Bak kulissane med Emil i Vossabia – ekte handverk, kvar dag💪🏻

Bak kulissane med Emil i Vossabia – ekte handverk, kvar dag💪🏻

Hey hey, Emil her igjen, bedre kjent som altmuligmannen her på garden. Her er korleis ein heilt vanleg dag ser ut for meg som ansatt i Vossabia 🤩

Eg er jo så heldig at eg slepp å køyre til jobb. Eg søv jo bokstaveleg talt på jobben. 
Men før arbeidsdagen startar har eg og kjærasten min ein fin morgonrutine. Medan eg barberar meg, smørar ho seg inn med Tindved og nesle for å gi huden ein nydeleg ekstra glød på morgonkvisten, samstundes som ho gir huden næring.

Dette er favorittproduktet til Ane 😍

Tindved - og nesle til ansikt - Vossabia

Etter barberingen er unnagjort, brukar eg Ringblomstsalve, som rekk å roe ned huden, før den i heile tatt har rukke å blitt irritert. Denne anbefaler eg på det sterkaste til etterbarbering, kvar som helst på kroppen! Men då er me klare til å starte dagen 😁

Ferdig innsmurt med ringblomst

Ringblomstsalve - Vossabia

Så bærer det inn i produksjonen – der magien skjer for hand. 

I dag står eg i salvegryta med mine fine produksjonskollegaer. Me er eit godt team som jobbar tett saman – bokstaveleg talt. Det er så vidt me får plass til alle innpå produksjonskjøkkenet her 😅

Det er som ei lita bikube, men det gjer oss berre endå betre: alle veit kva som skjer, og alle hjelper kvarandre. Det er kanskje trongt, men stemninga er alltid god 🎉

Produksjonsgjengen 😎

Me vispar og blander saman dei fantastiske ingrediensane i kvart produkt for hand, og fyller kvar krukke manuelt med trakt. Om ikkje konsentrasjonen er på plass kan det fort bli søl eller overfylte krukker, så her må me halde tunga beint i munn. (Ikkje alltid så lett når ein jobbar med bestekompisene sine🤣) 

Eg og Marius lagar Sensuell og Panterbalsam
Sensuell salve - VossabiaPanterbalsam - Vossabia

Når salven er ferdig helt og får stå i ro for å stivne, joggar eg bort til kårhuset, som er til kundeservice, sjampo- og kroppssåpeproduksjon. Der ventar den nye hellemaskina vår – og sjølv om ho gjer jobben meir presis, er det framleis handarbeid frå start til slutt.

Den nye hellemaskina vår 😍 Sjå so fin ho er!

I dag er det Sjampo med ville urter på planen. Her tek me heile produksjonsprosessen for hand (det er nok her dei enorme bicepsene mine kjem frå😉). Her står ein som oftast åleine, men no med den nye hellemaskina på plass, har effektiviteten auka betrakteleg. No kan ein person starte å helle sjampo eller kroppssåpe, medan den andre produserar ferdig dei siste batchane. 

Sjampo-teamet. Meg, Lien og nyansatt Bendik 💪🏻
Sjampo med ville urter - Vossabia

Etter lunsj tek eg drona med ut for å filme framgangen i byggingen av den nye driftsbygningen vår!

Ute på dagelig luftetur med drona

Her har det skjedd utruleg mykje på kort tid, og det er rått å sjå denne framgangen frå lufta. Video på dette kjem på våre sosiale medier. Sjekk oss ut på Facebook og Instagram!

Taket er jo allerede på plass, så me vurderer å flytte juletreet ned der i år🎄😆 Planen er at bygget skal stå ferdig til 1. juli 2026 🤯

Bygget frå fugleperspektiv

På ein arbeidsplass der det skjer så mykje, blir det sjølvsagt òg litt boss og avfall. Men det tek me verkeleg på alvor🚮
 
Ei av dei kjekkaste oppgåvene eg har i Vossabia er å kaste boss. Eg passar på at alle har forståing for kvar det ulike avfallet skal sorterast, og kvar andre veke fyller eg opp Vossabia-tilhengaren vår med boss og drar på Bjørkemoen (avfallstasjonen på Voss) for levering. Dette er ei viktig oppgåve for oss og eit av tiltaka me må ta for å nå målet vårt om å bli ei miljøfyrtårn sertifisert bedrift ♻️

Er du og ein Vossabia-tilhengar? 😜

Når avfallet er sortert og arbeidsdagen nærmar seg slutten, ventar skogen🌲 Einer skal plukkast – og det som startar som ein fin skogstur, blir til Skogen på kroppen neste dag.

Viser Bendik korleis me plukkar einer 🤗

Berre nokon hundre meter oppi skogen plukkar eg og Bendik einer som me set på kok over natta. Neste dag blir det til Skogen på kroppen – den lune, reine dufta fyller heile huset med ein nydeleg aroma 🤤

Koking av einer ♨️

Når dette er i boks, kan eg seie meg godt fornøgd med ein heilt vanleg arbeidsdag hjå Vossabia. Viss du vil, kan du gjere ein liten del av dagen vår til din òg 🥰

Helsing frå Emil og Vossabia-teamet  🐝💛