☀️ Sommaren er hard mot huden – urtene som reddar den 🌸🌼
For ein milepæl!! Eg feira med kake og grundig gjennomgang med superentreprenør Seimen AS, elektriker frå Mølster Installasjon, rørlegger Stanghelle og min fabelaktige prosjektleiar Thomas frå Opak AS. Tida gjekk med desse kjekke karane, og det vart lite tid til skriving i dag. 🎂 Bare sjekk bygget då!
På dei varme deilige dagane kjenner du lukka og gleda i sinn og sjel, men huden er kanskje ikkje like fornøyd... Litt varm, stram og stressa. Då er det berre å dra fram urtekorta frå ermet, og gjere huden og lukkeleg. Så les vidare, for her kjem tips på rekke og rad! 🤩
Rose! 🌸
Ååå, deilige, duftande vakre rose. Eg elskar å plukke roser til produksjonen, eg blir både høg av det og får rooooen av det.

Og eg elskar å ha rose på huden! Du kan superlett la denne sommarskjønningen bli del av ditt ritual, og det er gode grunnar til å gjere det:
Fordelar med rose på sommarhuden:
🌹 kjøler varm hud og roer irritabilitet
🌹 Toner og pleier sol-stressa hud
🌹 Lettar spenningar og løfter humøret

Lag din eigen Rose-ansiktsspray:
Lag rose-te av roseblader (ferske eller tørka), kjøl ned og bruk som kjølande spray på heite dagar. Rose kjøler deg ned frå utsida og inn.


Denne er fantastisk i kombinasjon med våre roseprodukt Rose- og rødkløverskrubb og Tindved og Nesle.
Når huden er varm og litt sliten etter sol og sommarliv, er det viktig å få bort tørre hudceller som kan gjere huden gusten og mindre mottakeleg for fukt og næring. Difor elskar eg å bruke Rose- og Rødkløverskrubb gjennom heile sommaren ✨

Den eksfolierer skånsamt, aukar gløden og etterlet huden mjuk, klar og strålande. Rose bidreg med si beroligande og balanserande kraft, medan rødkløver er kjend for å støtte hudens vitalitet og gi ny energi til trøytt hud 💫
Bruk den 1–2 gongar i veka, så får du ei friskare hud som tek betre imot både serum, balsam og solkrem.

🧡 Tindved og Nesle
Eg brukar alltid Tindved og Nesle om sommaren (og heile året elles 😉). Dette er som eit lite antioksidant-serum frå naturen som får huden til å gløde sunt. Og ganske fantastisk at brennesle frå garden vår pluss supertindved frå Lærdal er med å gje denne herlegheiten superkraft 🌿
Tindved er kjend for sitt høge innhald av karotenoidar og antioksidantar som bidreg til å beskytte huden mot oksidativt stress frå sol og miljø. Nesle tilfører mineral og næringsstoff som huden elskar.
Resultatet er ei hud som kjennest meir spenstig, hydrert og full av glød. Eit lite pump om morgonen som dagkrem eller under solkrem gir huden eit ekstra næringsløft akkurat når den treng det mest.
Ringblomst!
Knalloransje tusenkunstnar, humørspreder og superlett å dyrke. Dette er ein så herleg universal for huden 🧡
Du kan lett brygge deg ein te av ringblomst også og bruke som ansiktsvatn eller del av ei ansiktsmaske. Har du tørka ringblomst kan du og male det opp med litt havremel og blande i fuktgivande og helande honning, så har du ei super ansiktsmaske etter lange soldagar.


Ringblomst er eigentleg sommarens førstehjelpsurt. Sol, vind, saltvatn, klor, insekt og lange dagar ute set spor i huden vår, og då er ringblomst heilt suveren. Den er kjend for å støtte hudens eigen reparasjonsevne og hjelpe huden tilbake til balanse når den har fått litt for mykje av det gode.
Fordelar med ringblomst på sommarhuden:
🌼 Dempar rødheit og irritasjon etter sol og varme
🌼 Støttar hudens naturlege reparasjon og fornying
🌼 Hjelper ved insektstikk, småsår og skrubbsår
🌼 Lindrar varmeutslett og tørr, stressa hud
🌼 Rik på antioksidantar som beskytter huden mot ytre påkjenningar
🌼 Styrkar hudbarrieren slik at huden held betre på fuktigheita


Ringblomstsalve er vår bestselgar OG eitt av våre eldste produkt 🌼🐝 Den skil seg frå mange ringblomstsalver på marknaden då eg alltid er opptatt av å få mest mogleg kraft med frå plantane i produkta, og då gjeld det å bruke fokusplanter på fleire måtar og med fleire metodar.
Så vil du ha MASSE ringblomst til huden din, så kan du vere trygg på at det får du i vår superpopulære Ringblomstsalve – seinast brukt som dagkrem etter symjetreninga mi i dag tidleg 🏊♀️

Kamille!
Den mildaste og snillaste sommarurten, men og kanskje den mest nyttige i sommar-kit’et. Den dufter deilig grønt, av gras og dei små blomane er så yndige at ein skulle ikkje tru at denne planten er ein kraftkar! Eg forkultiverer kamille i plantekjellar og drivhus, og eg direktesår rett ut. Eg skal faktisk ut og så no etterpå… Og sjekk alt den kan gjere for sommarstressa hud 💚
Fordelar med kamille på sommarhuden:
🌿 Antiinflammatorisk og helande på huden
🌿 Suveren på varm og brent hud
🌿 Reduserer stress og spenningar
🌿 Roar musklar og lettar kramper

Prøv å lag ditt eige ansiktsvatn med kamille:
Brygg ein kopp med sterk te av kamille. Kjøl ned, og påfør direkte solbrent eller irritert hud ved å splæsje på eller forsiktig med bomullsdott.
Kamillebalsam er dermed også perfekt i sommar-kit’et. Emil hadde dessverre gløymt Kamillebalsam på tur til Dolomittane 🏔️ forrige veke, og det fekk han svi for! Praktisk talt! Det kom eit utslett som berre ropte etter Kamillebalsam, men den låg att heime…
Alt når Emil var baby fekk eg tilbakemelding om at Kamillebalsam er den beste after-sun ever! Ho fyrste som delte dette med meg var ei flyvertinne som meinte den er betre enn Elizabeth Arden Eight Hour som ho alltid hadde brukt før. Og eg har mange historier om solbrent hud, til og med blemmer, som blir borte over natta med denne milde giganten 💪🏻

Det eg likar aller best med Kamillebalsam om sommaren er at den ikkje berre roar ned huden der og då. Den gir også huden næring og hjelp til å hente seg inn att. Mange bruker den som aftersun, men den er like fin til varmeutslett, insektstikk, tørr hud og all slags sommarstress på huden.
Dette er rett og slett eit produkt eg alltid vil ha med meg i feriekofferten.

Til slutt eit lite tips om ein av sommarens beste hemmelegheiter for sommarhuden:
Hylleblomst!
Har du vore for lenge i sola, trekk ein kopp med sterk te av hylleblomst og ha den i kjøleskapet og når den er kald så er det berre å få den på huden med ein klut eller dott.
Fordelar med hylleblomst på sommarhuden:
💚 Roar ned og kjøler irritert hud
💚 Behandler solbrent hud, og endå meir når kombinert med litt eplesidereddik
💚 Hjelper på allergisymptom
Og sjølvsagt må du ikkje gløyme vår beskyttande, antioksidantrike og svært pleiande SOLKREM i sommar 😎
Mange tenker på solkrem som berre beskyttelse, men eg utvikla den for 19 år sidan som skikkeleg god hudpleie også. Solkremen vår er full av næringsrike planteoljer som pleier huden samtidig som den beskyttar mot UVA og UVB med naturleg filter.
Vil du gje huden ein ekstra sommarboost, smører du først litt Tindved og Nesle i ansiktet og deretter Solkremen over. Då får huden både meir glød, meir næring og eit ekstra tilskot av antioksidantar, som er superviktig for sol-huden.
Min eigen sommar-rutine er ofte:
🌸 Rose- og Rødkløverskrubb eit par gongar i veka
🧡 Tindved og Nesle kvar morgon
☀️ Solkrem før eg går ut
🌼 Kamillebalsam eller Ringblomstsalve om kvelden (og Augebalsam!!)
Då får huden både næring, beskyttelse og hjelp til å hente seg inn att etter lange, lyse sommardagar.

Midtsommarklem frå Dronningbia 🐝 i den nye Bikuba 🌼💛




