Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️
Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️

Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️

Sale price479,00 kr Regular price578,00 kr
Save 99,00 kr

Solkrem og Augebalsam (som motvirker/fjerner hovne auge) passar perfekt saman! Augebalsam, som funker fabelaktig bra (for meg og mange) på blant anna hovne, posete auge, med kinderegget av ein herleg, naturleg solkrem (beskytter mot UVA + UVB sjølvsagt, naturleg, nærande og pleiande) Voila! Gyllen og fin hud. Null poser! Happy face i vårsola 🌞

SOLKREM FAKTOR 10 - med kun nøye utvalde naturlege ingrediensar, beskytter mot UVA og UVB-stråler, gir fuktighet og næring til huden.

AUGEBALSAM 15 ml - Ein herleg pleiande augekrem. Den er super ved hovne auge og blant anna ved sår hud.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Perfekt i sol og vind


Solkrem f. 10 + Augebalsam 15 ml

Eg utvikla både Solkrem og Augebalsam under morspermisjonen med Ylva i 2007-2008, og fyrst no gjekk det opp for meg at SOLKREM + AUGEBALSAM er perfekt i sol OG vind, der vinden skikkeleg rusker og augene hovner litt opp.
Korleis kunne eg ikkje sjå denne perfekte kombo!

Bruksanvisning

SOLKREM med naturleg fysisk filter (ikkje-nano titandioksid, sunt og heilt ufarleg for folk og miljø), veldig pleiande planteolje, bivoks og beskyttande lanolin. Her får du eit skikkeleg kinderegg av ein solkrem som ikkje berre beskytter godt mot UVA og UVB (faktor 10 beskytter også lenge og godt når det er naturleg fysisk filtet! 👍☀️), men som også pleier og gir næring til huden, og mange melder om god hjelp på soleksem også.

AUGEBALSAM som me elsker rundt augene (eller øynene for dei bokmålsfolk som ikkje skjønar det fine ordet auge 😉) om kvelden, då den er stappfull av supermat med planteoljer rik på antioksidanter (granateple), essensielle fettsyrer (hamp bl a), mineral og vitamin frå blant anna solblom (arnika) som også er DEN superplanten på å forhindre/redusere/minske HOVNE AUGE! Og difor: dette gjer den til superkombo med solkrem i d-vitaminrik solskinn og rivande vind! 💚

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Frå eng til Europa: Vossabia på nominasjonslista igjen! ⭐️

Frå eng til Europa: Vossabia på nominasjonslista igjen! ⭐️

Hei og hå, i dag har eg bursdag! 🎉 Hurra for meg! Eg sa til Jonatan at mamma blir 31 år – men han rista berre på hovudet og meinte at sidan eg vart 50 i fjor, så måtte dette vere 51-årsdagen. Oki då 😉
Ekstremt klar for alt – takka vere Vossabia! 🔥

Ekstremt klar for alt – takka vere Vossabia! 🔥

Hei, Ylva her! 👋 Denne veka har eg fått æra av å skrive vekas blogginnlegg. Og for ei veke det har vore! Ekstremsportveko er over – og Vossabias ekstremt gode produkt fekk meg gjennom heile galskap...
🌸 Midtsommar og blomstrande inspirasjon!

🌸 Midtsommar og blomstrande inspirasjon!

Eg vil feire fargespelet og flotte planter ved å dele litt om nokre få kjente kjære som du kanskje har i hagen din, men kanskje ikkje veit så mykje om. Det er jo typisk at me legg merke til skjønne...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring