🐝 Endeleg ny emballasje? - Vossabia

🐝 Endeleg ny emballasje?

Det går unna på Kuldekrem for tida, og det er ikkje rart no når det er -17 mange stader! Den er heilt fantastisk i kulde og vind for små og store!

I over 17 år har eg leita etter betre, meir berekraftig emballasje til Vossabia 🌱
Eg har vurdert – og sjekka prøver av
– glas, metall, kartong, resirkulert plast, sukkerroe, treflis og andre material 🔎
 
Mykje har vore uaktuelt ❌
Noko har vore spennande ✨
Noko har vore betre enn anna 💚
 
Men aldri har eg funne ei løysing som har stått støtt i heile vurderinga mi. Sjekka av på alle mine kriterier ✔️

Gullet i dei populære hårseruma har me no på glassflasker, men til og med flasker kan bli erstatta med komposterbart materiale om draumen blir oppfylt.
Men no har det skjedd noko heilt spesielt🌍💚
 
No har me blitt invitert til møte med eit firma i England som har utvikla det eg har drømt om:
👉 naturbasert, heimekomposterbar emballasje!! 🌱♻️
 
Dei deler verdiane våre fullt og heilt – og har vist ein sjeldan entusiasme for samarbeid med oss 🤝✨
 
Eg vågar nesten ikkje seie det høgt, men:
Dette kan vere det næraste eg har kome draumen min nokon gong🥹.

Kamillebalsam i 50 ml krukker frå engelske Berry. Sjekk den herlege grønfargen! Visste du at tydeleg og sterk farge på produkta indikerer at det er mykje ekte, høgkvalitets planteoljer i produktet? Her er det økologisk kamilleolje og hampolje som gir den kraftfulle grønfargen. Kamillebalsam er alltid på topp bestselgarlista, med god grunn: ein utruleg allrounder eg utvikla i 2004. Anbefaler å lese reviews om denne!
Kvifor er emballasje så utruleg komplisert? 🤯📦

«Kvifor byter de ikkje berre til glas?» Det er ein kommentar eg har fått nokre gonger. Men det er så absolutt ikkje så enkelt og rett fram. 

Bak eit slikt val ligg det mange titals vurderingar som eg er opptatt av og som sjeldan er synlege for forbrukar.

Eg vil gjerne vise deg korleis eg tenker – og kvifor eg aldri hoppar på ei løysing berre fordi den virkar miljøvenleg.
 
Eg har vore tydeleg og konsekvent for meg sjølv på at Vossabia byter ikkje emballasje før eg har funne noko som sjekker av på fleirtalet (og helst alle) kriterier eg har, og at eg finn ei emballasje som er MYKJE betre enn den eg har frå før. Kva er det eg vurderer då?
Kroppsbalsam i 100ml krukke frå England. Pynta med plantane som er med inni Kroppsbalsamen, plukka rett oppi bakkane her: rødkløver, ryllik og perikum. Den er lys og lett gulaktig av økologisk kakaosmør, bivoks, tistelolje og litt kamilleolje.
Kva er det eg vurderer? 
 
🌱 1. Råvare – kva kjem emballasjen eigentleg frå?
  • Er råvara fornybar – og korleis blir ho hausta?
  • Er ho basert på avfall eller nye ressursar?
  • Er tilgangen stabil – også i framtida?
  • Kan materialet gjenvinnast eller førast trygt tilbake til naturen?
  • Kva konsekvensar har råvareuttaket for jord, skog, matproduksjon og økosystem?
 
⚙️ 2. Produksjon – kva skjer før krukka finst?
  • Kva type energi blir brukt – fornybar eller fossil?
  • Kor mykje vatn går med i produksjonen?
  • Kva skjer med spillvatn og avrenning – påverkar det elver og natur?
  • Kor skjer produksjonen – og under kva miljø- og arbeidsforhold?
  • Eg vel konsekvent emballasje produsert i Europa. Det har eg alltid gjort.
 
🚛 3. Transport – volum betyr meir enn ein trur
  • Kor stort volum har emballasjen – og kor mange pallar og containarar krev det?
  • Kva betyr dette for transportavtrykket?
  • Kor lang er transportvegen til Norge?
  • Kan emballasjen fraktast effektivt utan unødig luft og sløsing?

🧴 4. Funksjon & haldbarheit
  • Tåler emballasjen oljer, bivoks, eteriske oljer og urteekstrakt?
  • Held den kvaliteten på produktet over lang tid?
  • Er den godkjent for kosmetikk i EU?
  • Fungerer ho i kulde, varme, sollys, butikkhyller og fuktige baderom?
  • Er ho tett, robust og trygg i bruk?
Om det blir full klaff med den komposterbare emballasjen blir det også mogleg å kjøpe 500 ml vill urte-sjampo etterkvart! Inntil vidare produserer og fyller og selger me ca. 1600 flasker i veka av den utruleg populære sjampoen vår.
📦 5. Tilgang & leveringstryggleik
  • Er det nok emballasje tilgjengeleg – også når me veks?
  • Kva er bestillingstid og leveringstryggleik?
  • Kan same emballasje vere i sortimentet i mange år framover?
 
🎨 6. Estetikk & heilskap
  • Er emballasjen vakker å sjå på og god å halde i?
  • Speglar ho Vossabia si filosofi, konsept og pionerånd?
  • Kan alle produkt passe saman i ein harmonisk serie?
  • Difor har eg aldri blanda litt plast, litt metall, litt glas og litt kartong.
  •  For meg er heilskap ein verdi i seg sjølv.
 
♻️ 7. Kundens og tilsettes oppleving – og emballasjelivets slutt
  • Korleis kjennest emballasjen å bruke for forbrukar?
  • Kan den lett knusast på baderom?
  • Kan den gjenbrukast?
  • Kor tung er emballasjen når den kjem i kasser – i forhold til tilsette, løft og HMS.
  • Kor enkel er den å levere til gjenvinning, og korleis er opplegget for faktisk gjenvinning?
  • Kor mange liv har materialet – og kva skjer til slutt?
 
Og heilt sikkert nokon fleire problemstillingar som eg ikkje kom på i farten her no når eg skriv…

Augebalsam blir i dag produsert og hella av Miriam i 15 ml Venuskrukker. Den uunnværlege Augebalsamen! Det går ikkje ein dag utan den på huden, anten berre rundt augene, eller heile ansikt + hals! I blant blander eg den med Kamillebalsam eller Tindved og Nesle. Og alle desse beskytter huden knallgodt om vinteren også. Har du sett Vinterens redningsduo? Kuldekrem+Augebalsammed 15% rabatt?
Draumen som har levd i meg i alle år

Min store draum har alltid vore dette:
Vossabia startar med levande jord, med å ta vare på jordlivet og drive regenerativt landbruk – og emballasje som til slutt kan bli ny jord er difor den ultimate draumen.
 
✨Ei naturbasert, heimekomposterbar emballasje.
✨Ein full sirkel.
✨Ein heilskap.

Teknologien har diverre ikkje kome så raskt som eg håpa. Eg har måtta leve med kompromiss.
 
Men no… No ser det faktisk ut som at draumen er svært nær – for det meste av emballasjebehova våre 🐝

Ringblomstsalve - familiens fantastiske universal, står her og herdar og blir korka i stor 100 ml krukke frå den engelske emballasjeprodusenten Berry. Dette er resirkulerbar plast, lett i vekt, tek lite volum, held godt på kosmetikk-kvaliteten, og så er den fin å gjenbruke til krydder, barnas perler eller om du lager eigne ting å gje i gåver.
Vil du vere med oss til London?✈️🇬🇧

Me kjem til å dele daglege glimt, filmar og refleksjonar frå denne prosessen🎥💭  
https://www.facebook.com/hudpleieTiktokvossabia
Helsing frå Renate 💛
Dronningbia 🐝 i Vossabia