🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️ - Vossabia

🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️

Rensar, roar og styrkar huden + oppskrift på ansiktsvatn og andre triks frå engene våre

🌷 Rødkløver – den rosa superhelten frå engene våre 💚

Sommaren er tida når hagen og engene syng i fargar og former 🌼🌸🌻 med insekter som flyr euforisk frå blom til blom frå fyrste solstråle treff til seine kvelder. Her på garden er det endå fleire som jublar og summar rundt på engene like mange timar, nemleg Vossabia sjølv 👩‍🌾 som med sine gode hjelparar er ute og sanker inn dei kraftfulle plantene for å kunne lage supersunne saker til hud og hår gjennom året 💚

Og denne veka vil eg vie heile brevet til ein av mine aller største favorittar på engene: rødkløveren, som står og strutter i eit enormt mangfald av ulike nyanser av rosa 💕🌸

Der er den bleike lyserosa lille blom ved sida av den mørkerosa fyldige rødkløver i stor plommestørrelse, og så innimellom dei skjønne tvillingblomane. To rødkløverblomar som sprett opp frå same stilk, står tett i tett og strekker seg etter solstrålene.


Og biene mine, som jobber på og ikkje bryr seg om at eg forsyner meg litt eg også. Men, eg passer alltid på at det er masse masse igjen til bier og humler 🐝, for eg tar kun dei som er perfekte utan eit einaste brunt kronblad, her er det kun dei mest kraftfulle som blir med i korga og vidare inn i produkta 💪🏻


Rødkløver er den mest essensielle planten i økologisk landbruk, den som gjer kunstgjødsel overflødig då den fikserer nitrogen frå luft til jord. Den betrar jordstrukturen og jorda sin nitrogen status. Rødkløver er nevnt som ein av dei fyrste plantane menneske dyrka for å forbetre kvaliteten på jorda 🌱

🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️

Kva produkt er rødkløver i – og kvifor?

Denne vesle rosa krafta får du i to av produkta våre, og begge stader er den handplukka her på garden:

Kroppsbalsam – ein sommardraum utan like!

Kroppsbalsam - ekstremt deilig og smidig - er verkeleg ein sommardraum utan like! For det er no alle dei fantastiske plantene i den er på topp! Rødkløver, Perikum og Ryllik! 🌸🌼💚


Dette er superplanter delux med enormt mange ulike eigenskapar til helse og hud, og til og med humør! Kvar einaste blom blir plukka ein og ein, med forsiktighet og nøysomhet, og kvar og ein blir sjekka for kvalitet slik at det kun er dei beste som kjem i korga 🌟

🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️

Rødkløver brukar eg altså i Kroppsbalsam, for at folk skal få smøre seg inn med denne superplantens gode innhald 😊 Ein magisk naturleg blanding av body butter og body lotion!


Denne sommardraumen av ein Kroppsbalsam er like perfekt på tørre «skjellete» legger som til sårheling og fantastisk mjukgjering av huden kvar som helst 🤩

🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️
🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️

Rose- og rødkløverskrubb – Beste peelingprodukt i Skandinavia i 2025 🏆

Den andre staden du finn rødkløveren, er i den prisvinnande skrubben vår, som vann Beauty Oscar 2025! 🌹 Dei to rosa dronningane – Rose og Rødkløver – er handplukka frå Vossabia-garden og området rundt oss i rein luft langt unna forureining 👩‍🌾


🌹 Rose gir fukt, næring og eventyrleg aroma, og denne romantikkens symbol kan dempa raudheit i huda og bidra til å oppretthalde den naturlege pH-balansen – og er ei antioksidantrik kraftpakke! Antioksidantane er med å styrka hudcellene, som igjen kan bidra til å regenerere vevet i huden, og gjer rosa til ei super anti-ageing plante.


🌷 Rødkløver, som er ein favoritt for meg, søt og lubben som den er (hehe, nett som meg det ;) rensar, roar og styrkar – tilfører kroppen eit rikt utval næringsstoff og så er den kjendisplante når det gjeld å hjelpe mot eksem, utslett og psoriasis. Ho er faktisk superhelt i planteform – aukar sirkulasjonen og gjer huden mjuk og glatt.

🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️

Jeg elsker denne ansiktsskrubben som jeg bruker hver morgen! Jeg opplever at den fjerner overflødig fett, og etterlater huden ren og myk, klar for en av Vossabias gode ansiktssalver👌😀

— Anne H.

Fantastisk ansiktsskrubb! Selv for en med sensitiv hud, er denne perfekt. 10/10🩷

— Anna B.

Rose og Rødkløver er og bestevenar og perfekt i kombinasjon. Og det beste? Begge er handplukka, tørka skånsamt i romtemperatur, utan varme og vifter, og så foredla her på garden vår på Voss 🌸 Kvar einaste rose og rødkløverblom er vald ut med kjærleik, og berre dei finaste får vere med i produktet.

Exfoliante facial de rosa y trébol rojo - VossabiaExfoliante facial de rosa y trébol rojo - Vossabia
🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️

🌸 Eigenskapane til rødkløver

Så kvifor er eg så forelska i denne planten? Her er nokre av dei mange eigenskapane som gjer rødkløver til ein ekte superhelt for hud og helse:

🌸 alivia el acné y las espinillas

🌸 super for sirkulasjon – som betyr styrka helse og betra hudtone

🌸 minsker porer – og dermed sjansen for kviseutbrot og aldersteikn

🌸 hjelper hudheling – kjent for god effekt ved utslett, sår, eksem (spesielt barneeksem) og psoriasis

🌸 rico en nutrientes que pueden fortalecer el sistema inmunológico

🌸 blodrensande urt – super til å hjelpe kroppen å kvitte seg med avfallstoff, noko som i neste omgang er med å gje finare hud

🌸 tilfører kroppen eit rikt og godt utval næringsstoff, blant anna jern og vitamin K

🌸 kan halde huden ung og smidig

🌸 puede reducir los síntomas de la menopausia

🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️

🌿 Tips og triks

🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️

¡Me encanta el trébol rojo! ¡Y es bueno para mucho más que la piel!

🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️

🍯 Bonus: rødkløver i urteapoteket

Vil du ta vare på sommaren på glas, kan du legge rødkløver på sprit (så blir det ein tinktur) og bruke blomen i te-blandingar eller i salatar og anna matlaging gjennom heile året. Og har du roser i hagen samstundes, er rose og rødkløver bestevenar – prøv gjerne ein deilig rosegelé eller ei rose- og rødkløver-te i tillegg, for desse to rosa vidundera trivst så godt i lag 🌹🌷

🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️
Renate Lunde

God sommar vidare frå Renate og Vossabiagjengen! 🐝🌼🐝

🌷 Superhelt i planteform – møt rødkløveren ❤️
trustpilot badge