🐝🎄 FRI FRAKT På kjøp over 600, 1–4. desember. Skriv FRIFRAKT i rabattkodefelt i handlekorga, eller [klikk her]

Familiens 🍁haust- og ❄️vinterpakke - 15% og pakka i nydeleg gåveboks! 🐝🌼

Familiens 🍁haust- og ❄️vinterpakke - 15% og pakka i nydeleg gåveboks! 🐝🌼

Vanlig pris 584,00 kr 524,00 kr På salg

🌼Ringblomstsalve 50 ml , ❄️Kuldekrem 50 ml,🐝 Panterbalsam 50 ml!

Her har du familiens husapotekpakke delux for 🍁hausten og ❄️vinteren! 

Me elskar å bruke Ringblomstsalven som dagkrem, på tørre hender, på skrubbsår, brannsår og andre skader i huden, på eksem, kviser eller som etterbarberingskrem. Superuniversal salve med masse virksom og god ringblomst 🌼. Om hausten og vinteren er den ekstra god i ansikt og hender når me blir meir uttørka i huden enn elles i året, og blir det skrekker i fingertuppar for eks, så fikser Ringblomstsalven det på 1-2-3!

Kuldekrem (sjølvsagt utan vatn) med spesielt utvalde pleiande urteoljer gjer vind og kulde til ein lett sak for huden! ❄️ Den er suveren på ekstra tørre hender, og så er det jo masse næring frå plantene som gjer både hud og kropp godt. Kuldeeksem er og nevnt av mange som historie etter bruk av Vossabia Kuldekrem 💙 Den er testa av folk i alle aldre og i all slags uteaktivitetar. Me har fått supre tilbakemeldingar frå folk som har delteke i Finnmarksløpet, fiskarar på båt i Nord, barnehageungar, friluftsfolk og den morsomme oppdaginga vår på surfing uti Stadhavet i januar: venninna mi såg ikkje ut den dagen ho ikkje brukte Kuldekrem når me kasta oss rundt i kalde bølger, men MED kuldrekremen dagen etter var ho heilt seg sjølv: nydeleg i huden! 😁

Panterbalsam er god å alltid ha tilgjengeleg når musklane er ømme, når leppene sprekker, når hovudpinen begynner å murre, eller når barnet kjenner på voksesmerter: massér inn og kjenn blodsirkulasjonen auke! Eller berre på ømme, slitne skuldre og nakke, eller kva med å få ein deilig fotmassasje etter lang fjelltur, eller smøre på vonde knær i nedoverbakkane, eller etter litt hard medfart på trening. Mange bruksområder, og ALLTID med oss i bilen, på disken, i veska 👍😁

Du kan lese meir om enkeltprodukta i pakken i nettbutikken, inkl det nøyaktige sunne innhaldet.