Takk for ei magisk Dyrskun-helg!

Takk for ei magisk Dyrskun-helg!

Ei marknadshelg me aldri vil gløyme!

Dyrskun altså 😍

For eit arrangement! For ein viktig arena for handel, møter og politikk! Og for nokre fantastiske folk! Folka som arrangerer, utstillarkollegaer og ikkje minst de som kom! Utan dykk, ingen Dyrskun!
​
Det var over 92 000 menneske på årets Dyrskun, som feira 160-årsjubileum! Og over 1350 personar kom innom oss og prata, delte og handla. WOW! Det er så rørande og heilt fantastisk å få møta alle dykk og høyre alt de deler om dykkar erfaringar med våre produkt!
Takk for ei magisk Dyrskun-helg!
🐝 Tusen takk for ei heilt magisk helg! Kvar einaste prat, smil og historie fylte oss opp. Me (Hildegunn, Ylva og eg) reiste heim med hjarter og hovuder fulle 🌿Og eg må innrømme at eg vart på gråten ein av dei få gongene eg hadde pause og stod i dokø. Eg kjente på slik takksemd og glede over kvar og ein av dykk.
​
Me fekk høyre så mange historiar som rørte oss skikkeleg 🥹 Nokre stadfestar erfaringar me høyrer igjen og igjen – om alt frå rask hjelp ved eksem og kviser, til hår som kjem tilbake, underliv som blir lindra og Ringblomstsalven som så mange fortel at dei har utruleg god erfaring med på rosacea. Kvar einaste slik tilbakemelding betyr mykje, og gjer oss både glade, stolte og endå tryggare på det me lagar ☺️
​
Men noko av det aller mest spennande med å møta dykk, er når de lærer oss noko nytt. Framleis, etter 22 år, kjem kundar bort og fortel om bruksområde, effektar og utfordringar produkta våre har hjelpt dei med som me aldri har høyrt om før. Då spissar me øyrene! For desse historiane gir oss ny kunnskap, nye spørsmål å undersøke – og erfaringar me kan ta med oss vidare og dele med andre.
​
Ein kjekk kar kom til dømes og kjøpte seg ei flaske Skogsåpe til kroppen, og sa nesten i farten: «Den har tatt bort kløen på kroppen min!»
Takk for ei magisk Dyrskun-helg!

Det er lett å sjå kor glade me var etter ei fantastisk oppleving på Dyrskun!

Så var det dama som fortalte Ylva om celledeling i huden som ho var satt opp til operasjon for. Ho slapp operasjon etter å ha smurt Tindved og Nesle på det ei stund, og celledelinga forsvann.
​
Det er akkurat slike historier me tek med oss heim. Først og fremst fordi det betyr enormt mykje å høyre at produkta våre faktisk gjer ein forskjell i kvardagen til folk – men også fordi de lærer oss. Etter 22 år med Vossabia er det framleis kundane som opnar augo våre for nye sider ved produkta me lagar. 💛​​
​
Ei dyktig dame som driv med kjøtproduksjon kom bort og oppsummerte dette og sa noko som sat att i oss: «Til sjuande og sist gir eg folk eit veldig godt måltid, men de berørar livene til folk i kvardagen med produkt som verkeleg virkar.» 💛
​
Det var sterkt å høyre nokon utanfrå, som me ikkje kjenner, reflektere slik og uttrykke det perspektivet direkte til oss.
Takk for ei magisk Dyrskun-helg!
For 10 år sidan fekk eg til og med Kongeleg besøk på Dyrskun 🤩
Takk for ei magisk Dyrskun-helg!
Er det rart me elskar marknadar?
​​
Det er ekstremt viktig å møta kundane sine i blant, og det er slik eg har bygd opp Vossabia. Med å dra rundt på marknadar. Difor var det ekstra kjekt å ha med dottera mi Ylva på denne største marknadsplassen i landet, som ho aldri har delteke på før sjølv om eg har vore der i ca 14-15 år, medan ho har vokse opp med å reise rundt i halve landet på marknadar overalt elles ⭐️

🏡 Hektisk å kome heim att!

Neste veke skjer det STORE ting hjå oss: Me flyttar produksjon og pakking og alt ned i nye huset Bikuba 🐝 Me gler oss vilt, og fortel deg meir om alt som skjer der om ei lita stund. I flytteperioden kan leveringstida bli bittelitt lengre enn vanleg… på førehand takk for tolmodet 🌿
Takk for ei magisk Dyrskun-helg!
Ups! Der flaug visst flipfloppen og😅
Renate Lunde

Med djup takksemdfrå Renate 💛Dronningbia 🐝 i Vossabia