Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum

Rosmarin hårserum

Sale price259,00 kr

Volum: 30 ml

Beskytte, styrke og fremme hårvekst – Rosmarin Hårserum

Rosmarin Hårserum er den perfekte oljen for å styrke håret ditt og stimulere til ny vekst. Dette luksuriøse serumet er rik på næringsrike planteoljer, inkludert rosmarin, rosenrot og ringblomst, som gir håret næring og pleie frå rot til tupp.

Rosmarinolje har velkjente eigenskapar for å fremme hårvekst og redusere hårtap, og det har alle dei andre ingrediensane som har fått æra av å vere med i flaska og. Bruk det regelmessig for å gje håret glans, styrke og ein sunnare utsjånad. Perfekt som dagleg pleie for hår, hovudbotn og skjegg, eller som djupkur når du treng ekstra pleie.

Dette serumet roer ned ein sensitiv hovudbotn, gir fukt og gir håret eit silkemjukt, glansfullt resultat. Dei botaniske ingrediensane arbeider saman for å styrke både hår og hovudbotn, og gir ein sunn og friskt utsjånad.

INNEHELD:
*jojobaolje, squalane, *ringblomstolje, *kokosolje, *kakaosmør, naturleg e-vitamin, eterisk olje av rosmarin*, basilikum* og mynte* , **ringblomsttinktur, **kjerringrokktinktur, **rosenrottinktur
*frå økologisk landbruk, **ville vekster frå garden

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

*frå økologisk landbruk
** frå ville vekstar på garden

Bruk

Dagleg pleie: Eit par pump i handa, fordel i tupper, hårlengder eller skjegg. Perfekt for å definere og pleie krøller eller roe ned krusete hår. Vurder om ditt hår treng fleire eller færre dråpar, i halvtørt eller tørt hår. Påfør anten underfrå (stå bøygd) eller knip lett inn ovanfrå.

Som hårkur: Påfør større mengde om kvelden, la virke over natta og vask ut neste morgon. Løft håret og pump direkte i hovudbotnen og masser. Gjenta til du er nøgd, og så har du det i over natta, eller som ein kur over minst 20 minutt.

Hovudbotnpleie: Masser ein sprut inn i hovudbotn ved problemområde. Bruk gjerne i kombinasjon med hårkur.

Ansikt: Gir glød og pleie til ansiktet. Smør lett på huden for ekstra næring og fukt.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring. Pakken blir sendt med sporing frå Bring. Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Kvifor bruka ein naturleg Rosmarin Hårserum?

Hårserumet er drygt i bruk, og kan brukast til hår, skjegg og hovudbotn, som dagleg pleie eller som hårkur i blant. Den er og deilig på huden!

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Djupverkande pleie for hår og hovudbotn

Gir fukt, glans og demper krus. Rosmarin er også kjent for å bidra til hårvekst blant anna ved å stimulere blodsirkulasjon i hovudbotn.

Ingredienser

Rosmarin og ringblomst er kjend for å styrke håret og førebygger slitasjeskader som knekk i hårstråa, og håroljen verkar djupt inn i håret og tek vare på naturleg fukt og elastisitet. Ringblosmt er og antiseptisk og kan bidra til å styrke hovudbotn.

  • Jojobaolje
  • Squalane
  • Ringblomstolje
  • Rosmarin

Rosmarin ER FANTASTISK, altså sånn skikkeleg superbra

Og det er fleire studier opp gjennom dei siste åra, som viser god effekt for både hårvekst, mot hårtap og hodebunnsplager elles (og mange andre ting som hukommelse og konsentrasjon..)

Bruksanvisning

Bruk ved dagleg pleie:
Pump eit par tre sprut i handa, fordel i hand eller fingre og deretter påfør lett i tupper eller i hårlengdene (eller i skjegget).

Bruk som hårkur:
Ha litt større mengde i handa og dra oljen gjennom håret om kvelden, og la den ligge i gjennom natta før hårvask om morgonen. Dersom du vil ha varm-olje-behandling kan du ta ein liten mengde og varme oljeblandingen opp til litt meir enn lunka temperatur, og deretter ha i håret.

Bruk i hovudbotn:
pump ein sprut på finger, løft opp håret ved problemområde og smør inn oljeblandingen i hovudbotn. Eventuelt kombiner bruk som hårkur og hovudbotnpleie.

Farvel tørt, krusete hår! 👋 Velkommen mjukt, skinnande sterkt hår!

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Endeleg Panterbalsam i stoooor krukke! 🌟

Endeleg Panterbalsam i stoooor krukke! 🌟

Jubel og hjerte frå symjetreningsleiren i dag, då eg fortalde at NO blir det 100 ml Panterbalsam å få! 🎉 Dobbel så stor, dobbel så mykje glede.
💛 Frå meg til deg: Glød utanpå – og innanfrå!

💛 Frå meg til deg: Glød utanpå – og innanfrå!

Kjære deg, Eg må berre dele noko som gjer meg ekstra stolt og glad i dag! For Tindved & Nesle til ansikt – min eigen favoritt til hud og hals – har no fått eit søsken: 👉 Tindvedtinktur!
Fine dagar med ferie og familie! ☀️

Fine dagar med ferie og familie! ☀️

Endeleg kunne eg ta nokre dagar ferie, og då måtte eg bort frå gard og grunn (elles blir det faktisk ikkje heilt fri!). Så i dag blir det kun eit kort glimt inn i vårt feriealbum, for eg skal altså...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring