Men, eg gløymer ikkje så lett det utrulege året som har vore! Først og fremst eit utruleg år på grunn av alle de fantastisk fine kundar! 🥹
Eg, og alle mine arbeidsbier her på gården 🐝 er så ekstremt takknemlige for at akkurat DU smurte deg og dine inn med naturen på huden i 2024! Takk takk takk 🙏 for at du og de brukar Vossabia i kvardagen, og bidreg til fantastisk nytting av nærressursar, økologisk landbruk både lokalt og globalt, lokale arbeidsplassar i landbruket, og ikkje minst langsiktig og førebyggande helse for folk og miljø 💚 Utan deg og alle de der ute i landet vårt, ingen Vossabia Me ser audmjukt tilbake på eit år med stort vekst, mange nye kundar og forhandlarar, ein bærebjelke med enormt mange gode gamle kundar, og mykje positiv merksemd i form av prisar og tusenvis reviews/tilbakemeldingar (takk!!!) 💫
Det har vore eit rekordår for innhausting av urter frå våre økologiske og verdfulle gamle slåtteenger. Me har fått samarbeid med fleire lokale og regionale bønder, og me har produsert meir enn me trudde var overhovudet mogleg!! Altså: for nokre tilsette! For nokre kundar!! For ein gavmild natur! 🌱💚 🐝
Det har vore så spennande og utruleg moro, men inni hampen heftig og hektisk 😅! Helledussen så sliten eg har vore! Å hjelpemeg så dei tilsette har fått køyrt seg! Og ikkje minst: du og du for ein fantastisk hovudleverandør me har i dei dyktige folka på Sunvita, me hadde aldri klart oss utan dei! 🤩 Så mi djupe takksemd går så til dei grader også til vår utrulege leverandør som er med å gjere det mogleg å få tak i dei beste økologiske oljer og europeisk-produserte krukker blant anna. Dei er sterke fagfolk og bevisste til tusen 💪! Og eg elskar korleis me verdset og skjønar kvarandre, for dei skjønar verkeleg kva Vossabia handlar om, berre sjekk kva dei så nydeleg set ord på i julekortet 💗 "Fordi om det er vanskelig å fatte at det er mulig å produsere så mange krukker og flakser med håndlagde produkter, så har du (sammen med dine gode hjelpere..) viast at det går an!! Det at du ikke har firet på kravene, eller tatt enkle løsninger når det kommer til kvalitet og håndtverk er helt klart noe av det som gjør at Vossabia sine produkter er så spesielle ♥️ I en verden der alt blir mer og mer kommersielt og falskt, er det fantastisk at noen fortsatt holder fast på det som er naturlig og ekte, og det heier vi på!!"
No kaster me oss inn i eit nytt år, med masse spennande planar og ikkje minst vidare produktutvikling! På lille julaften fødte eg nemleg ein liten bringebærven til leppene, etter eit ganske langt svangerskap 😋 Den har grodd og vokst seg fram inni meg over eit års tid, og plutseleg, poff, der skulle den ut i verda og forløysast 🤭 Akkurat medan eg stod og pakka inn gåve til søstera mi Heidi. Det var tanken på Heidi som satte i gang fødselen faktisk. Ho hadde nemleg kjøpt seg ein leppestift (bannlyst her hjå meg med slike syntetiske greier sjølvsagt 😉) for ho ville ha ein litt meir rødrosa farge som eg ikkje hadde i sortimentet.
Få lepper som denne bringebærisen eg laga 😋 Kanskje du og blir freista til å drysse neslepulver over bringebærisen no? 💕
Eg fekk skikkeleg kynnarar og vondt i magen når ho fortalde dette i haust og smurte inn leppene med parafin og drit, så når eg stod der og pakka gåva hennar inn, så kjente eg det pressa på. No skulle det bli Bringebærlepper! Og det vart det! Og me elsker den alle saman her! Ungdomane diggar den for fargen er så nydeleg og den glinser som ein lipgloss 😍 Me vaksne elskar den for fargen og skinnet og måten den omfamnar leppene på med castorolje blant anna. MEN, spørsmålet er om DU likar den? Er det berre noko for oss her med familie og tilsette? Eller skal me satse på denne til salg og 🧐? Vil du vere med å avgjere det? Då kan du berre skrive BRINGEBÆR i notatfeltet i handlekorga, så legg me ein slik deilig liten Bringebærlepper oppi pakken din! Me køyrer nyttårsgåve slash marknadstest til og med søndag 5. januar. Søt start på året eller? 😉
Takk Heidi, for at du sådde bringebærfrøet i meg, kanskje det var denne vakre sommardagen i hagen på gården?
👉 Kva må du gjere for å få Bringebærlepper: Skriv BRINGEBÆR i ordrenotatet i bestillingen/handlekorga. Sjå bildet: Det passa veldig fint å bli så skjønn og sånn no, for om under to veker skal eg til Berlin 🇩🇪! Vossabia er kome til finalen i den nasjonale BU- prisen (Bygdeutviklingsprisen i landbruket) og skal møte på ambassaden til dei nordiske landa i Berlin 16.1 og få vite kven av oss tre verdige finalistar som stikk av med den ekstremt gjeve prisen 🏆! Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 vert delt ut på mat- og landbruksmessa Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin av landbruksminister Geir Pollestad.
Dette blir så utruleg kjekt, og me føler oss som vinnarar uansett kven som stikk av med prisen til slutt. Dei to fantastiske «konkurrentane» våre er Hørte gård (økologiske grønsaker) og Til Elise Fra Marius med sitt opplevingskonsept på Helgeland. Me gler oss til å bli kjent med desse driftige folka bak bedriftene og gjett om dei og skal få teste Bringebærlepper 💗!
👉 Her kan du lese meir om oss tre finalistar:
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia |