Midt i ei ny duftreise i New Forest 🌿
I dag blir det eit lite reisebrev frå New Forest i England, der Ylva og eg er på Advanced Perfume Making Course heile veka.
Det er intenst og heftig, spennande og lærerikt, moro og vanskeleg – alt på same tid. Eg har vore på eit par parfymemakarkurs tidlegare, men aldri over så mange dagar i eitt, så eg er spent på korleis det står til med både nasane og hovuda våre når me kjem til slutten av veka! 😅

For hjernen får verkeleg køyrt seg her.
Det er vanleg å seie at nokon har ein god nase, men nasen er eigentleg berre inngangen – sjølve motorvegen inn til hjernen, som tek imot, tolkar og bearbeider alle duftene me møter gjennom livet ✨
Allereie medan me ligg inni mors mage 🤰, byrjar lukt og smak å påverke oss. I dei tidlege barneåra byggjer me vidare opp ein enorm database av erfaringar, kjensler og minne som er knytte til lukt 👃

Jonatan var tidleg ute med å bygge på lukt-databasen sin 🤣
Duft er eigentleg ein måte å kommunisere utan ord. Dufter kan gå utanom språket og rett inn i den delen av oss der minner, kjensler og assosiasjonar bur. Ein bestemt lukt kan sende oss tilbake til eit kjøkken frå barndomen, ein sommar ☀️, eit menneske, ei forelsking 💕 eller ei oppleving me nesten hadde gløymt.
Likevel er det merkeleg vanskeleg å setje ord på duft. Den har ingen tydeleg form, ingen farge og ingen konkrete fysiske trekk me kan peike på. Nettopp difor trener me ikkje berre på å lukte her på kurset, men på å forstå, skildre og etter kvart utvikle eit språk for det me kjenner 🤗

Eg har kanskje vore parfymemakar i 22 år
Det gjekk opp for meg rundt arbeidsbordet her i New Forest at eg eigentleg har arbeidd med ein type parfymemaking heilt sidan eg utvikla dei første Vossabia-produkta i 2004 💚
Eg har berre ikkje kalla det det. Utgangspunktet mitt har vore annleis enn for mange tradisjonelle parfymemakarar. Eg har alltid byrja med planten 🌱 og spørsmålet:
Kva kan denne planten og denne eteriske olja gjere for mennesket?
Kva eigenskapar har ho for huden, kroppen, sinnet eller kjenslene? Kva energi og verknad ønskjer eg inn i produktet?

Når det er på plass, kjem det neste avgjerande arbeidet: Korleis spelar desse duftene saman? Kva slags balanse skapar dei? Kva kjensle oppstår når dei møter kvarandre, bivoksen 🐝, kakao- og sheasmøret og dei ulike planteoljane som alle også har sin eigen duftidentitet?
Helse har med andre ord alltid vore den første noten i Vossabia sin duftmusikk, men duftestetikken har vore heilt sentral for kvart einaste produkt eg har utvikla.
For ingrediensane skal ikkje berre bidra med gode eigenskapar. Dei skal også skape noko saman som er balansert, vakkert, interessant og godt å vere i.
No blir eg bevisst på kva eg eigentleg har drive med i alle desse åra, samtidig som me får eit stort kunnskapsløft 📚 i sjølve parfymemakarfaget: metodane, materiala, utstyret, oppbygginga av ein parfyme, struktureringa, og ikkje minst treninga i å lukte, uttrykke og skape eit språk for duftene.

Kvifor eg vel den vanskelegaste vegen 🌱
Læraren vår snakkar mykje om at det er vesentleg vanskelegare å lage ein hundre prosent naturleg parfyme 🌿 enn ein parfyme der ein også bruker syntetiske duftmolekyl utvikla i laboratorium.
Med syntetiske ingrediensar får parfymemakaren ein mykje større og meir forutsigbar palett å spele på.
Ein kan skape effektar og duftinntrykk som ikkje finst direkte i naturen, etterlikne naturens odør, eller skape illusjonar av sjø 🌊 og strand 🏖️ eller kva som helst følelse ein vil skape.
Og det er ikkje minst lettare å få parfymen til å halde lenge, forbli stabil i duftbiletet og utvikle seg akkurat slik ein ønsker.

Men eg likar ei utfordring. 💪 Og eg treng ikkje at Vossabia sine framtidige parfymar skal ha den største moglege duftpaletten dersom prisen er at eg må gå på akkord med det som er sjølve fundamentet vårt.
For Vossabia handlar først og fremst om helse 💚 – om heilskapleg helse – og det kompromissar eg aldri på.

Niels Christian Geelmuyden stiller i boka Sannheten på kroppen 📖 kritiske spørsmål ved kva kosmetikk, hudpleie og parfyme kan innehalde, kva me faktisk smører på oss og pustar inn, og kva spor ingrediensane kan setje i kropp og natur. Og det er dette som grunnlaget og fundamentet for at Vossabia finst, det var difor eg starta opp Vossabia i starten av 2000-talet, fordi eg på frå slutten av 1990-talet vart meir og meir bekymra for kva som er tilsatt kosmetikk.
Geelmuyden har gjort ein formidabel jobb med å dokumentere og samle forsking på området, og han løftar mellom anna fram problemstillingar knytt til hormonforstyrrande stoff, allergi, inflammasjon, manglande oversikt over kva ein ingrediens gjer med deg og miljøet, og kor vanskeleg det kan vere for forbrukaren å forstå kva produkta verkeleg inneheld.

Solnedgang over nabogarden 😍
Dette betyr ikkje at eg meiner at alt syntetisk automatisk er farleg, eller at alt naturleg automatisk er trygt.
🌿 Naturlege råvarer må også vurderast grundig, brukast i rette mengder og dokumenterast skikkeleg. Men det betyr at eg ønsker maksimal openheit, medvitne val og ingrediensar eg kan stå inne for – både med tanke på menneske, natur og planet 🌍
Vossabia har aldri handla om å skape den mest spektakulære dufta for ein kvar pris. Me skal utforske kor langt me kan kome med naturlege materialar 🌱 som luktar nydeleg, som skaper kjensler og minne, og som samtidig passar inn i vårt heilskaplege helsekonsept.
Det er ei langt vanskelegare oppgåve. Og akkurat difor er det så spennande 💫

Frukost med esel – og ein uventa duftakkord 🫏
New Forest 🌳 er den perfekte staden å fordjupe seg i duft.
Her vandrar esel 🫏 og ponnier 🐴 fritt mellom hus, skogar, kafear, smale vegar og gamle pubar. Me syklar 🚲 mellom farm shops og gårdskafear, gjennom skogar 🌳 og over opne sletter, og er ei lita internasjonal gruppe (8 stykk) parfymemakarar samla til kurs i ein ombygd, gammal stall.
Og midt i det intense kurset får Ylva og eg ein skikkeleg koseleg jentetur saman 💚
I går sat me ute og åt frukost på The Fighting Cocks 🥐☕, medan esla vandra rundt oss. Det låg ein ganske så kraftig eim av esel over heile området – til og med inne i puben.

Eg sa til Ylva:
– Eg vil i alle fall ikkje lage ein parfyme som luktar esel! 😂
Så lo me litt av det 😄
Men då me kom til kurset og skulle arbeide med dagens duftfamilie, Amber fragrances 🌿, fekk me først lukte på fleire kjende amberparfymar og deretter på ei rekkje råvarer som kan brukast til å byggje opp denne varme, djupe og ofte litt sensuelle duftfamilien.
Og der dukka jammen eselet opp att! 🫏
Eitt av råstoffa lukta faktisk esel.
Eg lukta først noko som minna meg om matcha 🍵 og så kom eselet som eit skot inn i duftbildet.
Eselmatcha! 😂
Det vart ikkje akkurat den ingrediensen eg valde til amberparfymen min 🤭

Eg har litt problem med amberdufter, fordi dei fort kan bli svært tunge, søte og nesten litt kvalmande for meg. Difor vart eg oppteken av å lette uttrykket og skape noko som løfta seg, men som samtidig var tru mot parfymefamilien.
Eg laga to variantar 🌸 Den eine tok eg i ei meir floral retning, medan den andre fekk eit friskare løft av sitrus 🍋 Ylva skapte også sine eigne variantar, og eg må seie at me begge klarte å finne eit uttrykk me likte skikkeleg godt 💚
No blir det spennande å lukte på dei igjen 👃, for dette er noko av det fascinerande – og utfordrande – med naturlege parfymar:
Dei lever vidare ✨
Dei modnar, utviklar seg og endrar karakter etter kvart som materiala får smelte saman. Det du luktar når du nettopp har blanda parfymen, er ikkje nødvendigvis det same som møter deg dagen etter, ei veke seinare eller etter fleire månader.
Min Amberparfyme var nydeleg i går, og faktisk endå betre i dag!

Å tørre meir
Her arbeider me med planteoljer, absoluttar, resinoidar og aromatiske materiale frå blomar, blad, røter, frø, tre, harpiks og andre plantedelar
🌿🌸🍃
Det handlar sjølvsagt om å auke kjennskapen til kvart materiale. Kor sterkt er det? Kva retning tek det? Kva skjer når det møter rose 🌹, sitrus 🍋, treverk 🌳 eller harpiks? Kva ligg øvst i duftbildet, og kva kjem snikande seinare?
Men det handlar også om noko anna:
Å tørre. Å sleppe seg laus. Å eksperimentere.
Her har eg tilgang til mange fleire aromatiske materiale enn eg vanlegvis arbeider med, og det er både utfordrande og svært gjevande 💚 For plutseleg vågar me meir, kombinerer noko me elles ikkje ville ha sett saman, og oppdagar at duftbildet endrar seg og skaper ei heilt ny oppleving.

Me gjekk i ein museumshage og lukta på desse ferskenrosene i pausen, og me dånte!! Denne duften er akkurat den parfymen me vil lage!!
Klar for blomedagen 🌸
I dag står Floral Fragrances 🪻 på programmet, og dette skal visstnok vere den vanskelegaste parfymefamilien.
Eg gler meg 😍
Blomedufter er favoritten min, og eg tippar det blir rose med i parfymen min. Eg har til og med kledd meg til blomedagen med blomstrete bluse, og bieøyredobbar som er sydde av ei dame her i New Forest 🐝🌺
Rose har vore med meg i arbeidet mitt i mange år.

Rose møter lavendel i vår nydelege Mjuke Hender.
Rose møter rosmarin i den glødande gode Tindved & Nesle.
Rose møter rødkløver i det eg sjølv meiner er den deiligaste ansiktsskrubben i verda.
Rose møter patchouli og bergamot i vår stemningsfulle oljeparfyme Essensiell Sensuell.
Og i går fekk ho også vere med inn i amberparfymen min.

Men det verkeleg spennande er kor ulikt rosen kommuniserer, alt etter kven ho får vere saman med.
Saman med lavendel kan ho bli mjuk, balansert og omsorgsfull.
Saman med rosmarin kan ho bli grønare, friskare og meir uventa.
Saman med djupe, jordnære patcouli og lyse, friske bergamot kan ho både løfte, skape nærvær og roe på same tid.
Saman med jordlege, varme eller harpiksprega materiale kan ho bli djup, mørk, sensuell og nesten mystisk.

Rosen er framleis rose 🌹, men ho viser heilt ulike sider av seg sjølv gjennom relasjonane ho inngår i. Og akkurat dette er noko av det eg synest er aller mest spennande – både i parfyme og i naturkosmetikk.
For då er me tilbake ved kjernen av det eg har vore oppteken av i vel 22 år:
Duftene skal bidra med noko positivt for di emosjonelle, mentale eller fysiske helse, men dei skal samtidig gje deg ei vakker og interessant sanseoppleving 💚
Og DET er ikkje alltid lett å få til i naturkosmetikk!
Men det gjer det berre endå meir stimulerande for ein person som meg, som kan bli ganske så oppslukt av både plantar, helse, duft og alle dei finstemte samspela mellom dei.

New Forest gjennom nasen
I går sykla me i fleire timar rundt i området 🚲
Me sykla til og frå kurset, gjennom skogar og over sletter, forbi den eine gastropuben etter den andre, farm shops og små gårdskafear ☕👨🌾
Nokre stader var det flatt og lett, andre stader svært bratt, og pusten gjekk frå roleg og harmonisk til noko som nærma seg makspuls 😅
Heile tida var det lyset, fargane, dei smale gamle bruene, husa med stråtak, hagane med stokkroser, dyra og fuglane som gjorde sykkelturen så spesiell.
Men også duftene.

Duftbildet er heilt annleis no enn då me var her på parfymekurs i april.
Då var det blåklokker 💙, ramsløkbløming, vårskog 🌱 og ein skogbotn som strutta fersk, grøn og frodig.
No er det esel og hestar, svidd gras og tørre blomar, blanda med frisk morgondogg og lukta av varme grusvegar. Snart modne bjørnebær heng i dei ville hekkane overalt.
Det har vore ein uvanleg varm og tørr sommar her i Sør-England ☀️, og det påverkar naturen rundt oss. Når til og med rylliken, som vanlegvis toler både skrinn og tørr jord godt, står tynn og skral og kjempar for å halde seg sterk, håpar eg verkeleg regnet snart kjem 🌧️
Takk og lov for skogane, som held på fukta, skapar skugge og sørgjer for liv – sjølv når landskapet rundt tørkar ut.

Dette er berre byrjinga
Dei neste dagane blir det meir utforsking, både inne i den ombygde gamle stallen der parfymekurset er, og ute i naturen, skogane og ved sjøen her i magiske New Forest National Park. Eg kjenner allereie at det kjem eit par svært inspirerte Vossabier heim att etter denne veka.
Det boblar oppi hovudet 🧠, og kanskje finst det allereie neste veke noko eg får lyst til å dele med dykk som eit lite resultat av denne duftreisa.
Dette handlar om å fordjupe seg, forstå betre, og ta Vossabia vidare på reisa og kanskje klare å tilby endå fleire produkt, der helse er første noten og naturen er instrumentet, slik det alltid har vore. Eg håpar det og er litt ambisiøs og trur eg skal klare å kome med noko som du får lyst å ha med deg og på deg du og 😊
Med dufter som eit språk utan ord.

Varm helsing frå New Forest 🌿🐝 Renate og Ylva 💛