Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱

Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱

Møt dei to nye gartnarane våre.

Når garden får fleire hender 🌱

Kvar formiddag står det no ei korg på trappa mi 🧺
Egg i alle slags fargar frå hønene våre. Nokre raudbetar, lilla blomkål og grønnkål frå åkeren. Tomater og chili frå drivhuset og aroniabær frå hagen – og elles det naturen og garden har å by på akkurat denne dagen 💚
​
Det er Emma som set ho der. Ei av mine to nye gartnarar. Og det er så kjekt og supergod følelse! Nokon andre har sett kva som er klart. Nokon andre har rukke å hauste det. Og det som veks rundt meg, blir tatt vare på – sjølv om eg ikkje hadde tid å ta meg av det sjølv.
​
Det er ei ganske stor kjensle for ei som i alle år har prøvd å drive alle hagane og åkrane her åleine. Og alltid ligg bakpå og aldri rekk alt 😅
Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱

Eg har endeleg fått gartnarar!

​
På Vossabiagarden finst det små og store hagerom nesten overalt. Her er grønsaksåker, urtehager, blomar, trær, buskar og bær. Det er kompost, drivhus, ender, høner og bier. Og her er innmarka med dei gamle slåtteengene og spennande kantane, det er buføreveg og styvetrær. Og alt tek me vare på og utviklar etter regenerative prinsipp 🌱
​​
Alt blir sjølvsagt drive økologisk 💚 Men for meg er det heller ikkje nok at noko «berre» er økologisk. Eg ønsker at garden skal vere eit levande samspel der jord, plantar, insekt, dyr og menneske får styrke kvarandre.
​
Eg har hatt så mange planar og draumar for denne staden. Men eg har også måtta innsjå, om enn ganske motvillig, at eg ikkje kan rekke over alt åleine.
​
No har eg fått to menneske som ikkje berre kan luke, plante og dyrke. Dei ser heilskap, samanhengar og moglegheiter. Begge gartnarane, Eirik og Emma, er nemleg permakulturistar, som eg sjølv er – og det er viktigare å få fleire med den kompetansen med her enn eg kanskje sjølv hadde forstått.
Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱

Eirik – gartnar, arborist og kunnskapsbrønn 🌳

​
​Eirik kom til oss for snart 5 månadar sidan. Han er fagutdanna gartnar, arborist og diplom-permakulturist. Han driv og si eiga verksemd, Alvastien Telste, der han mellom anna tilbyr kurs i skoghage, poding av frukttre og permakulturdesign.
Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱
Og for ein mann me har fått på laget!
​
Eirik har ei heilt eiga handlekraft og driv. Han lærer meg stadig noko nytt om så mange tema, og han får meg til å sjå både hagane og landskapet på nye måtar. Han har eit strålande humør, ein enormt allsidig bakgrunn og alltid ei god historie på lur. Samtidig er han ein inderleg og spirituell mann som vågar å dele ope og varmt av seg sjølv.
​
Han kvir seg heller ikkje for å liggje på kne i timevis i regnet og luke når det er dét som trengst. Den siste tida har han mellom anna bygd fleire ruskegjerde. Greiner og kvist og kvast som elles lett kunne blitt rekna som avfall, blir i staden til vakre avgrensingar, leveområde for smådyr og insekt – og praktiske strukturar som gjer arbeidet lettare.
​
Men den mest fascinerande konstruksjonen er kanskje den levande hekken han no byggjer etter ein eldgamal metode.
Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱
​Ein hekk med røter heilt tilbake til Romarriket​
​
Eg spurde Eirik kva han eigentleg heldt på med når eg såg ein ny type gjerde bli til.
​
Han fortalde at han først finn ei naturleg linje i landskapet og ryddar rundt trea som allereie veks der. Utvalde stammar av mellom anna ask, hegg og hassel blir skorne nesten heilt gjennom nede ved rota og lagde varsamt ned – men utan at sambandet mellom rota og treet blir brote 🪾
Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱
– Mellom barken og veden er livet i treet. Når me lèt dette sambandet vere att, vil treet begynne å gro rundt såret. Frå den liggande stammen kjem det nye, loddrette skot. Då blir hekken levande – og han blir nesten som ein skulptur, fortalde Eirik.
​
​Med åra blir nye stammar lagt ned og fletta saman med dei gamle. Mellom dei kan ein fylle på med greiner og anna organisk materiale. Dette bryt sakte ned, bygger jord og skaper rom for insekt, fuglar, sopp og smådyr ♻️
​
– Det blir veldig mange funksjonar i éin og same hekk. Han er grense og gjerde, men også leveområde, jordbyggar, ressurs og historie.
​
Slike levande hekkar vart brukte lenge før ein fekk nettinggjerde og moderne stolpar. Eirik fortel at tradisjonen kan førast tilbake til Romarriket – og truleg heilt til jernalderen. I England finst det framleis gamle hekkar som har vakse seg breie gjennom hundreåra, og der ein kan lese alderen og historia gjennom artane og laga i hekken.
​
Hekkane vart gjerne fornya i syklusar på åtte til ti år: Nye stammar vart lagde ned, fletta saman og fekk vekse vidare. Slik kunne eit levande gjerde bli ståande og utvikle seg gjennom generasjonar.
​
– Når det etter kvart blir danna god jord under hekken, kan me også plante inn fleire tre og buskar. Hekken blir aldri heilt ferdig. Han held fram med å vokse og utvikle seg.
​
Dette er permakultur i praksis: Det som kunne vore ryddeavfall, blir ein ressurs. Ei grense blir samtidig leveområde, jordfabrikk, vindskjerming og eit vakkert element i landskapet.
​
Og det vertikale livet held fram, sjølv om stammen blir lagd ned.
Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱

Eirik viser korleis stammen framleis har kontakt med rota, slik at nye skot kan vekse opp frå det levande treet.

Eirik sin Vossabia-favoritt

​
Elles måtte eg sjølvsagt spørre den gode gartnaren kva Vossabia-produkt han likar aller best.
​
Svaret kom kontant:
​
– Mitt favorittprodukt er Sensuell! I den ser eg eit fantastisk potensial for menn i middelalderen. Det er viktig å setje fokus på sensualitet i eit travelt samfunn.
​
Og så legg han til:
​
– Eg er også veldig glad i Rosmarin Hårserum. Det får både skjegg og hår til å skine som i eit eventyr!
​
Eg kunne knapt ha sagt det betre sjølv.
Ungüento sensual - VossabiaUngüento sensual - Vossabia
Ungüento sensual
TilbudFrå 195,00 kr
Suero capilar de romero - VossabiaSuero capilar de romero - Vossabia
Suero capilar de romero
Tilbud 289,00 kr

Emma – frå Koster til Vossabia 🌼

​
For tre veker sidan fekk gartnarlaget vårt endå eit nytt medlem.
​
Emma er ei glad og sprudlande ung dame frå Stavanger som flytta heilt frå Koster i Sverige for å arbeide hjå Vossabia.
Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱
Dei siste åra har ho arbeidd ved Koster Trädgårdar – ein økologisk og permakulturell inspirasjonsstad deluxe, driven av ei rådyktig dame som lenge har inspirert meg. Der har Emma arbeidd ei stund, og sjølv om dei ikkje ville gje slepp på ho der, så er me glade for at Emma lengta til Vestlandet og ville til Vossabia.
​
Allereie den første veka satte eg Emmal til å ta seg av grønsaksåkeren, no når det var så mykje som var hausteklart.
Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱
Spisskålen eg hadde dyrka gjennom våren og sommaren hasta å hauste! Tolv kilo kål stod klar i åkeren, medan eg sjølv ikkje hadde hatt tid til å ta meg av den, og då kom Emma og bretta opp ermene, hausta alt saman og forvandla kålen til deilig kimchi og surkål. Me hadde smaking av den forrige dagen, og det var heilt nydeleg! 🥬
​
Slik vart overfloda frå åkeren tatt vare på og foredla til noko som kan skape eit sterkare økosystem i mage og tarm.
​
Saman med Eirik har Emma arbeidd knallhardt med å plante, rydde, reinse og få fram att linjene i hagane. Dei byggjer strukturar som lettar arbeidet, skaper nye habitat og samtidig blir vakre element i landskapet.
Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱

Emma sin Vossabia-favoritt

​Emma hadde forresten heller ingen problem med å velge kva favorittprodukt ho vil framheve:
​
– Ringblomstsalven er definitivt favoritten min – ein skikkeleg allroundar! Eg har brukt han i rundt sju år og elskar at éin boks kan vare eit halvt år, sjølv om eg brukar den kvar dag. Ansiktet mitt diggar den også, og eg har særleg vore glad for å ha den når eg har brent meg.
​
Men så kom det raskt ein favoritt til:
​
– Kroppsskrubben! Den er perfekt til å reingjere skikkelege gartnarhender etter arbeidsdagen 👐
​
Det må vel kunne kallast ei truverdig brukartest!
Ungüento de caléndula - VossabiaUngüento de caléndula - Vossabia
Ungüento de caléndula
TilbudFrå 195,00 kr
Exfoliante corporal cítrico - VossabiaExfoliante corporal cítrico - Vossabia
Exfoliante corporal cítrico
Tilbud 359,00 kr

Vossabia som permakulturbedrift

​
Permakultur handlar for meg om langt meir enn dyrkingsmetodar.
​
Det handlar om å arbeide med naturen, ikkje mot ho. Om å observere og sjå heilskapen før me grip inn. Om å bygge fruktbar jord, bruke ressursane klokt, skape mangfald og la det som kan sjå ut som avfall, bli verdifullt ein annan stad i systemet.
​
Men permakultur handlar og om menneske. Om å ta vare på kvarandre, fordele ansvar, bruke dei sterke sidene våre og skape system som er berekraftige over tid – også for oss som skal arbeide i dei.
​
Dette ligg til grunn for måten eg ønsker å drive Vossabia på: i hagane, i produktutviklinga, i verksemda og i livet elles.
Eg har endeleg fått gartnarar! 🌱
Difor betyr det så mykje at Eirik og Emma ikkje berre ser plantane og arbeidsoppgåvene. Dei ser samanhengane.
​
No planlegg dei hausten, medan neste års grønsaksåker sakte landar på papiret – med fargeblyantar, vekstskifte og mange gode tankar i sving 🖍️
​
Og eg?
​
Eg øver meg på å sleppe det dårlege samvitet for alt eg ikkje rekk å gjere sjølv. Eg øver meg på å ta imot hjelpa.
​
Og kvar gong eg finn ei lita korg med dagens overflod på trappa, kjenner eg at dette kan bli verkeleg, verkeleg bra 💚
​
Takk for at du er med oss på vegen vidare – og for at du er med og gjer det mogleg å utvikle Vossabia, hagane og heile det levande mangfaldet her på garden.
Renate Lunde

Varme helsingarfrå Renate 💛Dronningbia 🐝 i Vossabia