Den viktigaste planten i heile Vossabia? - Vossabia

Den viktigaste planten i heile Vossabia?

Den lyser opp hagen, styrkar huden, trivst i hĂ„ret – og no har den fĂ„tt si eiga pakke.
Det er noko heilt eige med ringblomsten.
​
Eg blir oppriktig glad kvar gong eg gĂ„r ut i hagen no om dagen. 💛 Eg tek meg sjĂžlv i Ă„ stoppe opp fleire gonger om dagen berre for Ă„ sjĂ„ pĂ„ ringblomstane mine. Dei stĂ„r der og lyser som smĂ„ soler mellom andre blomar og alt det grĂžne, full av liv og kraft. Eg trur faktisk aldri eg kjem til Ă„ bli lei av synet.
​
Bli med meg ein liten tur ut i ringblomstbedet đŸŒŒ Eg har lyst Ă„ vise deg kvifor denne vesle, oransje blomen har fĂ„tt ein heilt spesiell plass – bĂ„de i hjartet mitt og i Vossabia. Undervegs her skal du fĂ„ mĂžte fleire av produkta blomen har funne vegen inn i, og heilt til slutt ventar eit heilt nytt Ringblomstpakketilbod.
Den viktigaste planten i heile Vossabia?
No er me midt i innhaustinga. Nesten dagleg plukkar me ferske ringblomstar pĂ„ garden som blir tĂžrka varsamt eller lagt rett pĂ„ sprit for Ă„ bli til tinktur. Samtidig brukar me store mengder Ăžkologisk ringblomstturteolje og kraftfullt ringblomst CO₂-ekstrakt i fleire av produkta vĂ„re. Eg prĂžver rett og slett Ă„ fĂ„ med mest mogleg av denne fantastiske planten – fordi ulike ekstraksjonsmetodar fangar opp ulike skattar frĂ„ planten.
​
Og det er ikkje tilfeldig.
​
For ringblomst er utan tvil ei av dei plantene eg stolar aller mest pÄ.
Den viktigaste planten i heile Vossabia?

đŸŒŒ Ringblomst – naturen sin universalplante

​Om eg mĂ„tte valt Ă©i plante til eit naturapotek, hadde ringblomst vore heilt i toppen av lista.
​
Ho har ei heilt fantastisk evne til Ă„ stĂžtte kroppen sin eigen reparasjonsprosess. Ho roer ned, lindrar, beskyttar og hjelper huden tilbake i balanse.
​
Det er difor me brukar den mot alt frÄ tÞrre lepper og sprukne hender til skrubbsÄr, irritert hud, kviser og eksem, solpÄverka hud, hodebunn og hÄr, og mykje meir.
Den viktigaste planten i heile Vossabia?
Forsking viser at ringblomst inneheld eit imponerande mangfald av naturlege stoff, mellom anna flavonoid, karotenoid, triterpen, saponinar og kraftige antioksidantar som samarbeider pÄ utruleg mange mÄtar. Saman bidreg dei til Ä:
​
đŸŒŒ StĂžtte huden si eiga reparasjonsevne, slik at skrubbsĂ„r, sprekker og smĂ„ hudskadar ofte gror raskare.
​
đŸŒŒ Dempe irritasjon og betennelse, noko som gjer ringblomst svĂŠrt godt eigna til sensitiv, sĂ„r og reaktiv hud.
​
đŸŒŒ Styrke hudbarrieren, slik at huden held betre pĂ„ fukt og blir meir motstandsdyktig mot kulde, vind og uttĂžrking.
​
đŸŒŒ Verne mot oksidativt stress, takka vere eit hĂžgt innhald av antioksidantar som hjelper huden Ă„ takle pĂ„verknader frĂ„ bĂ„de sol, forureining og kvardagsliv.
​
đŸŒŒ Gi nĂŠring til hodebunn og hĂ„r, der ringblomst verkar roande pĂ„ tĂžrr, irritert og klĂžande hodebunn, samstundes som den stĂžttar ein sunn hudbarriere rundt hĂ„rsekkane. Ein hovudbotn i balanse er det beste utgangspunktet for sterkt, glansfullt og sunt hĂ„r.
​
Det er nettopp difor ringblomst har fÄtt vere med i sÄ mange av produkta vÄre. Eg prÞver alltid Ä spÞrje meg sjÞlv: Vil ringblomst gjere dette produktet endÄ betre? Svaret er overraskande ofte ja.
Den viktigaste planten i heile Vossabia?

đŸŒŒ Ringblomstpakken – fire smĂ„ favorittar med stor kraft

​
For Ä feire ringblomstsesongen har eg sett saman ei heilt ny pakke der du fÄr bli kjent med fire produkt der ringblomst fÄr utÞve sin kraft.
Spar 114,00 kr
Ringblomstpakken - VossabiaRingblomstpakken - Vossabia
Ringblomstpakken
Tilbud 644,00 kr OrdinĂŠr pris 758,00 kr

💛 Ringblomstsalve (15 ml)

​Universalen til storfamilien – elska av alle generasjonar!
​
Dette er familiens vesle husapotek som har vore med tusenvis av familiar sidan 2004. Perfekt til tÞrr hud, kviser, eksem, skrubbsÄr, smÄsÄr, etterbarbering, sprekker, sÄre hender, utslett, insektstikk, irritasjon og mykje mykje meir.
​
Ei salve mange rett og slett ikkje vil vere forutan. Og perfekt til bÄde velvere som ansiktskrem og til hudutfordringar av alle slag.
★★★★★

Bruker Ringblomstsalven til ALT." SÄre lepper, skrubbsÄr, utslett, allergiske reaksjoner, hemorider, betente kviser, klÞestillende, og inngrodde tÄnegler. Har den alltid med meg da jeg mer eller mindre har blitt avhengig av den.

— Svanhild
★★★★★

Super salve ! " KjĂžpte denne for atopisk eksem - og i lĂžpet av rett over ei veka var nesten alt borte. Har forsĂžkt mange andre fĂžr dette uten resultat.

— Jakob
Den viktigaste planten i heile Vossabia?

❄ Kuldekrem (15 ml)​

​
Namnet lurer mange. Ja, den er heilt fantastisk som kuldekrem. Men den er minst like god resten av Äret.
​
Mange brukar den som ei rik ansiktskrem nĂ„r huden er ekstra tĂžrr, som handkrem, pĂ„ tĂžrre albogar og hĂŠlar, eller nĂ„r huden treng ekstra omsorg. Fleire kundar fortel ĂČg at han har blitt ein favoritt ved tĂžrr og eksemutsett hud, og sjĂžlvsagt ved kuldeeksem.
​
Og sidan den inneheld naturleg solfaktor (ca. SPF 8), er den heilt perfekt pÄ vinterfjellet, tidleg vÄr og seinsommar.
★★★★★

Jeg husker ikke sist huden i ansiktet mitt har vÊrt sÄ fin" Jeg har rosacea, og huden reagerer pÄ sol og vind. Jobber i barnehage, sÄ er ute i all slags vÊr. Har brukt kuldekremen som dagkrem hver dag i hele 2026 - i tillegg til solkrem nÄ pÄ vÄren. Anbefales!

— Grethe S.
★★★★★

Desidert den beste kuldekremen jeg noen gang har prĂžvd!" Er mye ute i arbeids medfĂžr (barnehageassistent), sĂ„ den har blitt brukt flittig i vinter 😊 ikke bare er den drĂžy i bruk, deilig pĂ„ huden og sitter lenge, den har en lett, behagelig lukt som jeg ikke har funnet i andre kuldekremer.

— Anne Helene M.
Den viktigaste planten i heile Vossabia?

🌿 Sitrongras HĂ„rserum​

​
Dette er mykje meir enn eit hÄrserum.
Ringblomst spelar ei viktig rolle ogsÄ her. Ho roer hovudbotnen, medan ryllik, rosenrot, rosmarin og sitrongras utfyller kvarandre i ei kraftfull urteblanding som gir nÊring til bÄde hud og hÄr.
​
Serumet gir glans, mjukleik og nÊring, og er nydeleg bÄde som kur fÞr hÄrvask eller over natta, som pleie i hÄrtuppane, til styling eller som skjeggolje. Mange fortel at ein hovudbotn i balanse over tid ogsÄ gir sterkare og friskare hÄr.
★★★★★

Lukter friskt og godt." Jeg bruker den i hodebunnen kvelden fÞr hÄrvask nÄr jeg husker det. Bruker den ogsÄ i ansikt og pÄ hender/kropp, da jeg er plaget med eksem . - Ann-Marie

★★★★★

Fin for tÞrre tupper og gi hÄret ekstra glans" Brukte den fÞrst bare i hodebunnen pÄ grunn av klÞe som forsvant etter daglig bruk i en uke.

— Liv
Den viktigaste planten i heile Vossabia?

🍃 Myntelepper

​Alt starta eigentleg her. Myntelepper var det aller fĂžrste hudproduktet eg utvikla, heilt tilbake til 2004, og vart starten pĂ„ heile hudpleieserien til Vossabia.
​
Sidan den gong har ho blitt prisvinnar, favoritt hjÄ titusenvis av kundar og ein fast fÞlgesvein i lommer, vesker og sekkar over heile landet.
​
Ringblomst er sjĂžlvsagt med her ĂČg, saman med bivoks, og Ăžkologiske planteoljer som held leppene mjuke, sterke og godt beskytta – Ă„ret rundt. Og den reparerer raskt om du treng: munnsĂ„r, herpes, sprukne lepper

★★★★★

Elsker den!" Dette er desidert den aller beste leppepomaden jeg har hatt! Nydelig lukt/smak og konsistens.

— Camilla
★★★★★

Favoritt!" Gir langvarig fukt og en deilig kjÞlende fÞlelse pÄ leppene. Bestiller flere om gangen igjen og igjen og ingen andre leppepomaden duger etter at jeg prÞvde denne.

— Hanne
Den viktigaste planten i heile Vossabia?
Den viktigaste planten i heile Vossabia?

Du treng ikkje stor gard

​
Det aller beste? Alle kan dyrke ringblomst. Du treng ikkje Ä bu pÄ gard eller ha stor hage. Ein liten balkongkasse held lenge. SÄ frÞ om vÄren, og du fÄr blomar som kjem om att og om att gjennom heile sommaren og heilt til oktober. Dess meir du plukkar, desto fleire blomar lagar planten.
​
Og sÄ kan du bruke dei til sÄ mykje!
​
đŸŒŒ Ha kronblada i salat.
đŸŒŒ Dryss dei over maten eller som kakepynt
đŸŒŒLag ringblomsthonning ved Ă„ la blomane trekke i 4 veker i honning.
đŸŒŒ Lag super-te.
đŸŒŒ Lag tinktur.
đŸŒŒ Trekk dei i olje.
đŸŒŒ Lag di eiga salve eller sĂ„pe med ringblomst.
đŸŒŒ Eller lag middag med ringblomst! đŸ‘‡đŸ»
Den viktigaste planten i heile Vossabia?

Ringblomstrisotto (4–6 personar)

Den viktigaste planten i heile Vossabia?
Slik gjer du:
​
1. Steik sjalottlþk og kvitlauk mjukt i olivenolja.​
2. RĂžr inn risen fĂžr du tilset kvitvin.
​
3. Spe deretter med varm kraft, litt om gongen, medan du rĂžrer.
​
4. NÄr risen er nesten ferdigkokt, blandar du inn dei tÞrka ringblomstkronblada.
​
5. Server med friske kronblad pĂ„ toppen – og gjerne ein god salat ved sidan av.
​
💛 Vakkert, enkelt og ein nydeleg mĂ„te Ă„ ta med litt meir natur inn pĂ„ middagsbordet
Den viktigaste planten i heile Vossabia?
Kanskje er det nettopp difor eg aldri blir ferdig med ringblomsten. Jo meir eg lÊrer om, og brukar planten, desto meir oppdagar eg. Kvar sesong dukkar det opp nye idéar, nye produkt og nye mÄtar Ä bruke denne fantastiske planten pÄ.
​
Eg har ei kjensle av at ringblomsten framleis har mange hemmelegheiter att Ă„ vise oss – og eg gler meg til Ă„ utforske dei saman med dykk.
💛
Den viktigaste planten i heile Vossabia?
PS: Om du vil slĂ„ av ein prat med nokre kjekke Vossabier og kjenne pĂ„ produkta i tillegg, er det eit hot tips Ă„ stikke til Nesbyen i Hallingdal i helga. Emil og Daniel blir med og skapar liv og rĂžre under Kjerringtorget laurdag og sundag 29.–30. august. HĂ„par gutane fĂ„r helse pĂ„ deg!
Renate Lunde

Med djup takksemd frĂ„ Renate 💛Dronningbia 🐝 i Vossabia