12 i bikuben – møt folka og favorittane! 🐝💛
I dag opnar me dørene til bikuben vår 🐝 – og du får bli med rett inn i hjartet av Vossabia! Her summar det av engasjement, latter, produksjon, pakking og ikkje minst produktprat – her elskar sjølvsagt alle heile produktserien, men kan det hende nokon produkt er meir favoritt enn andre?
Så… eg tenkte: kva skjer eigentleg om me spør heile gjengen?

Kva gjer eit produkt til ein favoritt?
Er det effekten? Lukta? Kva den gjer for huda? Eller kanskje kjensla av å ha vore med på å lage noko som faktisk hjelper folk?
Er det effekten? Lukta? Kva den gjer for huda? Eller kanskje kjensla av å ha vore med på å lage noko som faktisk hjelper folk?
I dag vil eg ta deg med bak kulissane i Vossabia, og introdusere deg for dei som med glede og engasjement rører, heller, koker sjampo, pakkar og driv med ordrebehandling, etiketterer, svarar telefon og epost, og handterer alle forhandlerbestillinger.

Tenk, snart står me i dette fantastiske nye bygget og fortsetter å lage dei beste produkta for hand. Det blir utruleg å få plass til alt i eitt hus, for no er det tørka urter i kårhuset, pakkekonvolutter i garasjen, produksjon i våningshuset, marknadsmateriell i uthuset og honningslynge i kjelleren.

Me kallar det "12 i bikuben" – ei lita feiring av dei flotte folka som gjer Vossabia til Vossabia.
Kvar av dei har plukka fram sin personlege favoritt, og kanskje oppdagar du eit produkt du ikkje har prøvd enno, eller eit nytt bruksområde? Eller at du og ein av oss har same favoritt?
Velkomen inn i bikuben – her blir du kjent med både folka og magien me elskar å skape her frå gården. 🌿💛

Miriam har jobba hjå oss veldig kort tid, kun sidan august, men ho og familien har vore entusiastiske Vossabiabrukarar i mange år. Ho vart tilsett som produksjonsmedarbeidar, og har no kome godt inn i kompleksiteten i produkta og er blitt ein viktig del av produksjonsteamet alt.
Miriam har vore stylist i LA og lærar på Voss. Me digger dama og hennar mangfaldige kompetanse og evne til å spre glede, og nyt alt av hennar kreativitet på fleire plan.

|

Linda frå Laksevåg begynte hjå Vossabia etter at eg headhunta ho på Nord Kypros for 2 år sidan. Ho har enormt lang butikkerfaring etter å ha drive dyrebutikk i 30 år, og du merker ho er ein dyktig og meget glad selgar når du møter ho på marknad. Ikkje rart ho er blitt marknadsansvarleg!
Og så er ho ei meget viktig brikke i forhandlerdelen vår. Ikkje minst er denne gledesstrålen og faktisk sangfuglen full av gode historier og morsomme og gjerne uventa påfunn. Me må stadig høyre Bergenssangen for full hals…

|

Helga begynte som ekstrahjelp her i haust, og har jobba masse i det siste. Ho er utruleg driftig og dyktig, kokk av yrke, men har også fullt opp med å renovere ein fjellgard ikkje langt unna her.
Me er heldige som har fått denne gode dama med i teamet! Ho pakker, klistrer etiketter, held kontroll på sakene og får det til å gå unna, og alltid med herleg humør!

|


|

|

Simon begynte her sommaren 2022, og fekk jobb fordi han var konkurransesvømmer! Som alltid med svømmere, så er dei gode til det meste, og det gjaldt Simon frå Stord og.
Han har jobba her ved sida av økonomistudier, og bidreg sterkt i kundeservice, i pakkeavdelinga og ordrebehandling, og så har han alltid mange gode historier på lur.

|

Christine begynte også med russedugnad for 1,5 år sidan, og fortsatte på fulltid frå sommaren 2024 då ho utmerka seg som ei meget arbeidssom og strukturert ung dame som likar å få unna ting.
Ho har fått mykje ansvar for ordrebehandling, og så er ho ei knallgod dame å ha som produksjonsassistent. Me diggar Christine.

|
Marius begynte fordi han er ein av bestekompisane til Emil, og eg trengte desperat fleire folk. Det kunne gått gale, men det var perfekt! Marius er dedikert konkurransemann som jobbar strukturert og målretta.
Han har etterkvart fått bli ein del av det eksklusive produksjonsteamet, og den jobben gjer han knallgodt. Please, ikkje dra til Lillehammer for å satse på sykling!

|

Jorunn er den første tilsette i full tid utanom meg sjølv, og vart ansatt for 4,5 år sidan. Ho er den du møter i telefon og på epost. Ho er motoren og hjula i kundeservicen, knallgod med folk og hjelper dei hundrevis som ringer og skriv til oss kvar veke.
I tillegg held ho kontroll på rekvisita og bestillinger av alt mogleg, så takk og lov for oss at ho har sånn kontroll og er så herleg vesen i tillegg.

|

Daniel er og ein av bestekompisane til Emil, og blei kapra i min desperasjon etter meir arbeidsfolk. Det vart og eit fantastisk lukketreff!
Han er no forhandlaransvarleg og vår O store sjampokokar! Ikkje berre stor fordi han er 2.04, men fordi han er så knallgod til alt han gjer. Og så pedagogisk! Han har lært opp nye tilsette og forhandlarane elskar han. Nett som me gjer!

|

Bendik er blant våre siste tilsette. Men sjølv om han kun har vore her i 4 månadar så har han alt gjort eit stort inntrykk på oss. Han vart tilsett som produksjonsmedarbeider og har lagt sin elsk på den harde sjampoproduksjonen.
Bendik har så herleg humør, bidreg aktivt med gode samtalar, og er også ein mann med mange talent. Han har alt gjort seg bemerka med ein nydeleg animasjonsfilm som de finn på Instagram. Der håpar eg de følger oss altså ;)

|

Emil har jo vokst opp med Vossabia, og jobba med mamsen sidan tidleg tenår. Det begynte med etikettklistring, så vart det pakking også, og no er han ein drivande god kar å ha i produksjonen. Han var den andre i verda (utanom meg) som fekk lære å lage sjampoen! Det var stort!
Og så er han også no forfremma til intern marknadsføringsansvarleg! Han truer stadig med å reise rundt i verda, men førebels klarar eg å halde på han eitt år til! Han koser seg med å jobbe med mamma sjølvsagt, og eg og han er eit superteam! Så glad for ein slik dyktig og ikkje minst morosam Kronprins!

|

Det var dagens “12 i bikuben”! 🐝✨
Ein herleg miks av historiar, latter, og ikkje minst produktkjærleik – og, ja, litt intern stoltheit.
Det kjem snart ein video på Instagram også, der denne gode gjengen forteller om favorittane sine. Så bli med vidare der!
Og så: kva med dei fine folka som ikkje var på jobb i dag? Det er nemleg fleire gode hoder, flinke hender og smilande fjes som ikkje var på jobb i dag – dei skal få kome med sine favorittar på instagram etterkvart dei og, så berre heng med oss der!
Vossabia-summetonen held fram 🐝💛 Gled dykk!
|
|













