Eg har bursdag – og de fĂ„r presangen! đŸŽđŸ€© - Vossabia

Eg har bursdag – og de fĂ„r presangen! đŸŽđŸ€©

20 % pÄ ansiktsrituala eg brukar dagleg

Hurra for miniferie, bursdag – og ei lita feiring med dykk! đŸ„łđŸŽ‰

Med utsikt mot den vakre skjÊrgÄrden utanfor Kristiansand sender eg nokre fÄ ord i dag.
​
​Eg har tatt meg eit par dagar fri og nyt kvalitetstid med dei tre kjekke ungane mine. Som sĂ„ mange somrar fĂžr har turen gĂ„tt til Dyreparken og SĂžrlandet – ein liten tradisjon me er veldig glade i.
Og i morgon, torsdag, har eg bursdag! đŸ„ł

​

SĂ„ hurra for miniferie og hurra for meg – to gode grunnar til ei lita feiring! Og de skal sjĂžlvsagt fĂ„ vere med đŸ€©:

​

🎉 20 % ut veka pĂ„ to favorittpakker:​

Renates Botaniske Ansiktsrituale og Perfekt pakke til ansiktet!

​

Ansiktspleie i tre enkle steg. To minutt morgon og kveld. Resten gjer plantane! Elsk! 💚🐝

Spar 183,00 kr
Renates daglege botaniske ansiktspleie - VossabiaRENATES DAGLEGE BOTANISKE ANSIKTPLEIE - Vossabia
Renates botaniske ansiktsrituale
Tilbud 1.034,00 kr OrdinĂŠr pris 1.217,00 kr
Spar 143,00 kr
Perfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag - og nattkrem - VossabiaPerfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag- og nattkrem - Vossabia
Perfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag- og nattkrem
Tilbud 810,00 kr OrdinĂŠr pris 953,00 kr

Dette er ansiktspleia eg sjĂžlv brukar kvar einaste dag – bĂ„de heime og pĂ„ ferie. Faktisk er heile badehylla pĂ„ Airbnb-en vĂ„r farga av Vossabia i oransje, rosa, blĂ„tt og grĂžnt. 😉

Eg har bursdag – og de fĂ„r presangen! đŸŽđŸ€©
Produkta reingjer, gir masse nÊring og fukt, og hjelper huden tilbake i balanse. Gjennom Ära har me fÄtt tusenvis av tilbakemeldingar frÄ menneske som har opplevd reinare hud, mindre kviser og hudormar, mindre raudheit, og svÊrt mange fortel om god hjelp ved rosacea og eksem.
​
Og glÞden? Den kjem nesten av seg sjÞlv nÄr huden fÄr ekte plantemat. Men faktisk: glÞden huden fÄr er berre wow!
​
🌿 Renates Botaniske Ansiktsrituale​

Mine tre daglege favorittar samla i eitt enkelt ritual! Her fĂ„r huden djup nĂŠring, masse fukt, ro og beskyttelse – morgon og kveld. Produkta er svĂŠrt dryge, sĂ„ det skal berre smĂ„ mengder til.

Eg har bursdag – og de fĂ„r presangen! đŸŽđŸ€©
Pakken inneheld:
​
đŸŒŒ Tindved og Nesle – den botaniske «frukosten» til huden! Ei lett og nĂŠringsrik ansiktskrem som gir GLØØØØD, fukt og masse antioksidantar og vitamin C blant anna. Elska som dagkrem, men nydeleg om natta og! Saman med Ringblomstsalve er denne ein favoritt blant mange med rosacea og urein hud blant anna.

​

đŸŒŒ Ringblomstsalve – den perfekte dag- eller nattkremen nĂ„r huden treng ekstra nĂŠring, ro og beskyttelse. Mykje tilbakemeldingar pĂ„ kviser og eksem som blir borte, rosacea som blir lindra og ei hud som blir meir jevn og fin.

​

đŸŒŒ Augebalsam – mindre enn ertemengde er nok rundt augene kvar kveld. Gir intensiv pleie og er blitt ein favoritt mot hovne auge, tĂžrr hud, raudheit, sĂ„r hud og fine linjer.

​

Og som bursdagsgÄve fÄr du med vÄrt aller fÞrste produkt, den prisvinnande Lavendellepper, heilt gratis i tillegg til 20% pÄ pakken!

Eg har bursdag – og de fĂ„r presangen! đŸŽđŸ€©
★★★★★

Det beste ansiktspleiesettet jeg noen gang har hatt! Hjertelig takk 🐝😍

— Johanna
★★★★★

Elsker Vossabias produkter. Bruker fast denne kombien og er blitt helt avhengig. Alle produktene er utrolig drĂžye og gir min tĂžrre hud akkurat det den trenger.

— Nina
★★★★★

Jeg har rosacea, og eksem og utslett har forsvunnet. Fantastiske produkter rett fra naturen!

— Anne Kristine
đŸŒč Perfekt pakke til ansiktet

​

Her fÄr du i tillegg den prisvinnande og unike Rose- og rÞdklÞverskrubben, med handplukka roseblad og rÞdklÞver som blir hausta og tÞrka med stor omtanke for Ä bevare fargar, aroma og dermed dei verdfulle plantestoffa som antioksidantar, eteriske oljer og mineral.

Eg har bursdag – og de fĂ„r presangen! đŸŽđŸ€©

Ei lita teskje pulver blanda med litt vatn (eller gjerne med honning eller olje) blir til ei luksuriÞs spa-oppleving som bÄde reingjer, fornyar og gir huden ny glÞd.

★★★★★

Fantastiske produkter. Huden min strÄler nÄr jeg bruker roseskrubben saman med Tindved og Nesle og Ringblomstsalve.

— Anja
★★★★★

Nydelige produkter som gir huden nĂŠring og gjĂžr huden glatt og fin.

— Wenche
★★★★★

SvĂŠrt fornĂžyd med hele pakken, de beste hudpleieproduktene jeg har hatt. Ti av ti!

— Hilde
Eg har bursdag – og de fĂ„r presangen! đŸŽđŸ€©

I gĂ„r gjekk me langs blĂžmande grĂžftekantar pĂ„ veg til Dyreparken, og eg mĂ„tte stoppe fleire gonger, og eg blei heilt yr av blomehavet. Ryllik, perikum, mjĂždurt, marikĂ„pe og geitrams stod i full blom – mykje lenger komne enn heime pĂ„ Voss, der sommaren har vore bĂ„de kald og vĂ„t.

Eg har bursdag – og de fĂ„r presangen! đŸŽđŸ€©
No kjem heldigvis varmen vestover og 🌾 DĂ„ blir det plukkebonanza!
​
I dag er det endeleg ein fin dag heime, og gjengen pĂ„ jobb skal hausta rĂždklĂžver pĂ„ bakkane vĂ„re, medan me kosar oss her pĂ„ SĂžrlandet. Og det er ganske gĂžy Ă„ tenkje pĂ„ at bĂ„de damer og menn i Vossabia er godt smurde med dei beste ansiktsprodukta frĂ„ naturen medan dei gĂ„r bĂžygde over enga og plukkar Ă©in og Ă©in rĂždklĂžver ❀

​

No har Emil og Ylva allereie rukke ei morgontreningsĂžkt, Jonatan er klar i shortsen, og eg skal legge bort tastaturet. BadebĂ„ten ventar, skjĂŠrgĂ„rden ventar – og Jonatan er smurt og klar for sol og bading!

Eg har bursdag – og de fĂ„r presangen! đŸŽđŸ€©
Og i morgon er det bursdagen min đŸ„ł men ei god rose- og rĂždklĂžverplukkeĂžkt blir det sjĂžlvsagt likevel! Det er deilig det, og sĂ„ mĂ„ me jo nytte findagane!
​
Tusen takk for at de gjer det mogleg Ă„ leve denne draumen. Eg hĂ„par de vil vere med og feire litt saman med meg denne veka. ❀
​
PS: Rabatten varer berre ut veka, sĂ„ viss du har tenkt Ă„ unne deg litt ekstra botanisk luksus i sommar, er dette ei fin anledning. 🌿
Renate Lunde

Med djup takksemd frĂ„ Renate 💛
Dronningbia 🐝 i Vossabia