Bikube-stemning og blome-bonanza hjå Vossabia 🐝 🌸

Bikube-stemning og blome-bonanza hjå Vossabia 🐝 🌸

Det blømar og bugnar overalt! 🌼 Heile fargeskalaen er i bruk ute på engene no! Eg berre elskar plantemangfaldet her. Å plukke ville vekster som villig gir oss så mykje nydeleg er faktisk magisk! 
 
Men, så tek det tid. Og det går akkurat no litt ut over andre som eg diggar – nemleg deg! Du som handlar og støttar oss. Difor vil eg beklage at det akkurat no kan ta litt lenger tid før du får pakken din ❤️  

Me er altså midt i den mest intense plukkeperioden på heile året! 🔥 Og då må me av og til la ordrer og pakker vente litt for å få inn vårt gull frå engene.

Sjølv minsten må bidra skal me få alt inn 😅 

Men eg garanterer: me står heilt enormt på for å gje deg den beste kundeopplevinga frå sterke planter til effektive høgkvalitetsprodukt til pakka fint og sendt heim til deg så raskt me kan 🥰

Her står me på hovudet for å få inn alle plantene!

👩🌾 Frå eng til eliksir på 24 timar

Me plukkar formiddag og ettermiddag, vekedagar og helgedagar – og alltid i sol og opphaldsvær. Plantane går ofte direkte frå eng til panne og blir til sjampo og kroppssåpe, eller foredla til tinktur, skrubb og hudbalsam.

I dette pakketilbodet får du med deg nesle, kjerringrokk, ryllik, rødkløver, perikum og einer frå garden vår! 

Ja, det er omtrent som inni ein bikube her, det summar godt og det arbeides i alle krikar og krokar 😅 Forskjellen er kanskje berre at Dronningbia ikkje går og legg egg overalt 😉 og ikkje blir ho mata og varma og pusa så mykje med som inne i ein vanleg bikube heller (kanskje eg bør lage nokre nye reglar her, hehe). 

Ei dronningbie er kun ute ein gong i livet når ho skal bli para av 15-20 bier på ein dag. Heldigvis kan eg vandre i fred kor eg vil og gå ut når eg vil, så det er kanskje greit at ikkje alt er likt som i ein bikube likevel 🤣 

 

🌾 Plukketid = investering i haust og vinter

Kjerringrokk, brennesle, raudkløver, rose, ryllik, mjødurt, perikum... særs mykje er klart til innhausting no – og ofte samstundes, som om floraen vil teste kor mange armar me har 🤹♀️ 🦑 

Me nyttar dette tidsvindauga for planteplukking godt for å sikre råvarer for haust og vinter! 🏃♀️🏃🏼♂️🏃 Elles blir det utsolgt for mange produkt etter jul, og det vil me absolutt ikkje risikere. Så straks det er opphald og sol så kommanderer denne Dronningbia alle arbeiderbiene ut i engene med korger på armane.

Det blir så tørka planter i alle rom i alle hus på garden, det blir laga enorme mengder tinktur, og så foredlar me dette grøne gullet vidare til det sunnaste du kan smøre huden med! Og akkurat DET er hovudmotivasjonen alltid! 🥰  

Elles såg eg årets fyrste ryllik i bløming i helga og eg fann masse groblad!! Det gjekk rett i ei herleg teblanding! Men, helledussen, korleis få tid til alt no når kjerringrokken hastar å få inn 😂 Og brennesle er klar for neste innhausting etter at det no er kome nye skudd i toppen etter forrige plukkerunde.

Nei, her er det berre å ringe etter fleire ekstrahjelper trur eg, hahaha. Og kjem du forbi Bulken på Voss på ein solrik dag så kom gjerne opp og plukk med oss! ☀️ Eg synest jo at det er som å gå på skattejakt!  

Gjer som Ylva: smak og spis plantane og få nye opplevingar i ganen! Rødkløver er søt og god og perfekt i salaten eller i grøftekanfrikadellene, og eit must i te og tinktur

Følg med på Instagram, så skal eg dele masse spennande om groblad straks!

På ein kjapp tur til Hardanger i dag såg eg den fyrste perikumen i år! Eg blir altså så glad når eg ser årets fyrste eksemplarer!! Eg er sikkert litt rar, men det sitrar liksom litt i kroppen faktisk 😂 Perikum, rødkløver og ryllik er forresten heilt sentrale i den superpopulære og dødsgode Kroppsbalsam med ville urter. Andre produkt som hårserum og ansiktsskrubb nyt og godt av akkurat desse superplantane! 

Kroppsbalsam med ville urter er herleg mjukgjerande og pleiande frå topp til tå, med ville urter frå bakkane hjå Vossabia.

🌼 Beauty Oscar-vinnar i bløming!

Knallrosa deilige roser er også i full gang no! Og med raudkløver alt klar i kantane så er det tid for magi! Desse to plantestjernene finn du nemleg i den elska  Rose- og rødkløverskrubben  – ein 2-i-1 favoritt som både ansiktsskrubb og ansiktsmaske. Og du – visste du at den vann Beauty Oscar 2025 som beste peelingprodukt i Skandinavia? Det er ikkje utan grunn! Har du ikkje prøvd den enno, så er det verkeleg på tide 😍 

Her har du ein perfekt pakke til ansiktet, med alt du treng for pleie til ansiktet: Rens, dagkrem og nattkrem 🌸

Søstera mi Kine elskar den prisvinnande skrubben over alle ansiktsskrubber, og ho har prøvd enormt mange skrubbar altså!  

👩💻 No skriv eg i full fart for eg må ut og plante ned fleire oppalsplanter som har stått for lenge inne i plantekjellaren min. Det har vore omveltingar i tunet der onkel Hermann, gravemaskin- og muringsekspert, har gjort tunet endå vakrare og bygd opp ein heilt fantastisk mur, og bak den har eg fått masse nytt areal å dyrke på mellom produksjonshusa her! Det er så luksus!! Så på seinsommaren kjem det til å bløme voldsomt vakkert og grønsaker som tilsette kan plukke inn til lunsj og mykje meir eg drøymer om. 

Det ser kanskje stusseleg ut no, men berre vent til august! 

Det som verkeleg gjer dagane ekstra ville her hjå Vossabia for tida er at me straks er i gang med bygging av nytt produksjonsbygg! Det er litt å ordne med det og, må eg innrømme 😅 No har endeleg kommunen godkjent byggesøknaden (berre tre månadar etter planen 🤪) så då brakar det snart laus for alvor.
 
Neste juni skal ein fantastisk ny driftsbygning for Vossabia stå klar på tomta til den gamle låven som vart bygga her på 1880-talet. Den raste i år 2000, men no fører eg tunet tilbake til slik det har sett ut historisk, berre med ein moderne driftsbygning der me kan fortsette å lage fantastiske, effektive og framleis handlaga produkt ved å bruke mange av dei supre råvarene frå våre rike enger. Me held tunet levande – og gjev plass til endå meir handlaga Vossabiamagi. 

Slik såg det ut her før, og der den svære låven stod kjem den nye moderne driftsbygningen!  

💚 Takk for tålmodet – og for at du støttar noko større

Det er hektisk no, men det er også STORT. For dette handlar ikkje berre om hudpleie. Det handlar om økologi, mangfald, naturglede – og å gje noko ekte vidare til deg. Når du smører deg med våre produkt, håpar eg du kjenner at det er meir enn salve i krukka. Det er kunnskap, engasjement, historiske røter, og kraft frå ville vekster du knapt finn i butikkar.
 
Tusen takk for at du ventar litt ekstra no. Me pakkar og plukkar – og sender ut det beste me veit så snart me kan! 🙏