier at Panterbalsam har virka veldig smertedempande for ho.

Maren masserer Sigrid med urter som auker blodgjennomstrøyminga, virker kjapt og gir både kjølande og varmande effekt! 

Silvia er veldig glad for å få stor krukke Panterbalsam no, for ho fortel korleis ho brukar store mengder til massasje av vonde musklar, rygg og bein og generell stølheit, og Panterbalsam løsner opp alt saman, som ho seier. 

Silvia og Bertine bruker store mengder Panterbalsam. Dei diggar den pga effekten og lukten, og det at den er 100% naturleg og ikkje tetter porene.

Så då er nyheten om 100 ml Panterbalsam godt mottatt i symjehallen på BSC (inkl to Vossasymjarar) sin treningsleir, og eg håpar du og set pris på fleire størrelsar av denne favoritten og MÅ-HA-OVERALT-salven.

Panterbalsam kjem i 15 ml, 50 ml og no i 100 ml – og finst òg i fleire gode pakketilbod! 👇