Hosta – frå hagepryd til tacoblome! 💚

Prøv Hosta taco! 🌮
(valnøtter, soltørka tomatar, ferske tomatar, kvitlauk, nystøytte korianderfrø, salt og pepar – blanda i foodprosessor)
2. Guacamole
(mosa avokado, kvitlauk, limesaft, fersk koriander)
3. Tomat- og søtmais-salsa
(hakka modne tomatar, raud paprika, raudlauk, fersk søtmais, svart pepar)
4. Yoghurtdressing med koriander, agurk og lime
(soyayoghurt, fersk koriander, raspa agurk, limesaft og salt)

Honningknoppurt – for bier, humler, tekopp og hudpleie 🌸

💡 Visste du at..
• mildt vanndrivande middel
• hjelp ved menstruasjonsplager
• støtte for fordøying, nyre og lever
• og blomane har vorte nytta til å behandla små sår, munnsår og augeplager (som augeskyllevatn).


🌿 Marikåpe – for kvinner, liv og kjærleik 🌿

💚 Ei urt for kvinnekraft og livskraft
• Styrkjer livmor og lindrar menstruasjonssmerter
• Støttar i overgangsalder, sorg og etter fødsel
• God på hud med eksem, kviser og hard og tørr hud
Marikåpa blømer frå mai til juli – med små, gulgrøne blomar som svevar som stjernestøv over dei store, vifteforma blada. Ho trivst som staude, og breier seg som eit mjukt teppe over bakken kvar vår.
Du finn ho gjerne i slåttemarker, hagekantar og i urtebedet til gamle kjerringar og kloke koner (sånne som meg altså 😉). Men, mange har no fått augo opp for ho i hage og bed. Så kanskje du er ein av dei, og kan gå rett utanfor døra og hente di Marikåpe?
Nyt marikåpe som te, til huden eller i ei kake!
🍰 Oppskrift: Søt alvekake med marikåpe, roser og groblad – eit lite stykke urtehimmel!
- 200 g sammalt spelt
- 60 g smør
- 50 g blomehonning
- 4–6 ss vatn
- 100 g kvarg (eller yoghurt)
- 2 ss blomehonning
- 50 ml piska kremfløyte
- 1 egg
- 40 g valnøtter, grovhakka
- 6 ss ferskt oppklipt marikåpeblad
- 6 ss grobladblad
- 6 ss roseblad
- Bland saman ingrediensane til mørdeigen og la den kvile i kjøleskap i 1–2 timar.
- Rør saman ingrediensane til fyllet og vend inn dei oppklipte urtene til slutt.
- Trykk deigen ut i ei paiform og fordel urtefyllet jamt over.
- Steik på 160 °C i 30 minutt – gjerne med ein liten skvett kjærleik og eit dryss roseblad på toppen før servering.

🌼 Kvitkløversalve – mjuk magi frå blomsterenga 🌼
- Lindrar småsår, brannsår, utslett og hudkløe
- Mildt betennelsesdempande og samantrekkande
- Passar til allround-salve for heile familien
- Tiltrekk seg bier og blomstrar frå tidleg vår til sommar
Lag din eigen Kvitkløversalve! 🌼
- Plukk kvitkløverblomane – gjerne midt på dagen når dei er tørre og solvarme.
- Tørk bloma i romtemperatur i 2–3 dagar (på laken eller papir).
- Legg tørka blomar i glas, til ca. ½ glas.
- Fyll opp med olje (t.d. økologisk oliven-, solsikke- , tistel– eller mandelolje). Infusér på éin av desse måtane:
Sakte: Mørkt og kjølig i 4–6 veker. Rist glaset innimellom.
Raskt: Vassbad i 1–2 timar på låg varme (ikkje kok). Sil av blomane når olja er gyllen og duftande.
- ½ kopp kvitkløverolje
- 1 ss bivoks
- ½ ss sheasmør
👉 (Du kan dobla alt for større mengde)
- Smelt bivoks og sheasmør i urteolja over vassbad.
- Rør til alt er flytande og blankt.
- Ha i evt. eteriske oljer (lavendel, kamille, appelsin...).
- Hell over i små salveboksar og la stå til det stivnar (det går fort!).
✨ Tips frå Dronningbia:
Bruk som leppebalsam, sårsalve, babyrompekrem, neglebandsalve eller etter-sola-smøring. Og gjer gjerne som dei gamle kloke kvinnene – lag litt meir enn du trur du treng og del med ei venninne 💛
💐 Bli inspirert, plukk ei gåve og nyt midtsommaren med oss!🌞
🌿 Velg mellom urtegleder, sommarpakker og skjønn kjærleik frå naturen.