Eg skulle berre seie god morgon … 🐝

Eg skulle berre seie god morgon … 🐝

Så kom tårene. Velkomen inn i Bikuba 💚

Ein tårevåt start på eit nytt kapittel 🐝 ​

Torsdag morgon i forrige veke stod heile Vossabiagjengen klar inne i produksjonslokalet klokka åtte. No skulle me flytte! 50 meter frå Våningshusets næringsdel til Bikuba!
​
Eg skulle berre ønske alle god morgon og seie nokre oppmuntrande ord før me sette i gang.
​
Men eg brast i gråt 🥹
Der stod eg, framfor heile gjengen, med tårer som rann og ei stemme som ikkje ville bere. Alt eg hadde tenkt å seie, måtte vente litt.
​
For plutseleg kom heile historia over meg. Snart 23 år med Vossabia gjekk som ein film gjennom hovudet mitt.
​
Dei første rolege produksjonsdagane. Alt eg har studert, lært, prøvd ut og skapt av oppskrifter, produkt, formidling og marknadsføring, alle salg over bord på marknad, til første nettbutikk i 2009, første forhandlarar. Alle arbeidstimane. Alle skjera i sjøen, og kor standhaftig eg har måtta vere. Periodane då eg har arbeidd langt over eigne grenser, og kor mykje det til tider har kosta, både fysisk og psykisk.
​
Men også all gleda 😍 Alt som har vakse fram her. Alle menneska som har fått nytte og nyte av det eg har laga. Tusenvis av sterke tilbakemeldingar 🫶 Og moglegheita til å formidle det som ligg i grunnmuren min: heilskapleg og langsiktig helsetenking, med naturen og ressursane rundt oss som utgangspunkt.
Eg skulle berre seie god morgon … 🐝
Produkta har vore talarstolane mine. Gjennom dei har eg fått dele både kunnskap, mine verdiar, mi overtyding og min omsorg for folk og planet.
​
Og no stod me der, klare til å bere alt saman inn i eit heilt nytt kapittel.
​
Eg har berre hatt tilsette dei siste fem åra. Mykje av historia før det bur difor inni meg, utan at andre har vore med og sett alt undervegs. Eg rakk å tenkje at det kanskje vart litt kleint for gjengen å sjå sjefen stå og grine. Men dei skjønte. Her låg det mykje.
​
Og dette er sterkt for dei også. Det har skjedd så utruleg mykje på dei åra me har vore fleire enn berre meg 💚​
Eg skulle berre seie god morgon … 🐝
Thale og Hildegunn tok ansvar for å lage nytt system i etikettene våre 😁

Så begynte det å summe i tunet

​For medan eg tørka tårene, sette arbeiderbiene mine i gang 🤧 Kanner med økologiske planteoljer vart trilla gjennom tunet med pallejekk. Sekker med bivoks flytta frå garasjen til lageret i første etasje i Bikuba. Kasser med emballasje, sendingskonvoluttar, etikettar og produkt skifta heim.
​
Heile gjengen var i sving, i ein velorganisert flyttestraum opp og ned i tunet 🏃🏃‍♀️
Eg skulle berre seie god morgon … 🐝
For utanforståande kunne det kanskje sjå ut som kaos. Men alle visste kva dei skulle gjere. Flyttinga var nøye planlagd, slik at me skulle miste minst mogleg produksjons- og pakketid.
​
Og eg? Eg heldt meg litt unna og lét dei organisere og gjere jobben slik dei hadde planlagt. Det var fantastisk å sjå ☺️
​
Torsdag og fredag var reine flyttedagar. Og no, denne veka, er all drift samla i vår nye, summande Bikuba! 🐝
​Me har budd i arbeidsplassen
– og dei har arbeidd i heimen min
​
I godt over 20 år har Vossabia halde til i våningshuset der eg og familien bur ☺️
​
Produksjonen starta her på begynnelsen av 2000-talet, og etter kvart som Vossabia voks, trengte familebedriften stadig meir plass. Privaten krympa meir og meir inn i første etasje, og eg måtte til og med bygge litt om og flytte privatkjøkkenet til ein anna del av huset 😂
​
Me har budd i arbeidsplassen. Og mine tilsette har arbeidd i heimen min. Ganske spesielt, eigentleg.
​
Og ganske utruleg kva me har fått til! Kor mykje me har produsert, svetta, smilt, ledd og kosa oss, og stressa 😅 – og samstundes arbeidd effektivt på liten plass, med dei romma og areala som fanst her frå før.
​
Frå dei første små produksjonane til meir enn 100 000 ordrar i året, frå dei beste kundane i verda, med ein fantastisk stab som får utruleg mykje til 💪🏻
​
Men til slutt hadde me altså vokst oss ut av det.
Eg skulle berre seie god morgon … 🐝
Før/etter i gamle lokalet.
Me har også flytta ut av kårhuset Kveldsro frå 1917. Der har me hatt sjampo- og kroppssåpeproduksjon, lager, kontor, møterom, tørkerom for urter og soverom til tilsette som pendlar 🛏️
​
Og me har tømt lager i garasje, kjellar og på loft. Ja, omtrent overalt!
​
No har me samla all drift i eitt bygg. For ein luksus ⭐️
​
Det har rett nok vore sjarmerande å måtte ut i tunet og få litt frisk luft når noko skulle hentast. Men eg trur alle er einige i at det blir godt å sleppe å ta på broddar for å hente ei kasse emballasje om vinteren 😄
Eg skulle berre seie god morgon … 🐝
Flyttelass på vår nye pallejekk 💪🏻

Nye liv i gamle fotspor

​Langt oppi bakkane, på ei fjellhylle på Bulken på Voss, står no dette fantastiske massivtrehuset 🏡
​
Bikuba har blitt eit ordentleg signalbygg, og folk kjem frå nær og fjern for å sjå det. Tenk at dette er den nye arbeidsplassen vår!
​
Huset er bygd på tomta til den enorme pionerlåven frå 1880-talet. Her dreiv oldeforeldra mine eit mangfaldig landbruk, med sauer, hestar, griser, kyr og høns, hagebruk og fôrproduksjon 👨‍🌾
​
Og eg synest det er så fint å tenkje på korleis det nye livet i huset følgjer dei gamle fotspora:
​
Der sauefjøsen låg, lagar me no naturleg hudpleie i det nye produksjonskjøkkenet, med mykje ingrediensar frå engene våre.
​
Der hestestallane var, har me fått ein stor, flott sal. Her et me lunsj saman, og her kan me ha konsertar, møter, kurs, retreats, konfirmasjon og bryllup, ingen grenser omtrent. Og Ylva slenger seg i silken med elegant og sterk luftakrobatikk i same rom!
Kundeservice 📞 og kontor har fått plass rett under den gamle låvebrua. Og pakkeavdelinga pakkar no produkta dine der grisene heldt til då farmor voks opp, då sal av levande grisungar var det som gav best inntekt til garden 🐖
​
Eg blir rørt av den samanhengen også. Nye oppgåver og nye behov, på den same garden. Framleis med ressursane her som grunnlag for det me skaper.
Eg skulle berre seie god morgon … 🐝
Same gard. Forskjellig århundre.

Fire gonger så mykje plass – og utsikt som kan distrahere litt!

​No har me hatt dei to første fulle produksjonsdagane i Bikuba 🐝
​
På produksjonskjøkkenet har gjengen fire gonger så mykje plass som før. Betre arbeidsflyt, godt lys og god luft. Og plass til fleire hender i arbeid samstundes!
​
I pakkeavdelinga står dei fine folka og smiler og pakkar, med den fantastiske utsikta framfor seg ⛰️
Eg skulle berre seie god morgon … 🐝
Bikuba i soloppgang 🌄
Eg har sjølvsagt spurt om dei klarer å konsentrere seg om pakkane når fjella er så vakre. Andrea meiner det går fint – utsikta gir berre eit godt, lite avbrekk før ho vender tilbake til arbeidet 😄
​
Kontorgjengen har fått god plass, god luft og behageleg akustikk. Og Daniel, som har laga sjampo i Kveldsro, har endeleg fått resten av kollegaene under same tak 🤗
​
Det er ein ny kvardag for alle.
​
Men eg har også vore spent. Me har jo stått tett i tett før, med latter og små beskjedar rett over arbeidsborda. Kva skjer med den nærleiken når me får så mykje meir plass?
​
Så eg tok ein runde og spurde gjengen.
​
Hildegunn sa noko som gjorde meg veldig glad: «Me har teke med oss den gode energien.»
​
Neste veke får du høyre meir frå ho og fire andre i «5 i Bikuba». Om plassen, utsikta, fellesskapet – og gleda over å sleppe å vaske sjampopanna i dusjen 🚿🧼
Eg skulle berre seie god morgon … 🐝
For meg er det stort berre å stoppe opp litt og sjå dei i arbeid her.
​
Alt som har vore. Alt me står i no. Og alt dette huset gir oss rom til framover.
​
Tusen takk til deg som handlar hjå oss, fortel om oss og har vore med på å gjere dette mogleg. Kvar bestilling er ein del av historia som har ført oss hit 💚
Renate Lunde

Varm helsing frå Renate 💛 Og alle biene 🐝 i Bikuba