Skulestart! 🎒💚

Skulestart! 🎒💚

Me relanserer Skule- og barnehagekit

«Mamma, veit du ka», sa Jonatan på stien ut til hytta i går kveld. «Sommarferien er den lengste helga som finst!». Eg lo, og synes det var ein herleg måte å sjå det på, og eit deilig innsyn i korleis ein skjønn 7-åring ser på verda. Og så slo det meg: Å guuuuu…. det er jo skulestart om nokon dagar 😅!

Fin sommarferie straks over!

Allereie ferdig med denne laaaaanghelga! 😅 Å nei, men å ja! Vondt og godt på same tid! 😳
​
Kjenner du det slik og? Uansett er det ein milepĂŚl: siste halvdel av ĂĽret er offisielt i gang!
Det er ein gut her i heimen som gler seg veldig til å møta klassevenene att, møta den nye læraren, og få inn att rutinane. Og eg gler meg til å vite at han kosar seg med vener på skulen, lærer nytt 📚, og at eg ikkje har dårleg samvit for at han må vente på mamma og pappa som jobbar inne og ute det meste av sommaren med to gardar å passe på (sjølv om han kosar seg med å henge rundt oss i alt som me gjer).
​
Men, eg kvir meg og, til å ikkje berre kunne ta han med meg på spontantur, slik som no, meg og han på hytta eit par dagar midt i veka 🥰
Skulestart! 🎒💚

No skal me nyte eit par dagar her ute i havgapet, og målet er å nytte det bittelille opplettet Vestlandet plutseleg fekk som ei gåve, og beise litt. Og fiske 🎣, og gå tur, sanke tang, og sitte stille og sjå ut i havet 🌊 medan Jonatan leikar med bilbanen han laga av gamal kartong, som monstertruckane får køyrt seg skikkeleg på 🚘

Skulestart! 🎒💚
Og medan me kosar oss her ved havet, står resten av Vossabiene på for fullt i dei to døgna med opphaldsver ☀️!
​
I dag er det full guff på rødkløverplukking i dei økologiske engene til min sambuar Olav, som er den einaste økologiske mjølkeprodusenten på Voss 🐮
​
Han er endeleg i gang med andreslåtten etter denne tragisk våte sommaren 🌧️, og før han kjem med slåmaskina rekk me å plukke perfekt raudkløver!
Exfoliante facial de rosa y trĂŠbol rojo - VossabiaExfoliante facial de rosa y trĂŠbol rojo - Vossabia
Skulestart! 🎒💚
Skule- og barnehagestart ja… Det får meg til å tenke på uttørkande såper som ikkje er bra for ungar og ungdom med eksem og tørr, irritert hud (ja ikkje for nokon i heile verda er desse såpene på skular og barnehagar bra). Og eg tenker på skrubbsår, sol og kald vind om kvarandre, sprukne hender, munnsår, og kviser for dei på ungdomsskulen. Og spenningshodepine og stive skuldre…
​
Men, halloen, gode nyheiter! 💚 Ingenting av dette treng å vere noko problem – om du har Vossabias Skule- og barnehagekit med i sekken til dei håpefulle gullungane! Og gjett om eg har erfaring med det! Tre ungar, to av dei har fullført all skulegong, og ein liten skuletass som har mange år att. Så med dette pakka i sekken 🎒, så blir det nok glad hud og glade ungar!
Spar 104,00 kr
Skule- og barnehagekit - VossabiaSkule- og barnehagekit - Vossabia
Kits escolares y de jardĂ­n de infantes
Tilbud 587,00 kr OrdinĂŚr pris 691,00 kr
Skulestart! 🎒💚
🎒 Skule- og barnehagekit – alt dei treng i sekken! Med 15% rabatt 💫
​
Skule- og barnehagepakken er satt saman av erfaring 😅 Etter tre ungar i barnehage og skule veit me kva som funkar – og kva som ALLTID trengst:
​
• Mini Ringblomstsalve (skrubb, sår, eksem, kviser)
​
• Mini Panterbalsam (tett nase, hodepine, myggstikk)
​
• Mini Kuldekrem (kald vind og uteliv utover hausten)
​
• Myntelepper (tørre lepper, munnsår)
​
• Mini Skogen på Kroppen (byt ut uttørkande håndsåpe med denne, ha i gymbagen)
​
Alt får du samla i eit nydeleg gjenbruks Vossabia-nett 💙💚💜 (som og er perfekt til gymtøyet!) 🤸🏽
Skulestart! 🎒💚
No blir det straks terrassebeising her, men først innhausting av den
nydelege trøffeltangen (grisetang) og blÌretang, for eg tenkte ü lage Trøffeltangsmør og Knekkebrød med blÌretang.
​
Og ja: trøffeltang smakar faktisk nydeleg trøffel!! Nysgjerrig på å prøve sjølv? Sjekk oppskriftene under 🤩
Skulestart! 🎒💚

Trøffeltangsmør

​
• 250 g romtemperert økologisk smør (Rørossmør) eller ei gardssmør (bur du Voss eller er på Bondens Marked i Bergen? Sjekk Aud sitt fantastiske smør: Vossasmøret https://www.vossasmoeret.no)
​
• 20 g finhakka trøffeltang
​
• 1 ts trøffelsalt (tørk og mal trøffeltang og bland 1 ss tangpulver med 100 gram godt salt)
​
• 4 ss heilmjølk​
​
Bland alle ingrediensar unntatt saltet, og pisk det saman med handmiksar. Du vil ha eit luftig smør 🧈 Tilset så saltet litt og litt, til det er akkurat slik du vil ha det. Ha i ei fin skål, og bruk på nybakt brød 🍞
Skulestart! 🎒💚
Her har me nytta KI for ü illustrere for eg har ikkje rukke ü lage smøret her pü hytta enno, men eg lovar det er enormt godt!

Knekkebrød med blÌretang

​
• 2 dl sammalt grov rug
​
• 4 dl lettkokte havregryn
​
• 2 dl solsikkekjerner
​
• 1 dl linfrø
​
• 2 dl sesamfrø
​
• 1 dl finhakket forvellet blæretang
​
• 1 ts salt
​
• 6 dl vatn
​
Bland alt det tørre, og bland forvella blÌretang med vatnet og hell oppi det tørre. Bland godt. Ta bakepapir pü to steikeplater. Bruk slikkepott og fordel utover Bruk ein kniv til ü lage ruter sü store som du ønsker at knekkebrødene skal vere.
​
Steikast i vanleg ovn pĂĽ 180 grader:
​​
• Sett inn begge platene samstundes.
​
• Steik i 30 minutt før bretta får byte plass.
​
• Deretter ytterlegare 30 minutt. Slå av ovnen, sett døra på gløtt og la knekkebrøda tørke vidare ei stund.
​
Prøv trøffelsmøret pü knekkebrøda! Og bruk same metode og bruk supermaten tang ogsü i brøddeigen!
Skulestart! 🎒💚
Her har me nytta KI for å illustrere. Rakk ikkje lage dette heller 😅
Kos deg med dei siste dagane av denne ekstremt lange helga (sommarferien altså 😂 ) og lukke til med førebuingane til skule- og barnahagestart! Eller for Ylva: 1. gongstenesten 🪖! Himmel og hav! Ja, det blir marinen på svømmaren frå 28.9!
​
Men, før det er ho produksjonsassistent, plukkar planter, og pakkar forhandlarordrer og privatordrer saman med resten av gjengen i Bikuba vår 🐝 Og er min næraste kreative medarbeidar!
Renate Lunde

Con profunda gratitud de parte de Renate 💛
Abeja reina 🐝 en Vossabia