Men, det er jo kos då! Kalender, levande lys, små overraskingar, te eller kakao i koppen – og alt som gjer førjulstida litt varmare, litt mjukare og litt meir… magisk.
Jonatan gleder seg enormt til jul og adventstid! 🎄
Og sidan eg veit kor mykje mange av dykk elskar å bruke Vossabia sine produkt i adventskalenderane – både til store og små – har eg denne gongen laga eit julete pakketilbod som kan gå rett inn som del av julekalenderen!

🎁 Nyheit! Kalendergåvepakken – 12 produkt/gåvetips + 6 eksklusive oppskriftskort på kjøpet!
Ordinær pris: 1582,- → Din pris no: 1423,- (+ 6 oppskriftskort inkludert!)
Dette er ei superkoseleg pakke med 12 små skattar som du kan dele opp i ein adventskalender, bruke som små gode julegåver – eller berre ha sjølv (fordi du fortener det, sant?). 💛
I tillegg får du med 6 eksklusive og julete oppskriftskort i høg kvalitet – vakre kort du kan samle på år etter år.
Desse inneheld små DIY-gleder og enkle plantebaserte oppskrifter du kan gjere aleine eller saman med nokon du er glad i. Perfekt til ein roleg adventskveld med noko varmt i koppen ☕️
Kalendergåvepakken blir pakka og sendt superkjapt, så har du alt klart til når advent startar! 🎁
Masse nyttige og deilige produkt i denne pakka, men dei fantastiske bie-julekulene mine er ikkje med på kjøpet 😉 Men, alt blir sendt i eit nydeleg adventsfarga Vossabianett.
🌟 Dette inneheld den nye kalenderpakken:
- Myntelepper – frisk, kjølande og ein liten adventsglede i lomma.
- Mini Deo – Sitrus – naturleg, deilig deo, frisk og fresh heile dagen.
- Mini Kroppsbalsam – den mjukaste av dei mjuke – til heile kroppen.
- Mini Sjampo – perfekt i gym- eller treningsbagen, med balsameffekt.
- Liten Panterbalsam – redning mot spenningar, stiv nakke og hovudpine.
- Liten Ringblomstsalve – universalfavoritten - til ansikt, utslett, eksem, kutt, kviser .
- Mini Skogen på kroppen – frisk fjellskog i stimulerande såpeform.
- Liten Kuldekrem – beskyttande og næringsrik i vinterkulda.
- Bringebærlepper – supersøt farge, mjuke lepper og perfekt til blush.
- Mini Deo – Sensuell– mjuk, balansert og djup forførande duft.
- Liten Mjuke Hender – for tørre vinterhender, ein superhit!
- Essensiell Sensuell – nærheit, varme og ein liten dose luksus – vår naturlege oljeparfyme.

✨ Ein liten smakebit-oppskrift
For at du skal få kjenne litt på stemninga vil eg dele ei enkel, men superdeilig oppskrift her og no.
Dette er ei lita førjulsgåve frå meg til deg – du lagar den på under 5 minutt, og så er det berre å nyte.
Dette er forresten typisk Ylva min, ho elskar å mikse seg ei ansiktsmaske og nyte ei kveldsstund med maske på 💛

🌿 Bonusoppskrift: Havre & Mynte ansiktsmaske
Beroligande, mjukgjerande, rensande og perfekt i mørketida 🌙
- 1 dl havremjøl
- 2 ts tørka peppermynte
- 1 ts tørka kamille
- Køyr alt saman i ein stavmiksar til eit fint pulver, og oppbevar i glas eller ein liten bolle.
- Bruk 1–2 ts av pulveret og rør ut med anten vatn, avkjølt urtete (bruk gjerne dei same urtene som i maska), eller med litt honning.
- Bland til grautkonsistens, påfør i ansiktet (og gjerne på halsen), og la vere på i 15 min – eller så lenge du vil.
- Skyll av med lunka vatn medan du masserer med små sirkelrørsler for ekstra skrubbeffekt.
Avslutt gjerne med Ringblomstsalve eller Tindved & Nesle. Berre… himmelsk. ✨
🎄 Endå meir kalenderglede
I tillegg til den nye kalenderpakken har me fleire ferdige småbundles du kan dele opp i gåver eller gje samla. Og me merkar på ordrene at dette er populære gåver til både kalender og julegåver i år, og DET skjønar me:
Og sidan den aller beste julekalenderen gjerne består av både smågåver og små gleder, kan du også legge inn:
- små aktivitetar
- ein kopp kakao i lag
- ein tur med bålpause
- ein god gammal julefilm å sjå saman
Det er jo dei små tinga som gjer adventen så varm og ventetida så god 💖
Små aktivitetar som ein tur saman med bålkos kan òg vere kjekt å få i adventskalendaren!

💛 Ei lita helsing frå meg
På julemarknaden i Oslo sist helg kom det fleire bort og sa dei set seg godt til rette med ein kopp te når dei får nyheitsbreva mine, og gler seg til å lese.
Eg blir jo heilt rørt – tenk at eg får lov til å vere ein liten del av den dyrebare tida til folk rundt omkring.
Tusen takk for at du les, for at du støttar den vesle verkstaden vår, og for at du deler gleda over naturen saman med meg og oss!
Eg og Linda på The Grand Christmas Market i Oslo. Linda finn du òg på Lærdalsmarknaden no til helga!
Eg håper årets kalenderpakke blir til glede, inspirasjon og små varme augeblikk i desember.
Det fortener du – og dei du er glad i ❤️
Stor juleklem frå meg og alle oss i Vossabia 🐝




