Reisebrev frå Nord Kypros – og våre essensielle reiseprodukt:

Reisebrev frå Nord Kypros – og våre essensielle reiseprodukt:

Me har no byta ut minusgrader og snø med vårleg middelhav og varmande sol nokre dagar☀️🌻

Me byta ut arbeid og plikter med avslapping og ro. Og gjett om det gjorde godt! Så no har me senka skuldrene, tusla rundt i alt frå skogar og strender til historiske byar og skjønne landsbyar. ✨Me har samla energi og krefter og bygd oss opp til alt det fantastiske, men harde arbeidet som straks ventar heime med såing, plutseleg våronn, produksjon, urtesanking og dyrking. 
For ei skikkeleg blomegal Vossabia er Nord Kypros perfekt destinasjon med sin utruleg mangfaldige flora, og når ein legg til min historikarbakgrunn, så seglar denne øya, med sin lange, spennande og godt bevarte historie, opp som tettpakka med ting å sjå og utforske. I tillegg til botanikk og historie er fine strender, krystallklar sjø med det reinaste vatnet i Middelhavet og få turistar med å gjere Nord Kypros til eit meget attraktivt reisemål for denne familien👍.
Det er grøne fjellsider, skogområde, strandsoner og vegkantar ispedd gule, rosa, lilla, blå og kvite blomar overalt. Vill fennikkel langs vegar og innover enger pyntar med sin fjærliknande grøne bladprakt, og spesielt mange ulike gule blomeartar gir farge til landskapet på denne tida🌼💛.
Og som 💚rosmarinelskar er det jo nydeleg med duftande hekkar av rosmarin, som no til og med blømer med sine sarte lilla blomar. Og gjett om eg blei glad når eg såg brennesle presse seg ut av muren i ei middelalderborg 😉 Snart startar sesongen med nesleplukking heime og!

Men, turen blir ikkje like god om ikkje det er Vossabia med i kofferten!🐝🧳
Panterbalsam for å halde unna mygg om natta for eksempel! Godt eksempel er at eg vakna opp i dag utan eit stikk, medan mannen har 7 hovne stikk i ansiktet. 🦟Eg var altså lur og smurte panne, tinning, hals, hender, og alt som stikker ut av dyna, inn med litt digg Panterbalsam. Digg for meg, men ekkelt for myggen heldigvis. Men, mannen har god nytte mot kløe med Kamillebalsam og Panterbalsampå stikkene i dag då, så det er jo ein trøst.
 
Kamillebalsam og Panterbalsam er altså uunnværlege på tur, og det same er 🔆solkrem! 
Me møtte ei dame her som tålte omtrent ingenting av solkremer på markedet, men Vossabia går så fint og beskytter så bra!❤️
 
Desse tre er også det eg kallar den komplette sommarpakken, og har mange bruksområde.
Spar 108,00 kr
Den komplette sommarpakke ☀️💛 15% rabatt 🌞
Den komplette sommarpakke ☀️💛 15% rabatt 🌞
Tilbud609,60 kr Ordinær pris717,60 kr

Elles så er det nokre andre essensielle produkt som alltid er med på tur:

Ringblomstsalve til gnagsåret til vetle guten vår, tørre hender, nybarberte bikinkant og ikkje minst som dagkrem (varierer på dagtid mellom den og Tindved og Nesle, som er favoritten om natta), Augebalsam for å motvirke hovne auge, deodorantar (denne turen er det Skogdeo på meg og Sensuell på Ylva), og ikkje minst Rosmarin hårserum til å beskytte håret mot sola, roe ned krusehår, gje næring og glans, og mannen bruker den for å få meir hårvekst i sine tynne viker (og ja! Det funker!). Sjampo og Skogssåpe til kroppen er sjølvsagt, og no når Kroppsbalsam også er å få i minikrukke, så er den skjønne lille saken med i gjengen, og den smører inn leggane mine kvar morgon og kveld. 💚Love it! 
Så, toalettvæska er stappfull av pleiande godsaker, og alt er i bruk, og kva skulle me gjort utan, seier no me 😊 
 
Medan eg har skrive reisebrev har det faktisk begynt å lyne og tordne voldsomt, og det kjærkomne regnet kjem no til å sette superfart på bløminga.🌦🌺 Eg tenker det er mange bønder som takker himmelen i dag! Så godt med litt regn, og ingen problem for ein gjeng vestlendingar! Ut og utforske vidare, før me drar heim til snø og vinter om nokre dagar!

Helsing Vossabia 🐝💛 på Kypros