👩🌾 Mi personlege reise med arnikaEg oppdaga sjølv arnika på 1990-talet då eg var konkurransesymjar 🏊♀️ Etter timar med hard trening var det velkjent blant idrettsutøvarar at arnikaolje var fantastisk for å lindre støle musklar og redusere hevelsar. Eg brukte Weleda sin gode arnikaolje flittig i massasje og kjente verkeleg effekten på kroppen 🤩 Mange år seinare, då eg hadde fått dottera mi Ylva, trengte eg ein god augesalve. Med hovne auge i barseltida 👩🍼 og mangel på noko som verkeleg fungerte, kom min gamle ven, solblomen 🌼 tilbake i tankane. Eg visste at arnika kunne gjere underverk på hevelsar, og med nøye utprøving vart Vossabia Augebalsam fødd hausten 2007 - det var perfekt timing, for gjett om eg var posete under augene med mangel på søvn den fyrste tida etter fødsel! 🙌 Det var ei befriing når eg hadde Augebalsamen klar! Den fiksa posene på eit par netter! Og jammen er det mange kundar som har opplevd det same desse åra: Arnika – ei historie om heling og hudpleie ❤️🩹Arnika har vore brukt i Europa i over 500 år og er kjend for sine betennelsesdempande, helande og lindrande eigenskapar, som blant anna skrive om i Journal of Pharmacy and Pharmacology 🙌 Denne planten har fascinert både urtelegar og moderne forskarar, og i dag finst det over 800 hudpleieprodukt med arnikaekstrakt, inkludert vår eigen Augebalsam 👁️ Me dyrker økologisk arnika på Vossabiagarden som me foredlar og brukar i produksjon 🌼 Når det er tomt kjøper me inn økologisk arnikaekstrakt frå Urtegaarden via Sunvita.
"Vår merkevareendring representerer meir enn berre ei endring av image; det er eit vitnesbyrd om utviklinga til eit selskap som har lytta til og tolka behova til eit samfunn i endring. Arnika er symbolet på vår unike kunnskap – frukt av 50 år med erfaring og forsking." 🙋♀️ Eg kjenner meg igjen i denne visjonen – å bruke naturen på huden er både vakkert og bærekraftig, og så er det fundamentert i kunnskap om plantelære og heilskapleg helse 🌱💚 og så er det jammen nydeleg når folk får så god effekt og hjelp med sine hudplager 💖 Sjekk berre kva Esther skriv: 🤔 Kvifor velje arnika i hudpleie? Arnikaekstrakt har mange fordelar: 🌼 Reduserer betennelse og hevelse 🌼 Fart på helingsprosessen 🌼 Lindrar smerte og ømme musklar 🌼 Forbetrar hudens utsjånad Mange av kundane våre elsker det! 👇
Mattilsynet si feilinformasjon ‼️
Trass i kundars gode effekt av arnikaprodukt, arnika sin utstrakte bruk både historisk og no, ulike studier, lovleg bruk i høve EUs kosmetikkforskrifter, pålagte sikkerheitsvurderingar for aktørar i bransjen, så har Mattilsynet skrive på nettsidene sine at arnika er farleg i kosmetikk, og at den kan påverke hjerte og nervesystem. Dette er feilinformasjon og villeiing av forbrukarar. Dei har til og med oppmoda forbrukarar om å kontakte dei og tipse om produkt med arnika. Forbrukarar blir urolege og engstelege naturlegvis, og dette er uheldig på så mange måtar 😔 Eg har skrive til Mattilsynet og bedt om dokumentasjon på at det stemmer det dei skriv, men dei innrømmer i svaret sitt at påstandane deira er basert på inntak av arnika gjennom munnen, ikkje påføring på huden. Likevel skriv dei at det gjeld via huden. Altså! Viss ikkje det er villeiande så veit ikkje eg 😥 Dette er ille og svekker tilliten til organet som eigentleg skal trygge oss 😠Dei innrømmer og at det er lovleg å bruke arnika i kosmetikk og at det viktige er at produsentar skal vere sikkerhetsgodkjente for hudprodukta, og at det handlar om dosering som kjemiker, og ikkje Mattilsynet, har fagkompetansen på. ⚠️ Mattilsynet skapar på denne måten unødvendig frykt blant forbrukarar. Så lenge arnika er lovleg i høve EU sin kosmetikkforskrift (og Mattilsynet skal følge EU, Norge har ikkje eigen kosmetikkforskrift), og når produkt i tillegg er risikovurdert og sikkerhetsklarert av kjemiker, så er alt i sin skjønnaste orden. Kvifor skriv dei ikkje det på nettsida si? ‼️ Og Vossabia Augebalsam er trygg og sikkerheitsgodkjent, og doseringa er laaangt innanfor alle grenseverdiar. Men, forbrukarar som les Mattilsynet sin korte informasjon om arnika i kosmetikk sit att med inntrykk av at det er farleg og ulovleg 😱 Det meiner eg direktoratet må ordne opp i :confused: Mattilsynet bør etter mi meining heller opplyse forbrukarane om trygg bruk av arnika og unngå å skape forvirring.
Men, så er det viktig å ta nokon forholdsreglar ved omgang med arnikaekstrakt ⚠️ Som alltid ved hudpleieprodukt, inkludert dei som er 100% naturlege, så kan kontaktallergi forekome med kløe, utslett og tørr hud. Dette gjeld også ved bruk av arnikaprodukt, så ta alltid ein liten patch-test på huden din, og unngå bruk på hud som ikkje er heil og fin. 🚨 Men, ver obs på at ein skal unngå inntak av arnikaekstrakt gjennom munnen då det kan vere giftig ved innvortes bruk og kan gje meir alvorlege konsekvensar.
👇 Her er difor ei enkel hugseliste ved bruk av arnikaekstrakt: - Unngå innvortes bruk: - Patch-test: - Unngå skada hud:
Ei hyllest til naturen 💚
Eg har enorm og djup respekt for planter og menneske sin bruk av og forståing av planter gjennom hundrevis og tusenvis av år i alle kulturar, og ikkje minst evne til å tilegne seg kunnskap om den opprinnelege medisinen gjennom tusenvis av år. For planter er ikkje alternativ medisin. Planter har alltid vore originalen 🌱💚 Dette som Avellino farms skreiv traff meg skikkeleg, og eg håpar dei inspirerer deg og: "Plants are not just an ‘alternative’ – they’re the origin. Long before pharmacies and lab-made formulas, humans relied on the wisdom of nature to heal, nourish and sustain. Every tea leaf, herb, and flower carries a story of how deeply intertwined we are with the Earth. Maybe it’s time we stopped seeing plants as a trend and started recognizing them as the foundation of wellness they’ve always been." La oss feire den opprinnelege medisinen – plantane 🌸🌱🌹🌿 Prøv vår Augebalsam og opplev sjølv kva arnika kan gjere for deg. Kanskje dette blir starten på di kjærleikshistorie med solblomen? 🌼 Om du og vil dyrke denne hardføre, seintveksande og fleirårige gule juvelen i din hage, så anbefaler eg økologiske frø frå solhatt.no 🌼 I februar skal eg igang igjen og så meir arnika inne i plantekjellaren til oppal for å stadig auke produksjonen 🌼🐝 |