DONASJON FRAMFOR RABATT på Black Friday 🙏

DONASJON FRAMFOR RABATT på Black Friday 🙏

Me vil, i staden for å gje rabattar på våre handlaga høgkvalitets naturprodukt, heller donere 25% av vår omsetnad i dag 29.11 til humanitært krisearbeid for barn i Gaza, som ei motvekt til Black Friday.

Krigen i Gaza rammar sivile som ikkje har nokon stad å gøyme seg. Eg seier som Plan International Norge: Verda må gjere meir, og i mellomtida skal me gjere alt me kan. For det hastar!

Me er i mot Black Week og Black Friday hjå Vossabia ✊. Det er me uansett, men spesielt i ei tid der det er så svart som det kan bli for svært mange av våre medmenneske. Det er beksvart kvar bidige dag i Palestina. Befolkningen i Gaza lever under eit ekstremt folkemord så grusomt at det ikkje er til å fatte 😔 Det er så totalt surrealistisk at me dagleg er vitne til dei mest grusomme handlingar utført av Israel, og så kan me ikkje gjere noko for å stoppe det. Og dei som kan stoppe det gjer ikkje det... For ei svart, svart tid me lever i.
Me vanlege folk kan presse politikarar og rope Lytt til FN, demonstrere, boikotte, dele og me kan signere og sende denne ferdigskrivne eposten til Oljefondet og Finansdepartementet om at me ikkje finn oss i at det norske Oljefondet investerer tungt inn i okkupert Palestinsk område 📧
Me kan og donere til organisasjonar som gjer særs viktig arbeid for menneske i den mest ekstreme nød 🙏 Og det er det Vossabia altså vil gjere denne dagen, i år som i fjor 🐝

Tidlegare i år gav me 163.000 til nødhjelp og i fjor donerte me 88.000 til Redd Barna og Unicef etter Black Friday. Små dråpar, men me vel å tru at alle bidreg er viktige! 🌎 Me har i år valt å gje til Plan International Norge som jobbar på spreng med humanitært krisearbeid, med å få inn nødhjelpspakker med mat, vatn og fyrstehjelpsutstyr i Gaza. Plan samarbeidar og med lokale partnarar som lagar varm mat til mange tusen menneske, dei gir psykososial støtte til barn og familiar, og mykje meir 🙌

Eg kan ikkje fatte at statsleiarar og ministre som sjølv er foreldre, kan sjå på og ikkje stanse dette ufattelege som har foregått i ikkje berre godt over 400 dagar, men i faktisk 76 år

Mi egyptisk/palestinske venninne Noha opplevde å vere i ein skog for fyrste gong i 2016 her på Voss, ei sterk oppleving!

 

Mange av oss kjenner kvar bidige dag sorg langt inn i sjela for kvar og ein av dei over 43.000 menneska som er drept, og dei langt over 100.000 som er skadd, og dei over 1,8 millionar palestinarar i Gaza som lir under ekstrem menneskeskapt svolt. FN har sagt at Israels handlingar er folkemord, og at nær 70% av alle drepne er kvinner og barn. 44% av alle drepne er barn. Dei barna som kjem til å overleve dette er så skadd at dei vil vere traumatisert for livet. Dei er avhengige av hjelpeorganisasjonar, og me kan bidra så organisasjonar faktisk kan drive med det dei er god på: å hjelpe i kriser og humanitære katastrofer 🙏
 
Me DONERER DIFOR 25% AV OMSETNADEN fredag 29.11 til PLAN INTERNATIONAL NORGE og deira arbeid for barn i Gaza.
Her kan du og vere med å bidra, samstundes som du kanskje sikrar deg julegåvene du likevel hadde tenkt å kjøpe. Det var tanken. At me er mange som enkelt bidreg til menneske i nød, og det ved å handle noko som er nyttig og bra for oss sjølve og miljøet 💛
 
Alt Vossabia lagar er sjølvsagt nyttig, miljøvenleg og lokalprodusert, og dermed knallfint å gje til dei som har alt og dei som kan trenge noko lurt. Det meiner i alle fall eg 😉 🤩  Så nedanfor får du nokre tips til kalendergåver til skjønne ungar og ungdomar 😉 og julegåvetips til dei du er glad i (inkludert deg sjølv! 😘).
gaveguideVossabias naturprodukt er veldig populære julegåver
 
Slik bidreg me mange med noko positivt, og ikkje til overforbruk og kjøpemani. Vossabia er nemleg også prinispielt i mot Black Friday, Week og Month. Me er i mot oppfordring til overforbruk og masseproduksjon av varer som statistikk viser kjapt hamnar på søppelfyllingar rundt omkring i verda, og forureinar i alle ledd ✊

Black Friday, Week og Month skader forresten også små bedrifter. Viss nokon trur at det å gje enorme rabattar for små, sjølvstendige butikkar er berekraftig økonomisk så er nok svaret eit rungande NEI. Eg veit mange butikkeigarar kvir seg til desse dagar, med kjøpekaos, hamstring og så og seie ingen profitt. Bedrifter går konkurs på grunn av Black Friday 💔

Det er sååå mange gode måtar å kjøpe gåver til sine fine som ikkje inneberer å la seg rive med av elleville priskutt. Å kjøpe frå lokale produksjonsbedrifter som skapar arbeidsplassar i lokalsamfunnet, kjøpe brukt og vintage, gje donasjonar til veldedige formål og gode opplevingar til seg og sine brer om seg, og det diggar eg! 💖 Me vel altså veldedighet i dag, for barn som lider, i humanitetens og menneskeverdets namn 🐝🌎

Frå 1995 – 2009 studerte og forska eg på Midtøstenhistorie på ulike universitet. Vil du og læra meir om livet under Israels brutale okkupasjon anbefaler eg desse dokumentarfilmane:
  • Tears of Gaza (2010)
  • Born in Gaza (2014)
  • Death in Gaza (2004)
  • 5 Broken Cameras (2011)
  • Jenin, Jenin (2002)
  • A World Not Ours (2012)
  • The Gatekeepers (2012)
  • The Oslo Diaries (2018)
  • The Occupation of the American Mind (2016)

Hedda Hosås


Har du lest heilt hit og tenker at det er så feil av Vossabia å ha meiningar og standpunkt om anna enn urter og hudpleie, så vil eg minne på at det å vere menneske er å bry seg, støtte kvarandre, og engasjere seg. For meg heng alt saman, me er knytt til kvarandre, og korleis kan ein bry seg om natur og økosystem, og ikkje engasjere seg for sine medmenneske? Så enkelt er det synes eg 💛

 

Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia