Me elskar å bruke Ringblomstsalven som dagkrem, på tørre hender, på skrubbsår, brannsår og andre skader i huden, på eksem, kviser eller som etterbarberingskrem. Om hausten og vinteren er den ekstra god i ansikt og hender når me blir meir uttørka i huden enn elles i året, og blir det skrekker i fingertuppar for eks, så fikser Ringblomstsalven det på 1-2-3!
Kuldekrem den er suveren på ekstra tørre hender, og så er det jo masse næring frå plantene som gjer både hud og kropp godt. Kuldeeksem er og nevnt av mange som historie etter bruk av Vossabia Kuldekrem 💙 Den er testa av folk i alle aldre og i all slags uteaktivitetar.
Panterbalsam er god å alltid ha tilgjengeleg når musklane er ømme, når leppene sprekker, når hovudpinen begynner å murre, eller når barnet kjenner på voksesmerter: massér inn og kjenn blodsirkulasjonen auke! Eller berre på ømme, slitne skuldre og nakke, eller kva med å få ein deilig fotmassasje etter lang fjelltur, eller smøre på vonde knær i nedoverbakkane, eller etter litt hard medfart på trening. Mange bruksområder, og ALLTID med oss i bilen, på disken, i veska 👍😁