Gratulerar med kvinnedagen frå ei JORD-MOR 💚 Me treng fleire kvinner i landbruket!

Gratulerar med kvinnedagen frå ei JORD-MOR 💚 Me treng fleire kvinner i landbruket!

Eg er så utruleg privilegert at eg fekk sjanse til å driva vidare eit brattlendt småbruk på Vestlandet, og her har eg gått mine heilt eigne vegar, men det er likevel med same essens og grunntanke som tidlegare generasjonar: skapa liv, dyrke jorda på økologiske prinsipp, vedlikehalde og auke mangfaldet og bruke dei ressursane ein har. Her har det blitt honning og bivoks ut av samspelet mellom biene og blomane våre, og ein hud- og hårpleieserie eg er skikkeleg stolt over der eg får bruke mykje av plantemangfaldet som fins akkurat her. I tillegg dyrker eg formidling og opplevingar, for når nokon lærer og blir rørt, då trur eg ein kan bidra med noko varig. For meg er dette å vere jordmor. Eg er nemleg ei jordmor!

Eg er så utruleg privilegert at eg fekk sjanse til å driva vidare eit brattlendt småbruk på Vestlandet, og her har eg gått mine heilt eigne vegar, men det er likevel med same essens og grunntanke som tidlegare generasjonar: skapa liv, dyrke jorda på økologiske prinsipp, vedlikehalde og auke mangfaldet og bruke dei ressursane ein har. Her har det blitt honning og bivoks ut av samspelet mellom biene og blomane våre, og ein hud- og hårpleieserie eg er skikkeleg stolt over der eg får bruke mykje av plantemangfaldet som fins akkurat her. I tillegg dyrker eg formidling og opplevingar, for når nokon lærer og blir rørt, då trur eg ein kan bidra med noko varig. For meg er dette å vere jordmor. Eg er nemleg ei jordmor!

Eg har laga både Emil og alle produkta på bordet ;) Eg er ei jordmor som tek vare på det magiske naturen gir oss.

 

Det å få drive ein gard, å få sjanse til å dyrke jorda, produsere mat, drikke og tenester på ein langsiktig og miljøvenleg måte, å få høve til å nytte dei mangfaldige ressursane ein landbrukar i realiteten har, det trur eg blir noko av det mest positive og luksuriøse i framtida.

 

Likevel, det er svært få unge bønder i Noreg i dag. Mindre enn 10% av av norske bønder er under 40 år, og snittalderen for bonden er 54 år. Dette er dramatisk, men endå meir grunn til å ringa med bjellene er det at kvinnedelen kun er 16% av alle norske bønder. Her må det iverksetjast tiltak for å la spirene som sit på skulebenkar, på kontor, som går som avløysarar, som ynskjer eit småbruk, som har innovative idear for eigedom og nabolag få høve til å strekkja seg mot sola, skape og ta del i framtidas mest positive arbeidsplass!

 

Det er så mange tiltak som kunne vore sett i gang, og kvar einskild gard har sine unike moglegheiter. Stor, større, størst i bygg, maskiner, investeringar og politiske ord, er ikkje del av den tiltakspakken om eg fekk bestemme. Det ville heller vere fokus på grønt gründerskap frå ungdomsskule, få fleire økologiske jordbruksskular som SJH i Aurland, gjere det attraktivt med agroøkologi og regenerativt landbruk på høgskular og universitet, og så klart som ein større del av fyrstelinjetenesta i kommunen. Unge folk skulle få sjå kva for ei bugnande verktøykasse av moglegheiter dei har.

Det er kun 16% kvinner i landbruket i Noreg, men du verden så kunnskapsrike og skapande mange kvinner er. Aina på Hakallegarden på Sunnmøre er ei dame som har satsa og skapa med suksess over mange år, og ho er for meg eit veldig godt eksempel på det å våge å vere utradisjonell og følge hjarta for å formidla, læra, skapa viktige opplevingar og samspel mellom menneske og dyr. Ho har boltra seg fritt og fargerikt, ho har vore seg sjølv i høgste potens, og ho sit med ein låve som må vere verdas koselegaste bedrift, kafe, besøksgard og utstillingsvindauge for mangfaldet i landbruket. Ho gjer arbeidet med nærleik og kjærleik til jorda og dei mange dyreslaga ho tek vare på. Ho er ei ekte jordmor. Det same er villsaupionèr Hilde på Værlandet, som saman med sin kjekke mann tek vare på kulturlandskap og lyngheier gjennom tusener år gamle tradisjonar og samstundes driv prima sauehald og matproduksjon heilt ute i det værharde og vestlegaste bebudde samfunnet i Noreg. Og dette er berre to eksempel, og eg kunne skrive bokserie i fleire bind om alle desse dyktige og viktige damene.

Her oppi dei brattaste fjell melker Anne Karin geitene sine to gonger pr dag, og lager nydeleg upasteurisert ost frå Skjerdal gård i Aurland.

Eg er så heldig å kjenne veldig mange kvinnelege jordmødre og grønne gründerar, og felles for oss er at me tør vere oss sjølve, me tør spreie fargekartet vårt utover og ta den risikoen det er å vere skikkeleg nakne iblant. Det kan vere beintøft og grusomt, og enormt gjevande og gjennomsyra positivt. Me gjer det for å lære og formidle, for å skape, bidra, og for å dyrke, så og hauste i ordas mange tydingar.

 

Kjenneteiknet på kvinnebønder er ofte kreative metodar, uthaldande arbeidsetikk og sprudlande skaparkraft. Ei undersøking viser nettopp dette: kvinner i landbruket har meir ynskje og vilje til endring, og tør gå nye vegar, medan menn ofte føretrekk tradisjonelt landbruk. Me treng begge deler, men me treng ein langt større del enn det me har i dag av endringsviljen og pågangsmotet til å ta utradisjonelle og berekraftige val. Me treng mange fleire unge bønder og spesielt fleire damer i landbruket, damer som tør og ikkje let seg avgrense. 

 

Farmora mi fortalte om mi oldemor Guri som arbeidde hardt og skapte mykje på garden i farmors oppvekst på 1920-30-talet. Kvinnebønder vart også politisk og internasjonalt viktige på den tida farmora mi vaks opp, då krigen drog menn til hæren, og kvinnene var att på gardane med ansvar for å produsere nasjonal matsikkerheit. Det vart kampanjar om å få fleire kvinner med i jordbruket, og blant anna vart det etablert eigne organisasjonar som WLAA, Women´s Land Army of America. Reklameplakaten deira sa: Get behind the woman he left behind. Join the Land Army. Kanskje det er på tide med nye kampanjar att, ein ny armé av kvinnebønder? Planeten vår er truga, me er truga, og endring lyt skje, og eg trur kvinnelege bønder kjem til å gå i fronten for den berekraftige framtida vår.

 

I alle kulturar refererer ein til planeten vår som Moder Jord. Jorda er knytt til det kvinnelege, og eg trur det er tid for at kvinner (og gjerne også menn sjølvsagt) knyter seg til jorda, garden og planeten vår på ny, tek regenerative val, tek agroøkologi på alvor og brukar energiane våre på framtidas mest positive arbeidsplass. La oss vere jordmødre!