Me er altså midt i den mest intense plukkeperioden på heile året! 🔥 Og då må me av og til la ordrer og pakker vente litt for å få inn vårt gull frå engene.
Sjølv minsten må bidra skal me få alt inn 😅
Men eg garanterer: me står heilt enormt på for å gje deg den beste kundeopplevinga frå sterke planter til effektive høgkvalitetsprodukt til pakka fint og sendt heim til deg så raskt me kan 🥰
Her står me på hovudet for å få inn alle plantene!
👩🌾 Frå eng til eliksir på 24 timar
Me plukkar formiddag og ettermiddag, vekedagar og helgedagar – og alltid i sol og opphaldsvær. Plantane går ofte direkte frå eng til panne og blir til sjampo og kroppssåpe, eller foredla til tinktur, skrubb og hudbalsam.
I dette pakketilbodet får du med deg nesle, kjerringrokk, ryllik, rødkløver, perikum og einer frå garden vår!
Ja, det er omtrent som inni ein bikube her, det summar godt og det arbeides i alle krikar og krokar 😅 Forskjellen er kanskje berre at Dronningbia ikkje går og legg egg overalt 😉 og ikkje blir ho mata og varma og pusa så mykje med som inne i ein vanleg bikube heller (kanskje eg bør lage nokre nye reglar her, hehe).
Ei dronningbie er kun ute ein gong i livet når ho skal bli para av 15-20 bier på ein dag. Heldigvis kan eg vandre i fred kor eg vil og gå ut når eg vil, så det er kanskje greit at ikkje alt er likt som i ein bikube likevel 🤣
🌾 Plukketid = investering i haust og vinter
Kjerringrokk, brennesle, raudkløver, rose, ryllik, mjødurt, perikum... særs mykje er klart til innhausting no – og ofte samstundes, som om floraen vil teste kor mange armar me har 🤹♀️ 🦑
Me nyttar dette tidsvindauga for planteplukking godt for å sikre råvarer for haust og vinter! 🏃♀️🏃🏼♂️🏃 Elles blir det utsolgt for mange produkt etter jul, og det vil me absolutt ikkje risikere. Så straks det er opphald og sol så kommanderer denne Dronningbia alle arbeiderbiene ut i engene med korger på armane.
Det blir så tørka planter i alle rom i alle hus på garden, det blir laga enorme mengder tinktur, og så foredlar me dette grøne gullet vidare til det sunnaste du kan smøre huden med! Og akkurat DET er hovudmotivasjonen alltid! 🥰
Elles såg eg årets fyrste ryllik i bløming i helga og eg fann masse groblad!! Det gjekk rett i ei herleg teblanding! Men, helledussen, korleis få tid til alt no når kjerringrokken hastar å få inn 😂 Og brennesle er klar for neste innhausting etter at det no er kome nye skudd i toppen etter forrige plukkerunde.
Nei, her er det berre å ringe etter fleire ekstrahjelper trur eg, hahaha. Og kjem du forbi Bulken på Voss på ein solrik dag så kom gjerne opp og plukk med oss! ☀️ Eg synest jo at det er som å gå på skattejakt!
Gjer som Ylva: smak og spis plantane og få nye opplevingar i ganen! Rødkløver er søt og god og perfekt i salaten eller i grøftekanfrikadellene, og eit must i te og tinktur
Følg med på Instagram, så skal eg dele masse spennande om groblad straks!
På ein kjapp tur til Hardanger i dag såg eg den fyrste perikumen i år! Eg blir altså så glad når eg ser årets fyrste eksemplarer!! Eg er sikkert litt rar, men det sitrar liksom litt i kroppen faktisk 😂 Perikum, rødkløver og ryllik er forresten heilt sentrale i den superpopulære og dødsgode Kroppsbalsam med ville urter. Andre produkt som hårserum og ansiktsskrubb nyt og godt av akkurat desse superplantane!
Kroppsbalsam med ville urter er herleg mjukgjerande og pleiande frå topp til tå, med ville urter frå bakkane hjå Vossabia.
🌼 Beauty Oscar-vinnar i bløming!
Knallrosa deilige roser er også i full gang no! Og med raudkløver alt klar i kantane så er det tid for magi! Desse to plantestjernene finn du nemleg i den elska Rose- og rødkløverskrubben – ein 2-i-1 favoritt som både ansiktsskrubb og ansiktsmaske. Og du – visste du at den vann Beauty Oscar 2025 som beste peelingprodukt i Skandinavia? Det er ikkje utan grunn! Har du ikkje prøvd den enno, så er det verkeleg på tide 😍
Her har du ein perfekt pakke til ansiktet, med alt du treng for pleie til ansiktet: Rens, dagkrem og nattkrem 🌸
Søstera mi Kine elskar den prisvinnande skrubben over alle ansiktsskrubber, og ho har prøvd enormt mange skrubbar altså!
👩💻 No skriv eg i full fart for eg må ut og plante ned fleire oppalsplanter som har stått for lenge inne i plantekjellaren min. Det har vore omveltingar i tunet der onkel Hermann, gravemaskin- og muringsekspert, har gjort tunet endå vakrare og bygd opp ein heilt fantastisk mur, og bak den har eg fått masse nytt areal å dyrke på mellom produksjonshusa her! Det er så luksus!! Så på seinsommaren kjem det til å bløme voldsomt vakkert og grønsaker som tilsette kan plukke inn til lunsj og mykje meir eg drøymer om.
Det ser kanskje stusseleg ut no, men berre vent til august!

💚 Takk for tålmodet – og for at du støttar noko større